Alfa Ursae Majoris (Alfa UMa, α Ursae Majoris, α UMa) er den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Storebjørn (trass i Bayer-nemninga «alfa»). Han har det tradisjonelle namnet Dubhe, og eit sjeldnare namn Ak.

Alfa Ursae Majoris A/B

Stjerner i Storebjørn, inkludert Dubhe
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Storebjørn
Rektascensjon 11h 03m 43.67152s[1]
Deklinasjon +61° 45′ 03.7249″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V)1.79[2]
Karakteristikk
SpektralklasseG9III+A7.5
U−B fargeindeks+0.93[2]
B−V fargeindeks+1.07[2]
Variabel typePulsating
Astrometri
Radialsnøggleik (Rv)–9[3] km/s
Eigarørsle (μ) RA: –134.11[1] mas/år
Dek.: –34.70[1] mas/år
Parallakse (π)26.54 ± 0.48[1] mas
Avstand123 ± 2 ly
(37,7 ± 0,7 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV)–1.10 ± 0.04[4]
Bane[treng kjelde]
Følgjeα UMa B
Omlaupstid (P)44.4 år
Store halvakse (a)0.603"
Eksentrisitet (e)0.4
Inklinasjon (i)152°
Detaljar
Overflategravitasjon (log g)2.46[5] cgs
Temperatur4,660[5] K
Metallisitet [Fe/H]–0.20 ± 0.07[5] dex
Rotasjonssnøggleik (v sin i)2.6 ± 1.0[4] km/s
Andre namn
Dubhe, Dubb, Ak, α Ursae Majoris, α UMa, Alfa UMa, 50 UMa, BD+62 1161, CCDM J11037+6145AB, FK5 417, GC 15185, HD 95689, HIP 54061, HR 4301, PPM 17705, SAO 15384, WDS J11037+6145AB.[6]
Databasereferanse
SIMBADdata

Stjerna dannar ein del av Karlsvogna og er den nordlegaste av «peikestjernene» som peiker mot Polaris, nordstjerna. Dubhe ligg kring 123 lysår unna og er ei kjempestjerne som har utvikla seg bort frå hovudserien etter å ha brukt om hydrogenet i kjernen. Ho er ei spektroskopisk binærstjerne med ei hovudseriestjerne α UMa B som har stjerneklassifiseringa K0V.[7] Følgjestjerna har eit krinslaup som ligg kring 23 astronomiske einingar (AU) og gjer eit krinslaup i løpet av 44,4 år. Meir enn 8 000 AU frå desse to, ligg eit anna binært system med ei klasse F-stjerne, slik at denne stjerna er eit stjernesystem på fire stjerner.[8]

Sjølv om han høyrer til stjernebiletet Storebjørn, er han ikkje ein del av Storebjørn-gruppa av stjerner som flyttar seg i same rørsle gjennom rommet.[9]

Dubhe "A" og den lyssvake følgjestjerna.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 van Leeuwen, F. (November 2007). «Validation of the new Hipparcos reduction». Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–664. Bibcode:2007A&A...474..653V. arXiv:0708.1752. doi:10.1051/0004-6361:20078357. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Johnson, H. L.; et al. (1966), «UBVRIJKL photometry of the bright stjerner», Communications of the Lunar and Planetary Laboratory 4 (99), Bibcode:1966CoLPL...4...99J 
  3. Wilson, Ralph Elmer (1953), General catalogue of stellar radial velocities, Carnegie Institution of Washington, Bibcode:1953QB901.W495.....  
  4. 4,0 4,1 Carney, Bruce W.; et al. (March 2008), «Rotation and Macroturbulence in Metal-Poor Field Red Giant and Red Horizontal Branch Stars», The Astronomical Journal 135 (3): 892–906, Bibcode:2008AJ....135..892C, arXiv:0711.4984, doi:10.1088/0004-6256/135/3/892 
  5. 5,0 5,1 5,2 McWilliam, Andrew (desember 1990), «High-resolution spectroscopic survey of 6,1 GK giants. I - Stellar atmosfære parameters and abundances», Astrophysical Journal Supplement Series 74: 1075–1128, Bibcode:1990ApJS...74.1075M, doi:10.1086/191527 
  6. «DUBHE -- Spectroscopic binary», SIMBAD (Centre de Données astronomiques de Strasbourg), henta 5. september 2015 
  7. «DUBHE B», SIMBAD (Centre de Données astronomiques de Strasbourg), henta 5. september 2015 
  8. Kaler, James B., «DUBHE (Alfa Ursae Majoris)», Stars (University of Illinois), henta 5. september 2015 [daud lenkje]
  9. Motz, Lloyd; Nathanson, Carol (1988). The Constellations: An Enthusiast's Guide To The Night Sky. Doubleday. s. 39. ISBN 978-0385176002.