Sjå òg «Anders Todal Jenssen» og «Per Anders Todal».

Anders Arnson Todal (fødd 18. mars 1883 i Valsøyfjord i Møre og Romsdal, død 6. mars 1956) var ein norsk skuledirektør, Venstre-politikar, mållagsleiar og gardbrukar.

Anders Todal

Fødd18. mars 1883
Todalen
Død6. mars 1956 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde, lærar, arkivar, lokalhistorikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1931–1933)
  • ordførar i Åsen (1920–1922)
  • ordførar i Åsen (1926–1931)
  • vararepresentant til Stortinget (1919–1921)
  • vararepresentant til Stortinget (1928–1930) Sjå dette på Wikidata

Han var elev ved ulike lærarkurs i norsk, pedagogikk og gymnastikk, og elev ved Nordmøre amtsskule (1900–1901), før han tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1904. Han arbeidde som lærar i Åsen frå 1905 til 1933, og ved Skogn folkehøgskole i 1915–1916. Han var klokkar i Åsen kyrkje frå 1918, og kjøpte garden Vatn i Åsen frå svigerfaren i 1930. Todal var konstituert skuledirektør i Nidaros bispedømme frå 1933 til 1942 og 1945 til 1953. Han var styremedlem i Norsk Lærarlag frå 1917 til 1933, styremedlem i Noregs Ungdomslag frå 1917 til 1921 og formann i Noregs Mållag frå 1932 til 1936.

Todal var medlem av Åsen heradsstyre frå 1910 til 1945. Han var varaordførar i kommunen i perioden 1913–1919 og ordførar i periodane 1919–1922 og 1925–1931. Han var formann i Nord-Trøndelag Venstrelag i åra 1931–1945. Todal var innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag frå 1931 til 1933, og der var han medlem av Stortingets kyrkje- og skulekomité.

Under den andre verdskrigen vart Todal arrestert 9. oktober 1942, og sat fengsla på Misjonshotellet i Trondheim fram til 13. oktober, i Lofjorden i Åsen fram til 11. november, på Vollan 12.–19. november, og på Falstad 20. november 1942–22. februar 1943.

Anders Todal vart tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.

Kjelder endre