John Van Hamersveld

John Van Hamersveld (fødd i 1941) er ein USA-amerikansk biletkunstnar og illustratør, som designa plateomslag for popband og psykedeliske band sidan 1960-åra.[1][2] Blant dei 300 albuma[3] er omslaget til Magical Mystery Tour av The Beatles, Crown of Creation av Jefferson Airplane, Exile on Main Street av The Rolling Stones, og Hotter Than Hell av Kiss.[4] Hans første store oppdrag, i 1963, var å designa plakaten til surfefilmen The Endless Summer, og deretter var han designsjef for Capitol Records frå 1965 til 1968. I løpet av denne perioden jobba han med illustrasjonane til albuma til Capitol-artistar som Beatles og The Beach Boys.[5] Han var òg ansvarleg for utforminga av dei psykedeliske plakatane til utstillinga Pinnacle Shrine.[6]

John Van Hamersveld
Statsborgarskap USA
Fødd 1941 (83 år)
Baltimore
Yrke teiknar, illustratør, grafikar

Plateomslag

endre

Blant plateomslaga han har designa finn ein:

Kjelder

endre
  1. Feature article in Art Center College Magazine
  2. «'Endless Summer' poster guy makes digital waves» Arkivert 2009-06-03 ved Wayback Machine., by Tom Berg, The Orange County Register, 14. januar 2009. Henta 18. juni 2009.
  3. Kubernik, Harvey (2014). It Was Fifty Years Ago Today: The Beatles Invade America and Hollywood. Los Angeles, CA: Otherworld Cottage Industries. s. 127. ISBN 978-0-9898936-8-8. 
  4. Feature-artikkel i Art Center College Magazine
  5. Kubernik 2014, s. 127.
  6. Kubernik 2014, s. 129.

Bakgrunnsstoff

endre