Al-Battani
Al-Battani (ca. 858–929), latinisert som Albategnius, Albategni eller Albatenius, var ein arabisk matematikar og den største astronomen i mellomalderen. Han gjorde særs nøyaktige observasjonar av banen til sola og forbetra verdien for det tropiske året, korrigerte presesjonskonstanten til Klaudios Ptolemaios og utførte nøyaktige målingar av hellinga til ekliptikken.
Al-Battānī
Abū ʿAbd Allāh Muḥammad ibn Jābir ibn Sinān al-Raqqī al-Ḥarrānī al-Ṣābiʾ al-Battānī (محمد بن جابر بن سنان البتاني) | |||
Eit moderne måleri av al-Battānī som held ein astrolab | |||
Fødd | أبو عبد الله محمد بن جابر بن سنان الحراني الصابي البتاني ca. 858 Harran i Bilad al-Sham | ||
---|---|---|---|
Død | 929 Qasr al-Jiss, nær Samarra | ||
Område | Matematikk, astronomi, astrologi | ||
Yrke | matematikar, astronom | ||
Kjend for |
| ||
Influerar | Klaudios Ptolemaios |
Han introduserte og mange av dei trigonometriske relasjonane og stilte mellom anna opp den første sinustabellen.
Astronomi
endreEit av dei best kjende resultata til al-Battānī innan astronomi var å avgjere at solåret var 365 dagar, 5 timar, 46 minuttar og 24 sekund.[1]
Han forbetra nokre av resultata til Klaudios Ptolemaios og sette opp nye tabellar for sola og månen.[2] Somme av målingane hans var til og med meir nøyaktige enn dei Copernicus gjorde fleire hundreår seinare. Forskarar meiner at dette kan kome av at al-Battānī heldt seg lenger sør enn Copernicus og derfor kunne gjere målingane meir nøyaktige.[1]
Al-Battānī oppdaga at retninga til sola sitt jordfjerne, slik det var registrert av Klaudios Ptolemaios, endra seg.[3] Han introduserte òg, truleg uavhengig av den indiske astronomen Aryabhata frå 400-talet, bruken av sinus i utrekningane sine, og delvis innføringa av tangens.[2] Han rekna ut verdiane for presesjonen til jamdøgera (54.5" per år, eller 1° på 66 år) og askehellinga til ekliptikken (23° 35').[1]
Arbeidet til Al-Battānī har vore særs viktig i utviklinga av vitskap og astronomi.[1] Copernicus siterte han i boka si De Revolutionibus Orbium Coelestium. Al-Battānī vart ofte sitert av Tycho Brahe, Riccioli og mange andre. Kepler og Galilei synte interesse i somme av observasjonane hans,[4] og datagrunnlaget hans er framleis nytta innan geofysikk.[5]
Matematikk
endreI matematikk skapte al-Battānī ei rekkje trigonometriske forhold:
Han løyste likninga sin x = a cos x då han oppdaga formelen:
Han gjev andre trigonometriske formlar for høgrevinkla trekantar som:[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Al-Battani» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hartner, Willy (1970–80). «Al-Battānī, Abū ʿAbd Allāh Muḥammad Ibn Jābir Ibn Sinān al-Raqqī al-Ḥarrānī al–Ṣābi». Dictionary of Scientific Biography. New York: Charles Scribner's Sons. ISBN 0-684-10114-9.
- Denne artikkelen inneheld tekst frå ein publikasjon som no er i offentleg eige: Chisholm, Hugh, red. (1911). «Albategnius». Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). Cambridge University Press.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 O'Connor, John J.; Robertson, Edmund F., «Al-Battani», MacTutor History of Mathematics archive, University of St Andrews.
- ↑ 2,0 2,1 Chisholm, Hugh, red. (1911). «Albategnius». Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). Cambridge University Press.
- ↑ Singer, Charles Joseph (1997). A short history of science to the nineteenth century. Courier Dover Publications. s. 135. ISBN 978-0-486-29887-0.
- ↑ Hartner, Willy (1970–80). «Al-Battānī, Abū ʿAbd Allāh Muḥammad Ibn Jābir Ibn Sinān al-Raqqī al-Ḥarrānī al–Ṣābi». Dictionary of Scientific Biography. New York: Charles Scribner's Sons. ISBN 0-684-10114-9.
- ↑ Dalmau, W. (1997) CRITICAL REMARKS ON THE USE OF MEDIEVAL ECLIPSE RECORDS FOR THE DETERMINATION OF LONG-TERM CHANGES IN THE EARTH'S ROTATION Arkivert 2012-10-23 ved Wayback Machine.', Surveys in Geophysics 18: 213-223.
Bakgrunnsstoff
endre- Dalen, Benno van (2007). «Battānī: Abū ʿAbd Allāh Muḥammad ibn Jābir ibn Sinān al‐Battānī al‐Ḥarrānī al‐Ṣābiʾ». I Thomas Hockey; et al. The Biographical Encyclopedia of Astronomers. New York: Springer. s. 101–3. ISBN 978-0-387-31022-0. (PDF version)
Originaltekst av Al-Battani ved Wikisource. |