Verka Serduchka

ukrainsk artist

Andrij Mykhajlovytsj Danylko (fødd 2. oktober 1973 i Poltava), betre kjend i rolla som Verka Serduchka, ei flamboyant middelaldrande kvinne, er ein ukrainsk komikar og underhaldingsartist. Artisten vart nummer to i Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfors med songen «Dancing Lasha Tumbai». Serduchka er ein populær karakter i Russland, men samstundes ein kontroversiell figur i heimlandet Ukraina.[1]

Verka Serduchka

Foto: Indrek Galetin
Fødd2. oktober 1973 (51 år)
FødestadPoltava
FødenamnАндрій Михайлович Данилко
AliasVerka Serduchka (ukrainsk Вєрка Сердючка, norsk transkripsjon Vjerka Serdjutsjka
OpphavUkraina
Aktiv1993–
Sjangerhumormusikk, disco, poprock, balkanpop, folkrock
Instrumentpiano, vokal, synthesizer, gitar
Stemmetypetenor
PlateselskapMamamusic
Verka somsongar, komikar, arrangementvert, låtskrivar, filmmusikkomponist, regissør, manusforfattar, humorist, skodespelar, programleiar, lyrikar, songtekstforfattar, imitator, plateartist
PrisarFolkets artist i Ukraina, Fortjenstutmerkelsen til ukrainske artister, 3. klasse av Ukrainas fortjenstorden, Den gylne grammofon (Russland)

Biografi

endre

Karriere

endre

Danylko har opptredd som figuren Verka Serduchka sidan tidleg i 1990-åra. Namnet på figuren vart funne opp av Danylko til den russiske humortevlinga KVN for studentar, der det tilfeldig valde namnet Verka vart sett saman med namnet til ein tidlegare klassekamerat, Anja Serduk.[1] I tillegg til sceneframsyningar innanfor dance- og popsjangeren, har Danylko også opptredd under hans ordentlege namn i fleire ambiente musikkomposisjonar. Hans popularitet er likevel bygd opp hovudsakleg gjennom figuren Verka Serduchka, og dei fleste av hans sceneframsyningar gjerast også som denne figuren. På slutten av 1990-talet og byrjinga av 2000-talet leia han talkshowet SV-Show («SV» er ei forkorting for russiske Спальный Вагон, Spalnyj Vagon, som betyr 'sovevogn') på russisk TV.[2]

Eurovision Song Contest

endre

Danylko vart, som Verka Serduchka, vald til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfors, Finland med songen «Dancing Lasha Tumbai» som til slutt enda på andreplass.

Ukraina var førehanskvalifisert til finalen på grunn av topp ti-plasseringa til deltakaren frå året før, Tina Karol. Teksta til songen «Dancing Lasha Tumbai» inneheld linjer på språka tysk, engelsk, ukrainsk og russisk.

Valet av Danylko som den ukrainske representanten i Eurovision Song Contest vart ikkje berre godt motteke i Ukraina, og ein av dei nasjonale radiostasjonane organiserte i februar ein protestaksjon for å vise deira misnøye med valet. Også medlemmar av det ukrainske parlamentet kritiserte deltakinga til Danylko, og omtalet henne som «grotesk og vulgær».

«Dancing Lasha Tumbai» nådde ein 28. plass på den offisielle britiske singellista 20. mai 2007, og vart med det fyrste ikkje-britiske ikke-vinnande Eurovision-deltakaren som entra lista sidan 1974.[3][4] På grunn av dette hadde Danylko ein kort opptreden over telefon i programmet The Graham Norton ShowBBC.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Verka Serduchka Biography, Discography, Chart History». Top40-Charts.com. Henta 11. mai 2019. 
  2. «Verka Serduchka | Biography & History». AllMusic (på engelsk). Henta 11. mai 2019. 
  3. «dancing lasha tumbai | full Official Chart History | Official Charts Company». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 11. mai 2019. 
  4. «Don't worry: Verka Serduchka continues her career». Eurovisionworld (på engelsk). 12. juli 2018. Henta 3. oktober 2021.