Anni Albers (fødd Annelise Elsa Frieda Fleischmann, 12. juni 18999. mai 1994)[1] var ein tysk tekstilkunstnar og grafikar som var ei føregangskvinne for å viska ut grensene mellom tradisjonelt handverk og kunst.[2][3]

Anni Albers

Statsborgarskap Tyskland, USA
Fødd 12. juni 1899
Berlin
Død

9. mai 1994 (94 år)
Orange, Orange

Yrke designar, universitetslærar, tekstilkunstnar, litograf, tekstildesigner, smykkedesigner, kunstmålar, forfattar, kunstnar
Språk tysk, engelsk
Ektefelle Josef Albers
Nettstad http://www.albersfoundation.org
Anni Albers på Commons

Bakgrunn

endre

Anni Albers var fødd som Annelise Elsa Frieda Fleischmann den 12. juni 1899 i Berlin.[4] Mora kom frå ein familie i forlagsbransjen og faren var møbelmakar.[5] Sjølv i barndommen var ho fascinert av kunst og den visuelle verda. Ho måla i ungdomsåra og studerte under den impresjonistiske kunstnaren Martin Brandenburg frå 1916 til 1919. Ho mista motivasjonen til å halda fram etter eit møte med kunstnaren Oskar Kokoschka, som då han såg eit verk av henne spurte skarpt «Kvifor målar du?»[2][6]:154

Fleischmann bestemte seg seinare for å gå på kunstskule, sjølv om utfordringane for kunststudentane ofte var store og levekåra vanskelege. Ein slik livsstil stod i skarp kontrast til den komfortable kvardagen ho hadde vore van til. Ho gjekk på Kunstgewerbeschule i Hamburg i berre to månader i 1919. I april 1922 byrja ho studera ved Bauhaus i Weimar.[7]

På Bauhaus byrja ho fyrste året under Georg Muche og seinare Johannes Itten.[8] Fleischmann streid med kva verkstad som var rett for henne på Bauhaus. Kvinner var utestengde frå visse disipliner som ein underviste i på skulen,[9] og i løpet av andreåret, då ho ikkje fekk opptak til ein glasverkstad med den framtidige ektemannen sin Josef Albers, gjekk Fleischmann motvilleg i gang med å veva, som var den einaste verkstaden som var tilgjengeleg for kvinner.[2] Fleischmann hadde aldri prøvd å veva, og meinte det var eit for «pinglete» handverk.[10] Men med instruktøren sin Gunta Stölzl, den einaste kvinnelege «meisteren» ved skulen, lærte Fleischmann snart å sette pris på utfordringa med taktil konstruksjon og byrja å produsera geometriske design.[11] I forfattarskapen sin, med tittelen Material as Metaphor, nemner Albert Bauhaus-byrjinga si: «I mitt tilfelle var det trådar som tok meg, eigentleg mot min vilje. Å jobba med trådar såg dårleg ut for meg. Eg ville at noko skulle bli erobra. Men omstenda heldt meg til trådar og dei vann meg.»[12]

 
Bauhaus i Dessau i Tyskland.

Karriere

endre

I 1925 gifta Fleischmann seg med Josef Albers, som raskt var blitt ein «juniormeister» ved Bauhaus.[13] Skulen flytta til Dessau i 1926, og eit nytt fokus på industri i staden for handverk ved Bauhaus fekk Anni Albers til å utvikla mange funksjonelt unike tekstil som kombinerte eigenskapar av lysrefleksjon, lydabsorpsjon, haldbarheit, og minimerte rynker og vridingar. Ho fekk publisert fleire av designa sine og fekk kontraktar på veggteppe.[14]

Ei tid var Albers elev av Paul Klee, og etter at Walter Gropius forlét Dessau i 1928 flytta ekteparet Albers inn i undervisingskvarteret ved sida av både Klee og Kandinskij-familiane.[15] I løpet av denne tida byrja ekteparet Albers den livslange vanen sin med å reisa mykje: fyrst gjennom Italia, Spania og på Kanariøyane.[6] I 1930 fekk Albers Bauhaus-diplomet for det innovative arbeidet sitt med bruk av eit nytt materiale, cellofan, for å designa eit lydabsorberande og lysreflekterande veggbelegg.[16]

Gunta Stölzl forlét Bauhaus i 1931 overtok Albers rolla hennar som leiar av vevverkstaden, noko som gjorde henne til ein av dei få kvinnene som hadde ei så overordna rolle ved skulen.[17]

Bauhaus i Dessau blei stengt i 1932 under press frå nazistpartiet. Det flytta ei kort tid til Berlin, men stengte permanent eit år seinare i august 1933.[18] Albers, som var jødisk, flytta saman med mannen sin og Bauhaus til Berlin, men flykta deretter til Nord-Carolina, som paret var blitt invitert til av Philip Johnson for å undervisa ved det eksperimentelle Black Mountain College.[19] Albers verka som assisterande professor i kunst. Skulen var fokusert på «learning by doing» eller «hands-on-læring». I byrjinga av 1940-talet, då Albers flytta klasserom og vevane ennå ikkje var sette opp, lét ho elevane gå ut og finna sine eigne vevmateriale. Dette var ei grunnleggjande øving om materiale og struktur. Albers eksperimenterte jamleg med ulike materiale i arbeidet sitt, og dette gjorde at elevane kunne førestilla seg korleis det kunne ha vore for dei gamle vevarane.[20] Anni og Josef Albers underviste begge ved Black Mountain fram til 1949.[2] I løpet av desse åra blei Albers sine designararbeid, inkludert veving, vist over heile USA. Ho fekk amerikansk statsborgarskap i 1937. I 1940 og 1941 kuraterte Albers ei vandreutstilling om smykke med ein av Black Mountain-studentane, Alex Reed, som opna i Willard Gallery i New York.[21]

I 1949 blei Albers den fyrste tekstildesignaren som hadde ei separatutstilling på Museum of Modern Art i New York.[22] Designutstillinga hennar på MoMA byrja på hausten og turnerte deretter i USA frå 1951 til 1953, og etablerte henne som ein av dei viktigaste designarane i dåtida. I løpet av desse åra reiste ho fleire gonger til Mexico og over heile Amerika, og blei ein ivrig samlar av førkolumbiske kunstverk.[23]

Etter å ha forlate Black Mountain i 1949, flytta Albers og mannen til Connecticut, der ho etablerte eit studio i heimen sin.[24] Etter å ha fått i oppdrag av Gropius å designa ei rekkje sengeteppe og andre tekstilar for Harvard University, og etter MoMA-utstillinga, blei Albers oppsøkt av Florence Knoll for å designa tekstilar for møbelselskapet Knoll.[25] I dei neste tretti åra arbeidde ho med masseproduserbare stoffmønster, og skapte fleirtalet av sine «pictorial»-vevnader. Nokre av desse var framleis i produksjon over femti år seinare.[26] Ho publiserte også ei samling artiklar og tekstar, On Designing.[27] I 1961 blei ho tildelt Craftmanship Medal av American Institute of Architects .

I 1963, medan ho var på Tamarind Lithography Workshop i Los Angeles saman med mannen sin i samband med ei førelesing han heldt, blei Albers invitert til å eksperimentera med trykte medium. Ho blei omgåande glad i teknikken, og vigde deretter det meste av tida si til litografi og silketrykk. Ho blei invitert tilbake som stipendiat til Tamarind i 1964. Her skapte ho ein portfolio på seks trykk med tittelen Line Involvements . Albers skreiv ein artikkel for Encyclopædia Britannica i 1963, og utvida han deretter for si andre bok, On Weaving, som kom ut i 1965. Boka var eit tydeleg uttrykk for tekstildesignrørsla ved midten av 1900-talet i USA.[28] Designarbeidet og forfattarskapen hennar om design bidrog til å etablera designhistorie som eit seriøst område for akademiske studiar.[29]

I 1976 hadde Albers to store utstillingar i Tyskland, og fleire utstillingar av designarbeidet hennar dei neste to tiåra, og fekk fleire æresdoktorat og livstidsprisar også i løpet av denne tida, inkludert den andre gullmedaljen frå American Craft Council for «uncompromising excellence» i 1981.[30] I 2018 samarbeidde Tate Modern i London med Kunstsammlung Nordrhein-Westfalen i Düsseldorf i Tyskland om ei retrospektiv utstilling og bok om virket til Albers.[20]

Albers heldt fram med å reisa til Latin-Amerika og Europa for å designa og laga trykk, og heldt førelesingar fram til ho døydde 9 mai 1994 i Orange i Connecticut.[31] Josef Albers, som hadde fungert som leiar av designavdelinga ved Yale University etter at paret hadde flytta frå Black Mountain til Connecticut i 1949, hadde døydd før henne i 1976.[32]

Ettermæle

endre

I 1971 grunnla ekteparet Albers Josef og Anni Albers Foundation,[33] ein ideell organisasjon dei håpa ville fremja «the revelation and evocation and vision through art».[34] I dag fungerer denne organisasjonen ikkje berre som kontor for bua etter både Josef Albers og Anni Albers, men støttar også utstillingar og publikasjonar med fokus på verka til Albers. Den offisielle stiftingsbygningen ligg i Bethany i Connecticut.[35]

Kunstverk

endre

Som designar arbeidde Albers hovudsakleg med tekstil og seint i livet med grafikk. Ho dreiv med fleire teknikkar, fyrst og fremst litografi, preging, silketrykk og fotooffset.[36] Ho produserte ei rekkje design for tekstilane sine, og eksperimenterte av og til med smykkedesign. Dei vovne verka hennar inkluderer mange veggteppe, gardiner og sengeteppe, monterte «pictorial»-bilete og masseprodusert metervare. Vevnadene hennar er ofte konstruerte av både tradisjonelle og industrielle materiale, og kan kombinera materiale som jute, papir, hestehår og cellofan.[37][38] Dei tidlege verka til Albers, som Drapery material (1923–26) og Design for Smyrna Rug (1925), viser nokre av grepa ho brukte gjennom heile karrieren sin, spesielt eksperimentering med fargar, form, skala og rytme med abstrakte, kryssande geometriske mønster.[39]

Publikasjonar i utval

endre
  • On Designing. The Pellango Press, New Haven, CT, 1959. Second edition, Wesleyan University Press, Middletown, CT, 1962. First paperback edition, Wesleyan University Press, 1971 (ISBN 0-8195-3024-7).
  • On Weaving. Wesleyan University Press, Middletown, CT, 1965.
  • Albers, Anni, and Gene Baro. Anni Albers. Brooklyn, N.Y. : Brooklyn Museum, Division of Publications and Marketing Services, 1977.

Kjelder

endre
  1. «Albers, Anni». Who Was Who in America, 1993–1996, vol. 11. New Providence, N.J.: Marquis Who's Who. s. 3. ISBN 0-8379-0225-8. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Anni Albers». Nmwa. 
  3. Gipson, Ferren (2022). Women's work: from feminine arts to feminist art. London: Frances Lincoln. ISBN 978-0-7112-6465-6. 
  4. "Anni Albers", Encyclopedia Britannica, Retrieved online 14 October 2018.
  5. «Anni Albers' Fabric of Belief at the Tate». Henta 3. mars 2019. 
  6. 6,0 6,1 Weber, Nicholas Fox; Tabatabai Asbaghi, Pandora. Anni Albers. New York, N.Y.: Guggenheim Museum Publications. ISBN 0810969238. OCLC 41713625. 
  7. Reif, Rita (10. mai 1984). «Anni Albers, 94, Textile Artist And the Widow of Josef Albers». The New York Times. 
  8. «Anni Albers». Henta 3. mars 2019. 
  9. Schönfeld, Christiane, red. (2006). Practicing modernity : female creativity in the Weimar Republic. Würzburg: Königshausen & Neumann. ISBN 3826032411. OCLC 71336738. 
  10. «Oral history interview with Anni Albers, 1968 July 5». Henta 3. mars 2020. 
  11. «Gunta Stölzl and Anni Albers». Henta 3. mars 2019. 
  12. Albers, Anni; Danilowitz, Brenda (2000). Anni Albers: selected writings on design. Hanover: University Press of New England. ISBN 0819564478. OCLC 44650776. 
  13. "Anni Albers", Encyclopedia Britannica, Retrieved online 14 October 2018.
  14. Weber, Nicholas Fox; Jacob, Mary Jane; Field, Richard S. (1985). The woven and graphic art of Anni Albers. Washington, D.C.: Smithsonian Institution Press. ISBN 0874749786. OCLC 11650684. 
  15. Weber, Nicholas Fox. «He lived on another sphere, and made most people feel too normal, less poetic than he was». Henta 3. mars 2019. 
  16. The Josef and Anni Albers Foundation website
  17. Bauhaus100. Anni Albers Arkivert 6. februar 2017 på Wayback Machine. Arkivert 2017-02-06 ved Wayback Machine. (Accessed: 5 February 2017)
  18. «After 1933 – Bauhaus-Archiv | Museum für Gestaltung, Berlin». Henta 3. mars 2019. 
  19. "Anni Albers", Encyclopedia Britannica, Retrieved online 14 October 2018.
  20. 20,0 20,1 Coxon, Ann, red. (2018). Anni Albers. New Haven, Connecticut: Yale University Press. ISBN 9780300237252. OCLC 1026344189. 
  21. The Josef and Anni Albers Foundation website
  22. "Anni Albers", Encyclopedia Britannica, Retrieved online 14 October 2018.
  23. Albers, Anni; Bernal, Ignacio; Coe, Michael Douglas; Hill, John T (1970). Pre-Columbian Mexican miniatures the Josef and Anni Albers collection (på engelsk). New York; Washington: Praeger. OCLC 253845585. 
  24. «Guggenheim». Henta 3. mars 2019. 
  25. «Anni Albers | Knoll». Henta 8. november 2022. 
  26. «Josef and Anni Albers Foundation». Arkivert frå originalen 8. november 2022. Henta 8. november 2022. 
  27. "Anni Albers", Encyclopedia Britannica, Retrieved online 14 October 2018.
  28. Smith, T'ai (2014). Bauhaus Weaving Theory: From Feminine Craft to Mode of Design. Minneapolis: University of Minnesota Press. s. xiii. ISBN 978-0-8166-8723-7. 
  29. Fer, Briony. «Anni Albers: Weaving Magic». Henta 2. mars 2019. 
  30. «ACC Gold Medalists | American Craft Council». Henta 22. februar 2018. 
  31. "Anni Albers", Encyclopedia Britannica, Retrieved online 14 October 2018.
  32. «Albers, Josef». Oxford University Press. 
  33. The Josef and Anni Albers Foundation website
  34. The Josef and Anni Albers Foundation website
  35. The Josef and Anni Albers Foundation: Mission Statement Arkivert 15. juli 2008 på Wayback Machine. Arkivert July 15, 2008, ved Wayback Machine.
  36. Baro, Gene (1977). Anni Albers. Brooklyn, N.Y.: Brooklyn Museum. ISBN 087273062X. OCLC 3630534. 
  37. «With Verticals, 1946 – Museo Guggenheim Bilbao». Museo Guggenheim Bilbao (på engelsk). 
  38. Dickson, Andrew. «Paul Smith on his muse Anni Albers: 'The rest of us are still struggling to catch up'». Henta 12. oktober 2018. 
  39. «Anni Albers | Artworks, Exhibitions, Profile & Content». Henta 5. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre
  • Anni Albers: Prints and Drawings. University Art Gallery, University of California, 1980.
  • Colburn, Mae. «Weaving Outside the Lines». 
  • Coxon, Ann, Briony Fer, and Maria Müller-Schareck, eds (2018). Anni Albers. Yale University Press. ISBN 9780300237252
  • Troy, Virginia Gardner (2002). Anni Albers and Ancient American Textiles: From Bauhaus to Black Mountain. Ashgate. ISBN 0754605019. OCLC 49640549. 
  • Weber, Nicholas Fox (2004). Josef + Anni Albers: designs for living (1st publ. utg.). London: Merrell. ISBN 1858942640. 
  • Albers, Anni (July 5, 1968). Interview with Sevim Fesci. Archives of American Art. New Haven, Connecticut.