Opna hovudmenyen

Alexander Dale Oen (21. mai 198530. april 2012)[1] var ein norsk symjar. Han representerte klubben Vestkantsvømmerne, ein symjeklubb for Bergensområdet, og Bærumsvømmerne, ein symjeklubb i Bærum.

Alexander Dale Oen

Reykjavík International Games 2009 (3207964002).jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mai 1985
Øygarden
Død

30. april 2012
Flagstaff

Idrett svømming
Yrke symjar

Han fekk det internasjonale gjennombrotet sitt i 2005, med sjuandeplass på 100 meter bryst i langbane-VM.

Under kortbane-EM i desember 2005 sette Oen nordisk rekord på 100 meter bryst med tida 59,05. Dermed blei han første nordmannen som sumde distansen på under eitt minutt. Tida gav han fjerdeplass på distansen. Oen tok gull på 100 meter bryst i EM 2008. Det var den første gullmedaljen i EM for ein norsk herresymjar. 11. august 2008 tok Oen sølv på same distanse under OL i Beijing. I semifinalen sette Oen ny norsk og olympisk rekord med tida 59,16, då berre 3 hundredelar bak verdsrekorden. Under finalen sette derimot Kosuke Kitajima både ny verdsrekord og olympisk rekord med tida 58,91.

I 2011 vart Alexander Dale Oen tildelt Aftenpostens gullmedalje.[2] 3. juni 2014 fekk ein ny symjehall på Nygårdstangen i Bergen namnet Alexander Dale Oen Arena, oppkalla etter Dale Oen.[3][4]

ByrjingaEndra

Oen sumde sine første tak i kulturhuset på øya Rong i Øygarden. Han trena i den lokale symjeklubben der til den blei lagt ned i 1995. Han begynte å symje for Øygarden Symjeklubb då han var fire år gammel. Frå 1995 representerte han Vestkantsvømmerne, med klubben sin grunnleggjar Tore Arne Hestholm som trenar. Det var lang reisetid til trening, og han flytta som 16-åring til Laksevåg for å kunne kombinere trening og vidaregåande skule. Han melde overgang til Bærumssvømmerne i 2011.[5]

MerittarEndra

RekordarEndra

KortbaneEndra

REKORD GREIN TID DATO BASSENG
Norsk rekord 100 bryst 59.05 09. desember 2005   Trieste, Italia
Nordisk rekord 100 bryst 58.14 10. april 2008   Manchester, Storbritannia
Norsk rekord 50 bryst 27.22 10. desember 2005   Trieste, Italia
Norsk rekord 200 bryst 2:08.28 16. desember 2007   Debrecen, Ungarn
Norsk juniorrekord 50 bryst 28.50 13. desember 2003   Dublin, Irland
Norsk juniorrekord 100 bryst 1:03.31 11. desember 2003   Dublin, Irland
Norsk juniorrekord 200 bryst 2:15.54 14. desember 2003   Dublin, Irland

LangbaneEndra

REKORD GREIN TID DATO BASSENG
Olympisk rekord 100 bryst 59.16 10. august 2008   Beijing i Kina
Nordisk rekord 50 bryst 27.53 23. mars 2008   Eindhoven i Nederland
Europeisk rekord 100 bryst 59.16 10. august 2008   Beijing i Kina
Nordisk rekord 200 bryst 2:09.74 21. mars 2008   Eindhoven i Nederland
Norsk juniorrekord 50 bryst 29.17 2. august 2003   Glasgow i Storbritannia
Norsk juniorrekord 100 bryst 1:02.53 1. august 2003   Glasgow i Storbritannia

KjelderEndra

Sjå ògEndra