Albumet Mellow Yellow
Mellow Yellow Studioalbum av Donovan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1967 | |
Innspelt | September/oktober 1966 | |
Studio | Abbey Road Studio og Landsowne Studios i London | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 34:13 | |
Selskap | Epic LN 24239 | |
Produsent | Mickie Most | |
Donovan-kronologi | ||
---|---|---|
Sunshine Superman (1966) |
Mellow Yellow | A Gift from a Flower to a Garden (1967)
|
Mellow Yellow er det fjerde albumet til den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i USA i mars 1967 på Epic Records[1], men vart ikkje gjeve ut i Storbritannia på grunn av kontraktsproblem, som òg hindra Sunshine Superman frå britisk utgjeving. I juni 1967 vart ei blanding av dei to albuma gjeven ut som Sunshine Superman (Pye Records NPL 18181) i Storbritannia. «Mellow Yellow» vart ein hitsingel for Donovan i november året før.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | Original |
AllMusic | Bonuspor |
Historie
endreSongane på Mellow Yellow representerer ein overgang i låtskrivinga til Donovan. Songane hans hadde tidlegare illustrert kjærleiken hans for popmiljøet midt på 1960-talet. På Mellow Yellow ser ein framleis dette i «Sunny South Kensington», «Museum» (opphavleg spelt inn for Sunshine Superman og spelt inn på ny for Mellow Yellow) og tittelsporet, men òg livstrøytte observasjonar av same miljø («Young Girl Blues»). Kontraktsproblema hindra utgjeving av musikken til Donovan i Storbritannia, og det førte til at han skreiv songar som «Writer in the Sun», der han har tankar om at han kanskje vert tvungen til å trekkje seg frå musikkindustrien berre 20 år gammal.
Produksjonen til Mickie Most og arrangementa til John Paul Jones er gjort forskjellige på kvar av låtane til Donovan gjennom heile Mellow Yellow. Dei meir livlege songane har meir varierte instrumentbruk, som på Sunshine Superman og hjelpte å gjere tittelsporet til ein hitsingel på begge sider av Atlanteren. På dei innovervente funderingane vert det nytta enklare instrumentering.
Songen «House of Jansch» var ei hyllest til venen Bert Jansch, og var tredje Donovan-albumet på rad som hylla denne britiske visesongaren.
Det har vore rykte om at venen til Donovan, Paul McCartney, kviskrar «quite rightly»-delen på «Mellow Yellow», men det er i røynda Donovan sjølv. Det er mogeleg at McCartny var blant folka ein kan høyre juble mot slutten av songen.
Innhald
endreAlle spor skrivne av Donovan Leitch
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Mellow Yellow» | 03:47 |
2. | «Writer in the Sun» | 04:33 |
3. | «Sand and Foam» | 03:19 |
4. | «The Observation» | 02:23 |
5. | «Bleak City Woman» | 02:24 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «House of Jansch» | 02:43 |
7. | «Young Girl Blues» | 03:45 |
8. | «Museum» | 02:54 |
9. | «Hampstead Incident» | 04:41 |
10. | «Sunny South Kensington» | 03:48 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Epistle to Dippy» | 03:11 |
12. | «Preachin' Love» | 02:40 |
13. | «Good Time» | 01:54 |
14. | «There is a Mountain» | 02:36 |
15. | «Superlungs» | 03:17 |
16. | «Epistle to Dippy» | 03:13 |
17. | «Sidewalk (The Observation)» | 02:29 |
18. | «Writer in the Sun» | 03:30 |
19. | «Hampstead Incident» | 03:52 |
20. | «Museum» | 03:49 |
Medverkande
endreMusikarar
endre- Donovan – akustisk gitar, vokal
- John Cameron – piano (spor 4-5, 10, 12-13, 15), cembalo (spor 10, 11, 16), orgel (spor 10) celesta (spor 2, 6), arrangement (spor 2, 4-6, 9, 11-16)
- John Paul Jones – bass, arrangement (spor 1)
- Danny Thompson – bass
- Spike Heatley – bass
- Phil Seamon – trommer
- Bobby Orr – trommer (spor 1, 10)
- John McLaughlin – rytmegitar (spor 1)
- Joe Moretti – rytmegitar (spor 1)
- Danny Moss – saksofon (spor 1)
- Ronnie Ross – saksofon (spor 1)
- Big Jim Sullivan – elektrisk gitar (spor 5)
- Eric Ford – elektrisk gitar (spor 10)
- Shawn Phillips – sitar (spor 10)
- Pat Halling – fiolin (spor 8)
- Harold McNair – fløyte (spor 2, 4, 18)
Andre medverkande på bonusspor
endre- Jimmy Page – elektrisk gitar (spor 11, 16)
- Tony Carr – perkusjon, trommer (spor 11, 16)
Teknisk
endre- Mickie Most – plateprodusent
Salslister
endreAlbum
endreÅr | Title | U.S. Billboard 200[2] | Label |
---|---|---|---|
1967 | Mellow Yellow | 14 | Epic Records BN 26239 |
Singlar
endreÅr | Tittel | Salslister | |||
---|---|---|---|---|---|
Billboard[3] | Cashbox[4] | AU[5] | |||
1967 | «Mellow Yellow» med «Sunny South Kensington» (USA) med «Preachin' Love» (Storbritannia) |
2 | 3 | 7 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mellow Yellow (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.sabotage.demon.co.uk/donovan/disco.htm Arkivert 2011-05-27 ved Wayback Machine. album information
- ↑ «Billboard 200 03-25-1967».
- ↑ http://www.billboard.com/artist/301195/donovan/chart
- ↑ «Cash Box Top 100 Singles – Week ending DECEMBER 17, 1966». Arkivert frå originalen 5. oktober 2012. Henta 9. juni 2014.. Cash Box magazine.
- ↑ «Go Set Top 40 01-25-1967». Arkivert frå originalen 6. mars 2017. Henta 13. mars 2017.