Kvitstrupesporv

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Zonotrichia albicollis)
Kvitstrupesporv
Kvitstrupesporv Foto: Simon Pierre Barrette
Kvitstrupesporv
Foto: Simon Pierre Barrette
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig██ Hekkeområde██ Både hekking og overvintring██ Overvintring
██ Hekkeområde██ Både hekking og overvintring██ Overvintring
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Slekt: Zonotrichia
Art: Kvitstrupesporv Z. albicollis
Vitskapleg namn
Zonotrichia albicollis

Kvitstrupesporv (Zonotrichia albicollis) er ein trekkfugl i amerikasporvfamilien som hekkar i Canada og nordaustlegaste USA og overvintrar i USA.

Arten er monotypisk, utan underartar, men det finst to fargevariantar: Ein «brunbryna» med ei brei brungul augebrynstripe og ein «kvitbryna» variant.

Skildring endre

Denne arten er ein mellomstor medlem av amerikasporvfamilien, 15-17 centimeter i kroppslengd. Hovudet til den «kvitbryna» fargevarianten liknar kvitkronesporv med eit kvitt isseband frå nebb mot bakhovud, omkrinsa av svarte striper, eit kvitt felt mellom denne og ei svart augestripe som går mot nakken. Til skilnad frå kvitkronesporven har han eit kraftig farga gult område mellom nebb og auge. Han har òg kvit strupe mot gråe kinn og grått bryst. Unge fuglar og delar av den vaksne populasjonen er «brunbryna». Omtrent halve populasjonen er av denne varianten.[1][2]

Hekkinga skjer i blandingsskog eller i open barskog. Ein kan finne hekkande kvitstrupesporvar langs vegkantar og i høgda opptil 3500 moh. Hekkeområdet er i provinsane av Canada frå vest til aust, i søraustlege Yukon. I USA inn i statane rundt Dei store sjøane som Minnesota, Wisconsin, Michigan, og austover lengst nord mot atlanterhavskysten. Overvintring skjer i søraustlegaste statane og langs stillehavskysten. Der er òg kvitstrupesporvar vinterstid inn i ekstremt nordlegaste Mexico.[1]

Desse fuglane beitar på eller nær bakken. Om sommaren etter insekt og andre leddyr, om vinteren etter frø og bær. Om våren gjerne knoppar av eik. Dei kan beite einskildvis, i par eller dei kan vere med i store fleirartsflokkar utanom hekkesesongen.[1]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Han er vanleg i utbreiingsområdet og klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Spontant i Noreg

Eit individ av arten er registrert i Orkdal kommune i Trøndelag sommaren 2002, ein annan kvitstrupesporv heldt seg på Røst i Nordland gjennom sommaren 2003.[4]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Rising, J. (2019) White-throated Sparrow (Zonotrichia albicollis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 21. september 2019
  2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Zonotrichia albicollis Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. september 2019
  4. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 21. september 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kvitstrupesporv