Vortesvin

pattedyrart
Vortesvin
Vortesvinhann
Vortesvinhann
Vortesvinhoe
Vortesvinhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Vortesvin
Utbreiinga av Vortesvin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Svin Suidae
Slekt: Phacochoerus
Art: Vortesvin P. africanus
Vitskapleg namn
Phacochoerus africanus

Vortesvin (Phacochoerus africanus) er ein art i svinefamilien som høyrer heime i Afrika og finst frå Mauritania til Etiopia, sør til Namibia og det austre Sør-Afrika. Dette vortesvinet er òg kjent som nordleg vortesvin, sidan det òg har ein meir sørleg slektning; ørkenvortesvinet (P. aethiopicus).

Vortesvin har ein nær sylindrisk kropp med eit særs stort hovud med ansiktsvorter som er mest iaugefallande hjå hannane. Dei har støyttenner og også nokre velutvikla hjørnetenner i underkjeven. Kroppslengda er på 110-135 cm, skulderhøgda ca. 70 cm, halen 40 cm, vekta 40-110 kg. Dei held gjerne halen rett opp når dei går.

Film av beitande vortesvin i Tanzania
Vortesvin

Vortesvinet trivst på både open og plantedekt savanne, grasdekte steppar og i halvørken. Rundt Kilimanjaro finn ein arten i høgder på opp mot 3 000 moh.

UnderartarEndra

  • P. africanus (vortesvin)
    • P. a aeliani (eritreisk vortesvin)
    • P. a africanus (nordleg vortesvin])
    • P. a massaicus (sentralafrikansk vortesvin)
    • P. a sundevallii (sørleg vortesvin)

KjelderEndra