Verdscupen i skiskyting 1984

Verdscupen i skiskyting 1984 tok til den 6. januar og vart avslutta 10. mars. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Falun i Sverige, Pontresina i Sveits, Ruhpolding i Vest-Tyskland, Oberhof (2) i Aust-Tyskland og Oslo i Noreg.

Frank-Peter Roetsch frå Aust-Tyskland gjekk til topps i turneringa, like framom vesttyske Peter Angerer. Norske Eirik Kvalfoss vart tredjemann. Angerer sigra i tre av tevlingane, Kvalfoss i to av dei.

IndividueltEndra

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Frank-Peter Roetsch   Aust-Tyskland 139 1
2 Peter Angerer   Vest-Tyskland 138 3
3 Eirik Kvalfoss   Noreg 134 2
4 Fritz Fischer   Vest-Tyskland 130 1
5 Ralf Göthel   Aust-Tyskland 122
6 Odd Lirhus   Noreg 110 1
7 Terje Krokstad   Noreg 107
8 Tapio Piipponen   Finland 95
9 Yvon Mougel   Frankrike 93
10 Jan Matouš   Tsjekkoslovakia 85
11 Rolf Storsveen   Noreg 85
12 Matthias Jacob   Aust-Tyskland 84
13 Algimantas Šalna   Sovjetunionen 84 1
14 Jurij Kasjkarov   Sovjetunionen 84 1
15 Holger Wick   Aust-Tyskland 84
16 Risto Punkka   Finland 83
17 Alfred Eder   Austerrike 76
18 Francois Mougel   Frankrike 67
19 Øivind Nerhagen   Noreg 67
20 Eric Claudon   Frankrike 63
21 Dmitrij Vasiljev   Sovjetunionen 62
22 André Sehmisch   Aust-Tyskland 59
23 Vladimir Velitsjkov   Bulgaria 53
24 Walter Pichler   Vest-Tyskland 49
25 Frank Ullrich   Aust-Tyskland 49

KjelderEndra

  • Sportsboken 84-85. Sportsboken As. Stavanger 1984.