Zangidane
Zangidane (arabisk: زنكيون; Zankiyyūn; farsi: دودمان زنگیان; Dūdmān Zangyān; moderne tyrkisk: Zengiler, også Zangid-dynastiet) var eit muslimsk tyrkisk dynasti som herska over delar av dagens Syria og det nordlege Irak for seldsjukkane. Dynastiet vart grunnlagt av Imām ad-Dīn Zankī (tyrkisk İmadeddin Zengi), som vart atabeg (guvernør) for seldsjukkane i al-Mawṣil i 1127. Han vart raskt den viktigaste mannen til tyrkarane i Nord-Syria og Irak, og i 1128 tok han Ḥalab frå artukidane. I 1144 erobra han grevskapet Edessa frå krossfararane, som gjorde Zangi til ein helt i den muslimske verda. Berre to år seinare, i 1146, vart han myrda av ein slave.
زنكيون Zankiyyūn Zangide-dynastiet | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Zangide-dynastiet på det mektigaste | ||||
Hovudstad | Aleppo | |||
Språk | Oghuz-tyrkisk Arabisk | |||
Religion | Sunniislam | |||
Styreform | Emirat | |||
President | ||||
- 1127–1146 | Imad ad-Din Zengi I (første) | |||
- 1241–1250 | Mahmud Al-Malik Al-Zahir (last reported) | |||
Historie | ||||
- Oppretta | 1127 | |||
- Opphøyrde | 1250 | |||
Valuta | Dinar | |||
I dag ein del av | Syria, Irak, Iran, Tyrkia, Saudi-Arabia, Jordan |
Etter Zangi døydde vart området hans delt, og den eldste sonen hans Sayf ad-Dun Ghazi I overtok styret over al-Mawṣil medan Ḥalab og Edessa vart overteke av den andre sonen hans, Nur ad-Din Zangi, som viste seg å vere like dugeleg som faren. I 1149 sigra han over Raymond av Poitiers, prinsen av Antiokia, i slaget ved Inab, og det følgjande året erobra han restane av grevskapet Edessa vest for Eufrat. I 1154 fullførte han desse erobringane ved å innta Dimašq, som då vart styrte av burid-amirane.
Nur ad-Din herska no frå Dimašq, og han heldt fram å ha militær suksess. Endå ein fyrste av Antiokia, Reynald av Châtillon, vart fanga, og områda til Fyrstedømet Antiokia vart kraftig forminska. På 1160-talet tok kampen til Amalrik I av Jerusalem mot Fatimidkalifatet i Egypt over merksemda til Nur ad-Din. I 1169 klarte generalen til Nur ad-Din, Shirkuh å erobre Egypt, men nevøen til Shirkuh nevø og etterfølgjaren som guvernør i Egypt, Ṣalāḥ ad-Dīn, nekta å bli kontrollert av Nur ad-Din.
Nur ad-Din førebudde seg på å invadere Egypt for å få Ṣalāḥ ad-Dīn til å underkaste seg kontrollen hans, men han døydde uventa i 1174. Sonen hans og etterfølgjaren As-Saliḥ Isma'il al-Malik var då berre eit barn, og vart same år tvinga til å flykte til Ḥalab, som han herska over fram til 1181, då han vart myrda og erstatta av slektningen sin, atabegen av al-Mawṣil. To år seinare erobra Ṣalāḥ ad-Dīn Ḥalab, noko som vart slutten på styret til zangidane i Syria.
Zangidherskarar heldt fram å styre i Nord-Irak fram til den mongolske invasjonen på 1200-talet; til 1234 i al-Mawṣil og til 1250 i al-Ǧazira, noko som vart den endelege slutten på zangide-styret.
Zangidherskarar
endre- Imad ad-Din Zangi I 1127-1146
- Sayf ad-Din Ghazi I 1146-1149
- Qutb ad-Din Mawdud 1149-1170
- Sayf ad-Din Ghazi II 1170-1180
- Izz ad-Din Mas'ud 1180-1193
- Nur ad-Din Arslan Shah I 1193-1211
- Izz ad-Din Mas'ud II 1211-1218
- Nur ad-Din Arslan Shah II 1218-1219
- Nasir ad-Din Maḥmud 1219-1234
- Badr al-Din Lu'lu 1234-1259
- Imad ad-Din Zangi I 1128-1146
- Nur ad-Din Maḥmud 1146-1174
- As-Salih Ismail al-Malik 1174-1181
- Imad ad-Din Zengi II 1181-1183
- Nur ad-Din Maḥmud 1154-1174
- As-Saliḥ Isma'il al-Malik 1174
- Imad ad-Din Zengi II 1171-1197
- Qutb ad-Din Muhammad 1197-1219
- Imad ad-Din Shahanshah 1219-1220
- Jalal ad-Din Maḥmud 1219-1220
- Fath ad-Din Umar 1219-1220
- Mu'izz ad-Din Sanjar Shah 1180-1208
- Mu'izz ad-Din Maḥmud 1208-1241
- Maḥmud al-Malik az-Zahir 1241-1250
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zangidene» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2014.