Wär Gott nicht mit uns diese Zeit
Wär Gott nicht mit uns diese Zeit, BWV 14, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 14 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1734-1735 | ||
Urframføring | 30. januar 1735 | ||
Publiseringsdato | 1852 | ||
Typisk lengd | 16:51 |
Han vart komponert i Leipzig i 1735 for den fjerde søndagen etter trettande dag jul, som kom på 30. januar dette året, datoen då verket vart framført første gong.
Teksten er frå salmen av Martin Luther med same namn, publisert i Walters Gesangbuch frå 1525, som igjen er ei omskriving av Salme 124. Sats 1 og 5 er det første og siste verset i salmen til Luther, medan det er ukjend kven som har skrive vers 2-4.
Det homonyme koraltemaet er av ukjend opphav, men vart nytta av Luther i salmen hans i 1525 og har dukka opp i fleire salmar sidan den gong.
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for valthorn da caccia, oboar I/II, fiolinar I/II, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, tenor, bass) og firedelt kor. Det består av fem satsar:
- (Koral): «Wär Gott nicht mit uns diese Zeit» for kor og instrumental tutti.
- Arie: «Unsre Stärke heißt zu schwach» for sopran, valthorn da caccia, strykarar og continuo.
- Resitativ: «Ja, hätt es Gott nur zugegeben» for tenor og continuo.
- Arie: «Gott, bei deinem starken Schützen» for bass, oboar og continuo.
- Koral: «Gott Lob und Dank, der nicht zugab» for koral og instrumental tutti colle parti.
Tekst
endre
1. (Coro) |
2. Arie (sopran)
|
3. Recitativo (tenor) |
4. Arie (bass) |
5. Choral |
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wär Gott nicht mit uns diese Zeit, BWV 14» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Craig Smith, Programme notes - BWV 14[daud lenkje], Emmanuel Music.
- Walter F. Bischof, Text og orchestration for BWV 14, Bach-kantater, University of Alberta.
- Alfred Dürr: Johann Sebastian Bach: Die Kantaten. Bärenreiter, Kassel 1999, ISBN 3-7618-1476-3
- Alfred Dürr: The Cantatas of J.S. Bach, Oxford University Press, 2006. ISBN 0-19-929776-2
- Werner Neumann: Handbuch der Kantaten J.S.Bachs, 1947, 5th Ed. 1984, ISBN 3-7651-0054-4
- Hans-Joachim Schulze: Die Bach-Kantaten: Einführungen zu sämtlichen Kantaten Johann Sebastian Bachs. Leipzig: Evangelische Verlags-Anstalt; Stuttgart: Carus-Verlag 2006 (Edition Bach-Archiv Leipzig) ISBN 3-374-02390-8 (Evang. Verl.-Anst.), ISBN 3-89948-073-2 (Carus-Verl.)
- Christoph Wolff/Ton Koopman: Die Welt der Bach-Kantaten Verlag J.B. Metzler, Stuttgart, Weimar 2006 ISBN 978-3-476-02127-4
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 14 på bach-cantatas.com
- Kommentarar om verket på bach-cantatas.com