Rhodium
Rhodium er eit grunnstoff med kjemisk symbol Rh og atomnummer 45. Det er eit transisjonsmetall.
Særskilde eigenskaparEndra
Rhodium er motstandsdyktig mot korrosjon og ekstremt reflekterande.
Rhodium vert rekna som eit edelmetall og vert omsett på verdas råvaremarknadar saman med gull, sølv, platina og palladium til prisar litt over fem gonger prisen på gull (feb. 2006). Sør-Afrika produserer om lag 60 % av verdas forsyningar med Russland på andreplass.
BrukEndra
Rhodium kan brukast i legeringar, og vert nytta i elektriske kontaktar og turbinmotorar på fly.
Metallet vert brukt i smykker og dekorasjonar. Det blir nytta på kvitt gull og platina for å gi ei skinande kvit overflate.
Rhodium er ein nyttig katalysator i ein del industrielle prosessar.
Stoffet vert brukt ved framstilling av salpetersyre og ved hydrogenering av organiske sambindingar. Saman med platina og palladium vert det nytta i bilkatalysatorar.
HistorieEndra
Rhodium vart oppdaga av William Hyde Wollaston i 1803.
KjemiEndra
Rhodium reagerer ikkje med oksygenet i lufta, sjølv ikkje når det vert varma opp.
Metallet toler syrer godt, men fint oppdelt metall kan løysast i svovelsyre.
IsotoparEndra
TryggleikEndra
Rhodiumsambindingar er giftige.