Wer weiß, wie nahe mir mein Ende
Wer weiß, wie nahe mir mein Ende?, BWV 27, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 27 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1726 | ||
Urframføring | 6. oktober 1726 26. oktober 1726 | ||
Publiseringsdato | 1855 | ||
Typisk lengd | 15:56 | ||
Tekst av | Ämilie Juliane von Schwarzburg-Rudolstadt (1. sats), Johann Georg Albinus (2. sats), resten ukjend |
Han vart komponert i Leipzig i 1726 for den sekstande sundagen etter treeiningssundag, som dette året fall på den 6. oktober. Stykket vart framført første gong denne dagen.
Det er fleire som har skrive teksten. Ämilie Juliane von Schwarzburg-Rudolstadt har skrive teksten for første sats, Johann Georg Albinus for den siste koralen[1], medan resten er av ukjend opphav.
Koraltemaet Wer nur den lieben Gott läßt walten (Zahn 2778) vart først nedskriven av Georg Neumark i Jena, men melodien kan sporast tilbake til Kiel i 1641.
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for valthorn, oboar I/II/III, obo da caccia, orgelo obbligato, fiolinar I/II, bratsj og basso continuo, i lag med fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor. Det består av seks satsar:
- (Koral & resitativ): «Wer weiß, wie nahe mir mein Ende?» for kor, soloistar, valthorn, oboar, strykarar og continuo.
- Resitativ: «Mein Leben hat kein ander Ziel» for tenor og continuo.
- Arie: «Willkommen!» for alt, obo da caccia, orgelo obbligato og continuo.
- Resitativ: «Ach, wer doch schon im Himmel wär!» for sopran, strykarar og continuo.
- Arie: «Gute Nacht, du Weltgetümmel!» for strykarar og continuo.
- Koral: «Welt, ade! ich bin dein müde» for valthorn, oboar, strykarar og continuo colle parti.
Tekst
endre
1. (Choral e Recitativi) |
2. Resitativ (tenor) |
3. Arie (alt)
|
4. Resitativ (sopran) |
5. Arie (basstemme)
|
6. Koral |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wer weiß, wie nahe mir mein Ende? BWV 27» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Craig Smith, Programme notes - BWV 27[daud lenkje], Emmanuel Music.
- Walter F. Bischof, Tekst og orchestration for BWV 27, Bach-kantater, University of Alberta.
- Alfred Dürr: Johann Sebastian Bach: Die Kantaten. Bärenreiter, Kassel 1999, ISBN 3-7618-1476-3
- Alfred Dürr: The Cantatas of J.S. Bach, Oxford University Press, 2006. ISBN 0-19-929776-2
- Werner Neumann: Handbuch der Kantaten J.S.Bachs, 1947, 5th Ed. 1984, ISBN 3-7651-0054-4
- Hans-Joachim Schulze: Die Bach-Kantaten: Einführungen zu sämtlichen Kantaten Johann Sebastian Bachs. Leipzig: Evangelische Verlags-Anstalt; Stuttgart: Carus-Verlag 2006 (Edition Bach-Archiv Leipzig) ISBN 3-374-02390-8 (Evang. Verl.-Anst.), ISBN 3-89948-073-2 (Carus-Verl.)
- Christoph Wolff/Ton Koopman: Die Welt der Bach-Kantaten Verlag J.B. Metzler, Stuttgart, Weimar 2006 ISBN 978-3-476-02127-4
- ↑ C. S. Terry og D. Litti, Bach's Cantata Libretti, Journal of the Royal Musical Association 1917 44(1):71-125; doi:10.1093/jrma/44.1.71
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 27 på bach-cantatas.com
- Kommentarar om verket på bach-cantatas.com