Wenche Frogn Sellæg
Wenche Frogn Sellæg (fødd 12. august 1937) i Oslo er ein norsk lege og tidlegare politikar for Høgre. Ho var innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag frå 1985 til 1993. Ho var statsråd og sjef for tre departement:
- Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Kåre Willoch si regjering i perioden 14. oktober 1981 til 8. juni 1983, då regjeringa blei utvida med statsrådar frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.
- Justis- og politidepartementet (justisminister) også i Kåre Willoch si regjering, i perioden 4. oktober 1985 til regjeringa gjekk av 9. mai 1986.
- Sosialdepartementet (sosialminister) i Jan P. Syse si regjering frå 16. oktober 1989 til 3. november 1990.
Wenche Frogn Sellæg | |||
| |||
Fødd | 12. august 1937 (87 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, intremedisinar, skribent, handballspelar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
|
Wenche Frogn Sellæg var første nestleiar i Høgre i perioden 1988–1990. Ho har hatt ei rekkje andre offentlege og organisatoriske verv.
Bakgrunn
endreSellæg blei fødd i Oslo, men har budd det meste av livet i Overhalla og Namsos i Nord-Trøndelag. Ho tok examen artium i 1957, og blei cand.med. frå Universitetet i Oslo i 1963. Ho har Diploma of Tropical Medicine & Hygiene frå University of London frå 1971. Ho har vore spesialist i indremedisin sidan 1971, har teke etterutdanning i gastroenterologi 1977–1980, og er spesialist i geriatri frå 1991. Ho blei bachelor i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen i 2005, og er Mastergradsstudent i kunsthistorie same stad frå 2007.
Sellæg var turnuskandidat i Molde i 1964, distriktslege i Værøy og Røst i 1965, assistentlege ved Ullevål sykehus 1966–1968, reservelege ved Drammen sykehus 1968–1971, og misjonslege i Bhutan i 1972. Ho var tilsett ved Sykehuset Namsos (tidlegare Namdal sykehus) det meste av tida etter, bortsett fåa eit opphald som assistenlege ved Rikshospitalet 1983–1984: Reservelege 1973–1975, assisterande overlege 1975–1983, overlege ved medisinsk avdeling 1993–1999, avdelingsoverlege ved medisinsk avdeling 1999–2000, og seksjonsoverlege 2000–2002. Ho var i 60 % stilling som konsulent i geriatri 2002–2007. Ho har vore ønskt som styreleiar i Helse Nord-Trøndelag, men har ikkje ønskt dette vervet.[1]
Politisk karriere
endreSellæg var formann i Namsos Høgre 1974–1975, og organisatorisk nestformann i Nord-Trøndelag Høgre 1978–1980. Ho var kommunestyremedlem i Overhalla 1979–1983 og 1991–199]. Ho var medlem i Høgre sitt utval for kyrkje og stat 1980–1981, medlem i Høgre sin programkomité 1987–1989, og formann i Høgre sin valkomité 1992–1994. Ho var medlem i Høgre sitt arbeidsutval 1982–1990, der ho var 1. (politisk) nestleiar 1988–1990.
Sellæg var 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag i Stortingsperioden 1981-1985. Ho var fast representant på i periodane 1985-1989 og 1989-1993.
Stortingskomitear
endre- 1986–1987 medlem i Kyrkje- og undervisingskomiteen
- 1987–1989 medlem i Finanskomiteen
- 1990–1993 nestleiar i Justiskomiteen
Fotnotar
endre- ↑ «Frogn Sellæg uaktuell». Trønder-Avisa/webavisen.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Wenche Frogn Sellæg hos Stortinget.no