Watch That Man
Watch That Man Song av David Bowie frå albumet Aladdin Sane | ||
Utgjeve | 13. april 1973 | |
Innspelt | Trident Studios, London ca. 20-25 januar 1973. | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 4:25 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | Ken Scott, David Bowie |
«Watch That Man» er ein song skriven av David Bowie og opningssporet på albumet Aladdin Sane frå 1973. Stilen vert ofte samanlikna med The Rolling Stones-albumet Exile on Main Street,[1][2][3] og har vore omdiskutert på grunn av miksen, der vokalen til Bowie er drukna i instrumnta.[1][4]
Produksjon
endreNME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray trekkjer fram «Watch That Man» som hovuddømet på ei samling songar på Aladdin Sane som vart «skriven for raskt, spelt inn for raskt og miksa for raskt». Dei meinte at songen «ikkje høyrdest ferdig miksa ut».[1] Medprodusent Ken Scott forsvarte derimot miksen i 1999 og sa at det heile var nøye gjennomtenkt:[4]
« | 'Watch That Man' var ein Stones-liknande sak med vokal nytta som eit instrument i staden for eit soloinstrument. Når me skulle mikse songen, for å få krafta ut av han, skrudde eg opp alt, så gjorde at me mista litt av vokalen. Så eg miksa han slik eg følte det. Då me leverte lydbanda for albumet, høyrde eg frå MainMan, 'Flott, men kan me få ein ny miks av «Watch That Man» med vokalen meir framme, så me kan høyre meir av David?' Så eg sa, 'Greit', og gjorde ein miks med David meir framme. Problemet var at med vokalen meir framme, måtte dei andre instrumenta ned. Så, eit par veker seinare, fekk eg ein telefon frå RCA og dei sa 'Du hadde rett, me går for originalen.' | » |
Musikk og tekst
endreShaky threw a party that lasted all night
Everybody drank a lot of something nice
I følgje forfattar Nicholas Pegg kan «Watch That Man» reknast som «ein av dei mest kalkulerte retningsendringane til Bowie», til ein meir more Stones-inspirert skitten rockestil. Bowie sjølv indikerte det året songen kom ut at det var minna hans om starten på den dop-drivne amerikanske turneen seint i 1972.[2] Rolling Stone kalla han «uforlikneleg Stones, Exile-årgang. Mick Ronson spelar Chuck Berry-riff via Keith Richards, Garson spelar som Nicky Hopkins, Bowie uttaler linjene sine utydeleg og dei kvinnelege korsongarane og blåsarane lagar høvande lydar»[3]
Lester Bangs, som hadde kalla Bowie «den stakkarslege stråmannen av 'suck rock' du elskar å hate så mykje», innrømde i den same artikkelen i Creem i desember 1973, at Bowie hadde overgått Rolling Stones med «Watch That Man», der Bowie brukar deira eigen stil.[5]
Songen vart skriven i slutten av september 1972, medan Bowie hadde ein pause i New York, før han heldt fram den amerikanske turneen sin. Songen reflekterer den nye kjendisstatusen Bowie nytte medan han var i byen, og handlar om ein kjendisfest der det meste av «spelet» vert sett av dei rette folka. «No one took their eyes off Lorraine/she shimmered and she strolled like a Chicago moll», syng Bowie, og refererer truleg til Cyrinda Foxe, som òg er tema i «The Jean Genie».[5] Det er ein typisk rock and roll-partysong. Musikken er høg, sjampanjekorkane fyk og kokainspeglane ligg på bordet, medan ei gruppe fulle personar står i eit hjørne av rommet. Songaren forstår at det er nokon som er hippare enn han i rommet, og «mannen» det er snakk om i tittelen («Sjå på den mannen») gjer Bowie uroleg. Til slutt flyktar Bowie frå festen og går nedover gata. Songen endar med at Bowie mistar andlet.[5]
Konsertversjonar
endre- Eit konsertopptak vart gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture frå farvelkonserten til Ziggy Stardust ved Hammersmith Odeon i London, den 3. juli 1973.
- Eit konsertopptak frå 1974 vart gjeven ut på David Live. Denne versjonen finst òg på Sound and Vision-boksen og på albumet Rock Concert.
Andre utgjevingar
endre- Songen vart gjeven ut som B-side til den italienske utgåva av singelen «Let's Spend the Night Together» i juni 1973.
- Han finst på den japanske samleplata The Best of David Bowie frå 1974.
Andre versjonar
endreLulu spelte inn songen i 1973, som B-side til singelen «The Man Who Sold the World», ein annan Bowie-song, den 11. januar 1974. Bandet bestod av Bowie på gitar, saksofon og korvokal, Mick Ronson på gitar, Trevor Bolder på bass, Mike Garson på piano, og Aynsley Dunbar på trommer. Songen vart produsert av Bowie og Ronson, og har vorte skildra for å ha «ein miks og ein korvokal som lett overgår originalen».[6] Denne versjonen vart òg gjeven ut på albuma From Crayons to Perfume, Heaven and Earth and the Stars og David Bowie Songbook (med forskjellige artistar).
I nyare tid har indiebandet Fur Ones spelt songen på hyllestalbumet Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie (2003).
Medverkande
endre- David Bowie – vokal, gitar
- Mick Ronson – elektrisk gitar
- Trevor Bolder – bassgitar
- Mick «Woody» Woodmansey – trommer
- Mike Garson – piano
- Ken Fordham – saksofon
- Linda Lewis – korvokal
- G.A. MacCormack – korvokal
- Juanita «Honey» Franklin – korvokal
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Watch That Man» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.54
- ↑ 2,0 2,1 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.232
- ↑ 3,0 3,1 Ben Gerson (19 July 1973). «Aladdin Sane». Rolling Stone (Rolling Stone). Arkivert frå originalen 14. oktober 2007. Henta 3. mai 2011.
- ↑ 4,0 4,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.188
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Chris O’Leary. «Watch That Man». Pushing Ahead of the Dame. Henta 2. februar 2016.
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Op Cit: s.118