The Wall Live in Berlin

(Omdirigert frå The Wall – Live in Berlin)
The Wall – Live in Berlin
Konsertalbum av Roger Waters
Språk engelsk
Utgjeve 21. august 1990[1][2]
Innspelt 21. juli 1990
Sjanger Progressiv rock
Selskap Mercury
Produsent
Roger Waters-kronologi 
Radio K.A.O.S.
(1987)
The Wall – Live in Berlin Amused to Death
(1992)


Singlar frå The Wall – Live in Berlin
  1. «Another Brick in the Wall, Part 2»
    Utgjeve: 10. september 1990
  2. «The Tide Is Turning»
    Utgjeve: 19. november 1990

The Wall Live in Berlin var ein enorm konsert i Berlin med påfølgjande konsertplate, der Roger Waters 21. juli 1990 spelte albumet The Wall i sin heilskap.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[3]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[4]

Historie endre

 
Bilete av scenen med den enorme muren

Konserten vart halden på Potsdamer Platz (ein stad som var ein del av «ingenmannsland» då Berlinmuren kryssa plassen) og var større enn Wall-konsertane Pink Floyd heldt tidleg på 1980-talet. Waters fekk bygd ein 170 meter lang og 25 meter høg mur over scenen.[5] Konserten var seld ut til over 200 000 menneske, men tryggingsgjerdet utanfor området vart rive ned og meir enn 100 000 fleire folk trengde seg inn. Konserten vart send på direkten til 35 land og 500 millionar menneske.

Konserten vart aleine finansiert av Waters, men han tente alt tilbake på salet av CD og video av konserten i etterkant. Alt overskotet gjekk derimot til World War Memorial Fund for Disaster Relief.

Opphavleg prøvde Waters å få gjesteartistar som Peter Gabriel, Rod Stewart, Joe Cocker, Bruce Springsteen og Eric Clapton med på konserten, men dei var anten oppteken eller avslo. På eit radioprogram i juli 1989 sa Waters «Kanskje eg til og med lèt Dave (David Gilmour) spele gitar». 30. juni 1990 før Pink Floyd gjekk på scenen ved Knebworth fortalte Gilmour at dei hadde fått dei rettslege løyva dei trengde for å gjere Berlin-konserten, men at dei ikkje hadde vorte kontakta. Eit par dagar seinare svarte Waters tilbake at «han ikkje kunne skjøne kor Gilmour hadde fått ideen om at han var invitert frå».

Gjesteartistane som til slutt vart med på konserten var mellom anna Ute Lemper, The Band, The Hooters, Van Morrison, Sinéad O'Connor, Cyndi Lauper, Marianne Faithfull, Scorpions, Joni Mitchell, Jerry Hall, Paul Carrack, Tim Curry og Bryan Adams.

Framføringa var fleire stader ganske forskjellig frå den originale produksjon til Pink Floyd av The Wall. Både «Mother» og «Another Brick in the Wall, Part II» hadde lengre solar med forskjellige instrument. «In the Flesh» hadde ein lengre intro, og «Comfortably Numb» hadde ein lengre duellerande solo mellom dei to gitaristane, i tillegg til eit ekstra refreng på slutten av songen. «The Show Must Go On» var ikkje tatt med i det heile tatt, medan både «The Last Few Bricks» og «What Shall We Do Now?» var med. «The Trial» hadde skodespelarar i dei forskjellige rollene, der Thomas Dolby spelte læraren, hengande frå muren.

Setliste endre

 
Folk liggande på fortauet medan dei venter på at konserten skulle byrje.

Medverkande endre

 
Klaus Meine og det tyske bandet Scorpions deltok i framføringa (foto fra 2013).

The Company

The Bleeding Heart Band

Andre

Merknadar endre

  • Før konserten byrja vart det korte framføringar av The Hooters, The Band og The Chieftains, men ingen av desse songane vart gjeve ut.
  • Under TV-sendinga av konserten forsvann straumen under den andre songen, «The Thin Ice» og «Another Brick in the Wall (Part 1)». Songane vart spelt på ny for innspelinga av videoen.
  • «Mother» vart òg forstyrra av straumbrot. Roger Waters prøvde å få Sinéad O'Connor til å synge hennar del ein gong til, eller mime til songen, medan feilen vart fiksa. Ho vart fornærma av å bli bede om å mime, og kom ikkje tilbake for å gjere ein ny innspeling, som dei gjorde med «The Thin Ice». I staden nytta dei opptaket frå øvinga kvelden før.
  • Jerry Hall vart kritisert for hennar del som groupie på sporet «One of My Turns».
  • Kona sin del av «The Trial» måtte spelast inn på nytt i studio, fordi opptaka hadde for dårleg kvalitet.
  • Konsertutgåva med Van Morrison av «Comfortably Numb» er nytta i Martin Scorsese-filmen The Departed.

Salslister endre

Liste (1990) Plassering
Den australske albumlista[6] 10
Den austerrikske albumlista[7] 25
Den kanadiske RPM-lista[8] 12
Den nederlandske albumlista[9] 15
Den franske albumlista[10] 6
Den tyske albumlista[11] 10
Den newzealandske albumlista[12] 4
VG-lista[13] 17
Den svenske albumlista[14] 34
Den sveitsiske albumlista[15] 11
UK Albums Chart[16] 27
US Billboard 200[17] 56

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[18]
video
Platina 15 000^
Brasil (ABPD)[19]
video
Gull 25 000*
Canada (Music Canada)[20]
album
2× Platina 200 000^
Canada (Music Canada)[21]
video
Platina 10 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[22]
video
Gull 3 000x
USA (RIAA)[23]
video
Platina 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Barton, David (5. august 1990). «Time Catches Up With «Pandemonium»». Sacramento Bee. 
  2. Jaeger, Barbara (10. august 1990). «Waters, Prince Heat Up August With New Albums». The Record (New Jersey). 
  3. «Allmusic review». 
  4. Cross, Charles R. (2004). «Roger Waters». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 864. ISBN 0-7432-0169-8. 
  5. Schaffner, s. 308
  6. «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2013. 
  7. «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Austriancharts.at (på tysk). Hung Medien. Henta 25. mars 2013. 
  8. «100 Albums». RPM 52 (23). 20. oktober 1990. ISSN 0033-7064. Arkivert frå originalen 15. mars 2016. Henta 25. mars 2013. 
  9. «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». GfK Dutch Charts (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 25. mars 2013. 
  10. «Tous les «Chart Runs» des Albums classés depuis 1985 dans le Top Albums Officiel». InfoDisc (på fransk). Arkivert frå originalen 20. august 2008. Henta 24. mars 2013.  Search for Roger WATERS and click OK.
  11. «Top 100 Longplay». Charts.de (på tysk). Media Control. Henta 25. mars 2013. 
  12. «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Charts.org.nz. Hung Medien. Arkivert frå originalen 2. september 2015. Henta 25. mars 2013. 
  13. «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2013. 
  14. «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 25. mars 2013. 
  15. «Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Hitparade.ch (på tysk). Hung Medien. Henta 25. mars 2013. 
  16. «1990-09-29 Top 40 Official UK Albums Archive | Official Charts». Official Charts Company. Henta 25. mars 2013. 
  17. «The Wall: Live in Berlin – Roger Waters: Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 25. mars 2013. 
  18. «ARIA Charts – Accreditations – 2006 DVDs». Australian Recording Industry Association. Henta 25. mars 2013. 
  19. «Brazilian video salstrofé – Roger Waters – The Wall – Live in Berlin» (på portugisisk). Associação Brasileira dos Produtores de Discos. Henta 25. mars 2013. 
  20. «Canadian album salstrofé – Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Music Canada. Henta 25. mars 2013. 
  21. «Canadian video salstrofé – Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Music Canada. Henta 25. mars 2013. 
  22. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Roger Waters; 'The Wall: Live in Berlin')». Hung Medien. Henta 25. mars 2013. 
  23. «American video salstrofé – Roger Waters – The Wall – Live in Berlin». Recording Industry Association of America. Henta 25. mars 2013.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Video Longform, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff endre