300-talet fvt.
hundreår
(Omdirigert frå -336)
< 300-talet f.Kr. > markerte eit høgdepunkt for klassisk gresk sivilisasjon, både i utstrekking og kultur. Medan ei rekkje sjølvstendige greske koloniar hadde spreidd seg i dei austre middelhavslanda, utførte Aleksander den store store erobringar som spreidde gresk kultur langt austover. Etter Aleksander blei riket delt mellom generalane hans, som grunnla kongerike utan det demokratiet ein hadde funne i mange tidlegare greske statar. Denne tida blir kalla hellenismen.
I Kina var heile hundreåret prega av dei krigande statane, der sju ulike statar kriga med kvarandre.
Viktige hendingar
endre- 393 fvt:
- Muthis blei konge av Egypt etter far sin, men blei avsett av Psammuthis.
- Amyntas III blei konge av Makedonia
- 342 fvt: Den bulgarske byen Plovdiv, som då heitte Eumolpia vart erobra av Filip II av Makedonia og omdøypt til Filippopolis.
- 356 fvt: Aleksander den store blei fødd.
- 332 fvt.:
- Makedonarkongen Aleksander den store avslo forslag om fred og vennskap frå Darius III av Persarriket, og gjekk inn i Mesopotamia.
- Aleksander den store okkuperte Damaskus og erobra Tyr etter ei beleiring på sju månader. Den motstridige byen blei jamna med jorda og kvinner og barn derfrå selde som slavar.
- Den makedonske generalen Parmenion blei igjen i Syria medan Aleksander marsjerte sørover. I Gaza møtte han sterk motstand og fekk ein alvorleg skulderskade.
- Aleksander den store erobra Egypt frå persarane utan problem, og framstod som ein ny farao. Han grunnla byen Alexandria ved kysten av Middelhavet.
- Aten blei utestengd frå dei olympiske leikane etter at ein atlet, Callippos, blei funnen skyldig i juks. Då atleten ikkje kunne og byen ikkje ville betala boten for dette, blei Aten utestengd.
- Makedonarane, leia av Aleksander den store, overvann Persarriket.
- 326 f.Kr: Aleksander den store nådde Bjas-elva i Panjab og grunnla indo-gresk kultur.
- 316 f.Kr: Den kinesiske Qin-staten erobra Shu-staten i dagens Sichuan, mykje takka vere strategien til Zhang Yi.
- 312 f.Kr: Seleucus I Nicator etablerte seleucidedynastiet i Babylon.
- Keltarar kom til Irland
- Gallarane vann slaget ved Allia og plyndra deretter Roma
- Romarane erobra Abruzzi og nedgangen for etruskarane tok til.
Kultur
endre- Romarane bygde sin første akvedukt.
- Kinesarane tok i bruk blåsebelgar.
- Tollundmanden blei drepen og senka i ei myr i Danmark.
Viktige personar
endre- Platon, gresk tenkjar (ca.427–347 f.Kr.)
- Aristoteles, gresk tenkjar og vitskapsmann (384–322 f. Kr.)
- Filip II av Makedonia (382–336 f.Kr.)
- Darius III av Persarriket (-380–330 f.Kr.)
- Mencius, kinesisk tenkjar og vismann (371–289 f.Kr.)
- Ptolemaios I Soter, grunnleggjaren av ptolemeardynastiet (ca.367–283).
- Shang Yang, statsminister og reformator for Qin (verka 361–338).
- Seleucus I Nicator, grunnla seleucidedynastiet (ca.358–281 f.Kr.).
- Aleksander den store, konge av Makedonia, erobra store delar av Asia fram til India (356–323 f. Kr. ).
Fødde
endre- 384 fvt: Aristoteles
- 372 fvt: Mencius
Døde
endre- 399 fvt: Sokrates (drakk gift)
- 393 fvt: Nepherites I av Egypt
- 322 fvt: Aristoteles