Al-Qadmus (arabisk القدموس, òg skrive al-Qadmous eller Kadmus) er ein by nordvest i Syria i Tartus guvernement, nordaust for Tartus og 14 km søraust for Baniyas. Av stader i nærleiken finn ein Kaff al-Jaa og Masyaf i aust, Wadi al-'Uyun og al-Shaykh Badr i sør, Hammam Wasel, al-Qamsiyah og Maten al-Sahel i sørvest, Taanita i vest, al-Annazeh i nordvest og Deir Mama i nordaust. Han ligg like aust for kysten av Middelhavet og ruinane av ei borg står på eit platå kring 850 meter over havet, like oppom byen.[2]

al-Qadmus
القدموس
by
Land  Syria
Guvernement Tartus
Distrikt Baniyas
Nahiyah Al-Qadmus
Koordinatar 35°6′5″N 36°9′40″E / 35.10139°N 36.16111°E / 35.10139; 36.16111
Høgd 845 m
Folketal 5 551  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Al-Qadmus
35°06′05″N 36°09′40″E / 35.101388888889°N 36.161111111111°E / 35.101388888889; 36.161111111111

I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå hadde al-Qadmus eit folketal på 5 551 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Qadmus nahiyah («underdistrikt») som består av 25 stader med eit samla folketal på 22 370 i 2004.[1] Innbyggjarane i al-Qadmus er hovudsakleg ismailittar og alawittar, som kvar for seg utgjer kring halvparten kvar. Landsbyane i området rundt er hovudsakleg busett av alawittar.[3]

Ei viktig mellomalderborg står i Al-Qadmus. Ho tente som hovudkvarteret for ismailittane i Syria, kjend som assasinar i krossfarartida. I dag ligg borga stort sett i ruinar, og i lag med spreidde hus frå den osmanske tida, er området eit turistmål. Det står ein stor moské med ein åttekanta minaret i Al-Qadmus. Byen er òg senter for tobakksproduksjon i Syria.[4]

Historie endre

Mellomalderen endre

Festninga i al-Qadmus vart erobra av krossfarar-kongen Bohemond I av Antiokia i 1129.[5] In 1130-31 vart ho erobra attende av lokale muslimske styrkar. Festninga vart seinare seld til ismailittane (då kalla assasinar) i 1132 av den muslimske emiren av al-Kahf, Sayf al-Mulk ibn Amrun.[6] I 1167 skreiv Benjamin av Tudela at al-Qadmus var hovudsetet til assasinane.[7] Sjølv om det finst få detaljar, skifta al-Qadmus eigarar fleire gonger mellom assasinane og krossfararane, før ho endeleg kom under assasinane sin kontroll.[4]

Al-Qadmus vart erobra og annektert til Mamelukk-sultanatet av Baibars i 1273.[8][9] Han var framleis kontrollert av ismailittane, men dei var lojale overfor sultanatet under den periodevise regjeringstida til sultan an-Nasir Muhammed (1294-1340).[10] Då den nordafrikanske vitskapsmannen Ibn Batuta vitja al-Qadmus i 1355, under mamelukkane, noterte han at han var ein del av Masyaf niyabah («guvernement»), som var underlagt Tripoli. Seinare vart dette guvernementet rive laus frå Tripoli og overført til provinsen Damaskus då han vart vitja av al-Qalqashandi i 1412.[11] Skattar på bomullsstoff og silke vart avskaffa i distriktet av forskjellige mamelukk-sultanar seint på 1400-talet.[12]

Den osmanske tida endre

I 1683, under Det osmanske riket, vitja den muslimske geografen Abd al-Ghani al-Nabulsi al-Qadmus og noterte at emiren av festninga høyrte til Tanukhi-klanen, eit arabisk folk som opphavleg kom frå Batanea-området sør i Syria under bysantinsk styre og flytta gradvis nordover.[13]

I 1830-åra øydela Ibrahim Pasha av Egypt festninga i al-Qadmus under den egyptiske invasjonen av Levanten.[4] Al-Qadmus var setet for ismailittane på den tida.[14] Han var òg senter i eit distrikt som bestod av 177 landsbyar. Dei leiande familiane i byen, og dei som emirane kom frå, var Hejawiyah og Suwaydaniya.[15] I 1840-åra vart det drive lobbyverksemd frå dei osmanske styresmaktene med ismailittar-leiarane i al-Qadmus slik at ismailittar kunne folkesetje den fråflytta byen al-Salamiyah, aust for Hama.[16] Press frå det omliggande, sentrale alawittar-området førte til at mange flytta til al-Salamiyah, sjølv om byen framleis var politisk og økonomisk viktig i regionen og tente ei kommanderande rolle i dei sentrale an-Nusayriyah-fjella, liknande rolla Safita hadde. Innbyggjarane i Al-Qadmus var dugande handelsfolk og handverkarar. Byen var eit senter for bønder frå al-Annazah, Talin og al-Shaykh Badr og eksporterte varene sine til storbyar som Hama, Tripoli og Beirut.[17]

Medan dei fleste ismailittane i Syria skifta truskapen sin til Qasim Shahi-linja av Aga Khan III i 1887, vart ismailittane i Qadmus og Masyaf verande trufaste med Muhammed Shahi-linja. Dei er kjende som «Ja'afariya»-sekta og i 1990-åra talde dei kring 15 000.[18] Bydelen i al-Salamiyah der mange av innbyggjarane frå al-Qadmus slo seg ned, vart kalla «al-Qadamisa», etter byen dei kom frå.[19]

Moderne tid endre

I desember 1918, under det syriske kystopprøret leia av Saleh al-Ali mot dei okkuperande franske styresmaktene, prøvde franske styrkar stasjonerte i al-Qadmus å angripe skansen til al-Ali i nærliggande al-Shaykh Badr. Al-Ali og styrkane hans slo franskmennene nær landsbyen Wadi al-Oyun. Fordi ismailittane som leia al-Qadmus hadde alliert seg med franskmennene, gjekk al-Ali like etter til åtak på denne byen. Dei franske styrkane kom til støtte, men vart slått ein gong til den 21. februar 1919.[20] I juli 1919 forhandla franskmennene og al-Ali fram ein fredsavtale, men denne vart broten av franskmennene då dei frå basen sin i al-Qadmus, brende ned landsbyen Kaff al-Jaz. Al-Ali gjekk derfor til motåtak mot al-Qadmus.[21]

Før Baathist-styret tok over makta i 1963, var dei oppbygde områda i al-Qadmus hovudsakleg konsentrert like sør og aust for citadellet, der dei fleste husa var bygde tett inntil kvarandre. Dette området hadde ein gammal souk («marknad») og den ismailittiske moskéen. I 1970- og 1980-åra, under presidenten Hafez al-Assad, vart byen utvida nordover mot aust-vest-vegen mellom Masyaf og Baniyas. Krysset med denne hovudvegen vart handelssenteret i byen.[17]

Den politiske og samfunnsøkonomiske stillinga til Al-Qadmus i dei sentrale kystfjella i området, vart langt mindre viktig etter 1970. Dette kom særleg av at den nærliggande al-Shaykh Badr vart gjort til distriktsenteret det året, noko som tok mykje fokus bort frå al-Qadmus, og landsbybuarane i området drog til al-Shaykh Badr for ymse tenester. I tillegg gjorde dei betre samferdsletilhøva mellom Baniyas og området innanfor det lettare for folk frå Hammam Wasel, al-Annazah og Talin å dra til Baniyas i staden for al-Qadmus.[17]

Tidleg i juli 2005 braut det ut vald mellom somme ismalittar og alawittar i al-Qadmus. Kampane starta etter at nokre unge alawittar byrja å snakke med nokre ismalittar-kvinner, noko som forarga nokre mannlege ismailittar. Då slektningane til kvinnene klaga til den alawittiske politisjefen i byen, nekta han å bli involvert i saka. Mange alawittar boikotta så ismailttiske butikkar i al-Qadmus, særleg møbelforretningar og godteributikkar. Dei lokale ismailittiske kjøpmennene vart sinte då inntektene gjekk ned og byrja å kaste steinar mot alawittiske butikkar. Same kvelden tok alawittar hemn ved å plyndre og brenne ned 27 ismailittiske butikkar, og gjorde øydeleggingar verdt kring 10 millionar syriske pund.[3] Ein 75 år gammal mann frå byen vart drepen i handlinga og 13 andre vart skadde.[22] Striden enda då to bataljonar frå den syriske hæren frå ein nærliggande militærbase stengde vegen inn til al-Qadmus og arresterte og avhøyrte kring 500 mistenkte.[3] Ein sivil delegasjon frå al-Qadmus møtte den syrisk presidenten Bashar al-Assad i eit forsøk på å roe ned situasjonen i byen.[22] Den alawittiske politisjefen i al-Qadmus vart erstatta av ein kristen som vart rekna som nøytral.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2020-09-24 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Tartus guvernement. (arabisk)
  2. Great Britain-Naval Intelligence Division. Syria: April 1943. (1944). Page 416.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Shora, 2008, s. 226-230. Artikkel[daud lenkje] skriven av Joshua Landis og publisert 2005-07-28.
  4. 4,0 4,1 4,2 Lee, s. 179.
  5. Stevenson, 1907, s. 128.
  6. Bosworth, 1989, s. 789.
  7. Daftary, 1992, s. 5.
  8. Raphael, s. 106.
  9. Holt, s. 263.
  10. Daftary, 2007, s. 402.
  11. Bosworth, 1989, s. 291.
  12. Jidejian, 1980, s. 79-80.
  13. Lyde, 1860, s. 46.
  14. Ainsworth, 1852, s. 88.
  15. Bibliotheca Sacra and Theological Review. 5. (1848). Allen, Morrill, and Wardwell.
  16. Daftary, 1998, s. 202.
  17. 17,0 17,1 17,2 Balanche, Fabrice (2006). La région alaouite et le pouvoir syrien (på fransk). Karthala Editions. ISBN 2845868189. 
  18. Daftary, 1998, s. 203.
  19. Sluglett, 2010, s. 493.
  20. Moosa, 1987, s. 282.
  21. Moosa, 1987, s. 283.
  22. 22,0 22,1 Syrian Authorities Ban Human Rights Activist from Leaving Country. Kuwait News Agency. 2005-07-14.