Øre

valutaeining
(Omdirigert frå Öre)
For høyreorganet, sjå øyre.

Øre er ei valutaeining i Noreg, Sverige, Danmark og på Færøyane som svarar til ein hundredel av ei krone. På Island heiter tilsvarande valutaeining eyrir (pluralis aurar), som er ein hundredel króna.

1 Öre, Sverige 1873
Svensk 5-öresmynt.

Termen øre kjem frå mynten aureus (’gull’) som var nytta i Romarriket, og var verd 25 sølvdinarar.

Historisk myntrekning i Sverige endre

I mellomalderen[1] var mynteiningane i Sverige øre, mark og penningar. Ein mark var då verd åtte øre. Kor mange penningar som gjekk på kvart øre varierte sidan Svealand, Götaland og Linköpings stift (inklusive Öland og Gotland) hadde ulik myntrekning. I Svealand var kvar øre 24 penningar. I Götaland var ein øre vert 48 penningar og 36 i Linköpings stift. Ein øre var alltid 3 ørtugar.

Den første einøren som mynt vart slått i 1522 av kong Gustav Vasa. Einøringen var då ein sølvmynt og vart tilverka i Uppsala og Arboga i Sverige. Den vart òg prega i Åbo (1523–1524), Stockholm (1523, 1528–1530) og Västerås (1528–1530) Den første toøringen som mynt vart slått i1536 av Gustav Vasa noko som held fram han dør. I 1543 starta ein tilverkinga av valøren 2 mark/16 øre. Same året vart det òg tilverka klippingar i valøren 15 øre, 12 øre, 4 øre og 2 øre i Svartsjö. I Åbo 1556–1557 vart valørane 16 øre, 8 øre, 4 öre og 2 øre tilverka.

Erik XIV introduserte valøren 1/2 øre i 1561 og Johan III valøren 4 øre i 1575. Samtlege øresvalørar vart slått i Stockholm utanom hertug Karls 4 øre 1587 som, vart slått i Nyköping. Mynt med valøren øre vart òg slått i Göteborg 1609–1611, 1625–1627, 1635–1636, i Kalmar 1623–1627 og i Norrköping 1626. Dessutan slo hertig Johan av Östergötland (Johan III:s son) 1617 ein øresmynt i Söderköping.

Under Gustav II Adolf vart det i 1624 starta eit forsøk å slå halvøresmynt av koppar i Säter i Dalarna. Det vart snart permanent og ein gjorde klippingar i Säter og Nyköping i valørane 2, 1, 1/2 og 1/4 (fyrk) øre. I 1626 tok ein til å nytte valseverk og Arboga kjem til som pregingsstad. Frå 1627 pregar ein berre valseverkspraga rundmynt for 1, 1/2 og 1/4 (fyrk) øre. Dronning Kristina held fram kopparörane med valørane 1 (frå 1638) og 1/4 øre. Parallelt med kopparutmyntinga vart det òg slått 1 øre i sølv i Stockholm. Under Gustav II Adolf og Kristina vart det særs sjeldan slått øresmynt av koppar og sølv i det same året.

I 1644 vart kopparmyntningen flytt til Arboga og i ettertid vart all øresmynt i koppar slått der (unntatt 1 øre KM 1719–1720, 1 øre SM 1737, 1/2 øre SM 1720–1721 og 1 øre KM 1720–1721, 1724–1726 i tillegg til 1750 som vart prega i Stockholm). Karl X Gustav heldt fram å prega 1/4 øre i koppar i Arboga og 1 øre i sølv i Stockholm. Under Karl X Gustav og Karl XI auka øresutmyntinga i sølv og vart gjord parallelt med kopparutmyntinga.

Etterkvart som kopparmynten vart vanlegare, minska verdien. I starten var 1 øre SM (silvermynt) lik med 2 øre KM (kopparmynt), men snart vart den 2 1/2 øre KM og 1664 3 øre KM. Frå 1661 sette ein alltid ut på kopparmynten om det vart rekna i silvermynt (SM) eller kopparmynt (KM). Under Karl XIs første år fins det ei mengd ulike kopparmynt; 2 1/2 øre KM 1661, 2 øre KM 1661–1665, 1 øre KM 1661–1664 og 1/2 øre KM 1661–1664. Frå 1666 vart dett slått ytterlegare ein ny valør, 1/6 øre SM, og frå 1669 1 øre SM. Alle desse vart slått i Avesta. I 1686 blir det slutt på all øresutmynting i koppar for ei tid. Samstundes med kopparmynten blir det slått øresmynt i sølv i Stockholm, først og fremst 1 øre og 4 øre, men i åra 1664–1669 og 1675–1676 (i Landskrona) også 2 øre. I 1684 blir det slutt på utmyntinga av 4 øre og 5 øre blir slått frå 1690. I 1665 blir det siste halvøre prega.

Under Karl XII vart øresmynt i koppar slått sporadisk, 1 øre SM berre i 1715 og 1/6 øre SM i 1701–1708, 1715, 1716 og 1718. Øresmynt i sølv blir det slått desto meir av, 1 øre og 5 øre. I 1715 blir det slutt på utmyntinga av 5 øre, 4 øre og 2 øre blir slått frå 1716. Under Ulrika Eleonora si korte regjeringstid blir det slått to øresvalører i sølv, 5 øre 1719 og 1 øre 1720. I Stockholm blir det slått kopparmynt med valøren 1 øre KM 1719 og 1720. 1 øre KM blir òg slått i Avesta i 1720. Under det første året til Fredrik I vart to valørar slått i Stockholm, 1/2 øre SM 1720–1721, 1 øre KM 1720–1721 og 1724–1726. Frå 1730 vart det prega 1 øre SM i koppar i Avesta og frå 1743 2 øre SM. Dessutan vart det slått 1 øre KM 1746, 1749 (i Avesta) og 1750 (i Stockholm). I heile denne perioden vart det slått 1 øre og 5 øre i sølv i Stockholm. 2 øre vart slått berre i 1732. Preging av 10 øre i sølv tok til i 1739. Under Adolf Fredrik var det ingen store endringar: 10, 5 og 1 øre i sølv vart slått i Stockholm og 2 øre SM og 1 øre SM i koppar i Avesta.

I 1768 avtok all utmynting av øresvalørar både i koppar og sølv, og ei ny myntordning sette 3 daler SM = 1 riksdalar = 96 øre SM. Nye myntar i valørane 16 øre SM, 8 øre SM og 4 øre SM i sølv vart slått i Stockholm. I 1776 kom ein ny myntrealisasjon som fastsette at 1 riksdalar var lik med 48 skilling og øresmynten forsvann litt etter litt. Men Gustav III rakk å prege ein sølvmynt med øresvalør, 16 øre SM. Dessutan vart det slått ein del øresvalører av koppar, 2 øre SM 1777, 1 øre SM 1778 og 1 øre KM 1772 og 1778. Seinare har det berre vore prega nye øresmynt i koppar.

Myntreformen endre

I 1855 vart desimalsystemet innført i Sverige. Hovudmynten vart kalla riksdalar riksmynt (= 1/4 riksdalar specie) og vart delt inn i 100 øre. 1/8 riksdalar specie var 50 øre og 1/16 riksdalar eller 12 skilling 25 øre. I ei tid etter denne reforma nytta framleis eldre folk tolvskilling om 25-øren. Ved denne reforma kom sølvmynten 50 øre, 25 øre, 10 øre og kopparmynt i 5 øre, 2 øre, 1 øre og 1/2 øre. Dei første i sølv vart prega i 1855 og dei første i koppar året etter, begge i Stockholm.

I Sverige nytta ein halvøren fram til året 1872, men i samband med at Sverige, Danmark (1873) og Noreg (1875) knytte seg til den Skandinaviske myntunionen og innførte krona i 1873 som sams valuta vart halvøren dratt inn. Valørane framover i unionen, og seinare i dei ulike landa var eitt-øring, to-øring, fem-øring, ti-øring, tjuefem-øring og femti-øring. I Sverige vart desse seinare dratt inn; 1 og 2 øre i 1971 (i alle landa), 5 og 25 øre i 1985 o 10 øre i 1991 (i Sverige). Gjeldande betalingsmiddel er i Danmark[2] berre 50-øringen. I Noreg vart det slutt på 50-øringen frå og med 1. mai 2012.[3]

Sveriges Riksbank vedtok den 18. desember 2008 at 50-øringen skulle forsvinne som betalingsmiddel den 30. september 2010.[4] Øre blir framleis nytta som eining under rekning.[5]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Lagerqvist L, Narthorst-Böös E. (1984). Svenska Pengar. nr 17 Svenska Turistföreningens skriftserie Känn Ditt Land ISBN 917156046-7
  2. Danmarks møntserie, arkivert frå originalen 2. desember 2013, henta 1. mai 2013 
  3. 50-øringen fjernes i 2012, arkivert frå originalen 16. mars 2013, henta 1. mai 2013 
  4. Efter den 30 september 2010 kan du inte längre betala med 50-öringen (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 8. mai 2010, henta 1. mai 2013 
  5. Sveriges Riksbank: Frågor och svar om sedlar och mynt, arkivert frå originalen 14. august 2010, henta 1. mai 2013