Was mein Gott will, das g'scheh allzeit
Was mein Gott will, das g'scheh allzeit, BWV 111, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 111 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1725 | ||
Urframføring | 21. januar 1725 21. januar 1725 | ||
Publiseringsdato | 1876 | ||
Typisk lengd | 19:06 | ||
Satsar/akter | seks |
Han vart komponert i Leipzig i 1725 for tredje sundag etter trettande dag jul, som dette året var den 21. januar.
Teksten er skriven av markgreve Albrecht von Brandenburg (sats 1, 6) og ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaet er basert på salmen «Was mein Gott will, das g’scheh allzeit». Melodien vart komponert av Claudin de Sermisy (ca. 1495-1562), som var ein kjend fransk komponist i heimlandet av både verdsleg og kyrkjeleg musikk. Denne melodien var frå den verdslege songen «Trente et quatre chansons…» trykt av Pierre Attaingnant i 1528.
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av seks satsar:
- «Was mein Gott will, das g'scheh allzeit», Koral
- «Entsetze dich, mein Herze, nicht», Arie for bass
- «O Törichter! der sich von Gott entzieht», Resitativ for alt
- «So geh ich beherzten Schritten», Duett for alt & tenor
- «Drum wenn der Tod zuletzt den Geist», Resitativ for sopran
- «Noch eins, Herr, will ich bitten dich», Koral
Kjelder
endre- «Was mein Gott will, das g'scheh allzeit». Bach-kantater. Henta 12. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 111 på bach-cantatas.com