Koordinatar: 58°21′5″N 7°22′28″E

Ytre Øydnavatnet er eit vatn som ligg i Audnedal kommune i Vest-Agder fylke. Sjøen munnar ut i elva Audna, og næraste tettstad er Konsmo.

Ytre Øydnavatnet
innsjø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Kommune Audnedal
Høgd over havet 96 moh
Areal 3,22 km²
Kystlengd1 17,50 km
Koordinatar 58°21′5″N 7°22′28″E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

TopografiEndra

Sjøen er i underkant av ei mil lang, og ligg i ei naturleg rivne i landskapet. Landskapet omkring er fleire stader bratt. Ein fjellvegg ved sjøen stig til om lag 140 meters høgd og held fram tilsvarande bratt under vassoverflata. Enkelte stader er vatnet derfor djupt. Botnforholda er kvit sand som mange stader er dekket av gjørme.

Dyre- og plantelivEndra

Det er særs mykje småaure i sjøen, som lett lèt seg fiske med båt og slepesnøre. Det er oppfordra til å fiske i sjøen for å redusere bestanden av småaure. For øvrig er det ål i sjøen. Inntil om lag 1950-talet var det òg åbor i sjøen. Bever held til omkring sjøen og bygger beverhytter særleg på vestsida og langs elva Audna. Det held til rovfuglar som ørn omkring sjøen, og stundom kan ein sjå desse på jakt etter fisk. Ofte kan ein sjå ørn sirkle over sjøen i stor høgd. Langs vestsida av sjøen er det små område med gammal eikeskog som truleg ikkje vart hogd på grunn av at dei er vanskeleg tilgjengeleg. Det er mykje furu på vestsida av sjøen, med innslag av lind og svartor. På austsida er det hovudsakleg granskog.

VinterstidEndra

Det kan falle store snømengder ved vatnet, som er isdekka i vintermånadane.

RekreasjonEndra

Omkring vatnet er det mange stader fine kvite sandstrender som gjev gode høve for å bade. Enkelte strender kan ein i praksis berre kome til ved bruk av båt. Det er ein offentleg opparbeidd og populær badestrand om lag midt på sjøen, med stor sandstrand, grillplassar, sandvolleyballbane, vasskihopp, toalett og kommunal renovasjon. Området vart rehabilitert i 2007. Det er noko bruk av motorbåt på sjøen, i tillegg til robåt og kano.

KommunikasjonEndra

Riksveg 460 går langs hele austsida av sjøen. Audnedal stasjon ligg om lag 1 kilometer frå sørenden av sjøen.

BusetnaderEndra

Det er spreidd busetnad ved riksveg 460 langs den nordlege halvdelen av sjøen. Inntil 1970-talet var det to matbutikkar langs sjøen: den eine i nordenden av sjøen, og den andre om lag midt på sjøen ved Ågedalsstøi.

Det vart etablert et hytteområde ved sjøen ved Ågedalsstøi i 1972. Bygginga av Åsen bustadfelt starta overfor hytteområdet i 2004. I sørenden av sjøen ligg det eit sagbruk.