800-talet
hundreår
(Omdirigert frå 9. hundreåret)
Oversyn
endreAmerika
endre- Mayasivilisasjonen tok til å svekkast av ukjende årsaker.
Afrika
endre- 800-909: Aghlabidane styrte eit uavhengig kongedøme i Nord-Afrika.
- Kongeriket Takrur blei grunnlagd i Senegal.
- Igbo-Ukwu-sivilisasjonen utvikla seg i Nigeria.
- Det kristne kongedømet Nubia hadde si stordomstid.
- Berbarar konverterte til islam.
- Muslimske handelsfolk slo seg ned langs kystane av Madagaskar.
Asia
endre- Taoistiske alkymistar i Kina oppdaga krutet.
- Hadith, utsegnene og gjerningane til Muhammed i følgje tradisjonen, blei samla.
Europa
endre- 815-915: Arabarar herja kystane rundt Adriahavet og Tyrrenhavet.
- 850-875: Dei første norske innvandrarane slo seg ned på Island.
- 863-879: Skisma mellom Aust- og Vestkyrkja.
- Vikingar tok til å herja Europa. Mange menneske blei drepne og store verdiar blei plyndra eller øydelagde.
- Beowulf kan ha blitt nedskrive dette eller føre hundreåret.
- Osebergskipet blei hauglagt.
- Madjarar kom inn i dagens Ungarn og fortrengde serbarane og bulgararane der til sørsida av Donau.
- I Italia blei nokre byar sjølvstendige republikkar, til dømes Forlì i 889.
Viktige personar
endre- Karl den store (742–814)
- Ludvig den fromme (778–840)
- Adi Sjankara (788–820, uvisse datoar)
- Alfred den store (ca. 849–899)
- Arnulf av Kärnten (850–899)
<< 800 | 801 | 802 | 803 | 804 | 805 | 806 | 807 | 808 | 809 | 810 | 811 | 812 | 813 | 814 | 815 | 816 | 817 | 818 | 819 | 820 | 821 | 822 | 823 | 824 | 825 | 826 | 827 | 828 | 829 | 830 | 831 | 832 | 833 | 834 | 835 | 836 | 837 | 838 | 839 | 840 | 841 | 842 | 843 | 844 | 845 | 846 | 847 | 848 | 849 | 850 | 851 | 852 | 853 | 854 | 855 | 856 | 857 | 858 | 859 | 860 | 861 | 862 | 863 | 864 | 865 | 866 | 867 | 868 | 869 | 870 | 871 | 872 | 873 | 874 | 875 | 876 | 877 | 878 | 879 | 880 | 881 | 882 | 883 | 884 | 885 | 886 | 887 | 888 | 889 | 890 | 891 | 892 | 893 | 894 | 895 | 896 | 897 | 898 | 899 >>