Arendalsbanen
Arendalsbanen, eller Arendalslinja eller Nelaugbanen, er ei sidelinje til Sørlandsbanen. Arendalsbanen som går mellom Nelaug og Arendal. Heile banen ligg i Agder fylke.
Arendalsbanen | |
Arendal stasjon i 2006 Foto: Karl Ragnar Gjertsen
| |
Info | |
Land | Noreg |
Type | Sidebane |
System | Éinspora elektrifisert bane |
Status | Regulær trafikk |
Utgangsstasjon | Nelaug stasjon |
Endestasjon | Arendal stasjon |
Tal på stasjonar | 9 |
Drift | |
Opna | 1908 |
Eigar | Bane NOR |
Operatør(ar) | NSB |
Type trafikk | Lokaltrafikk |
Loktypar | NSB type 69 |
Teknisk | |
Lengd | 37 km |
Største stigning | 22 ‰ |
Bruer | 16 |
Tunnelar | 3 |
Planovergangar | 47 |
Banen blir i dag hovudsakleg nytta av passasjerar mellom Arendal og Oslo, og dei må bytte tog på Nelaug. Frå Nelaug er det òg samband til Kristiansand og Stavanger. Arendalsbanen har sidan 1970-talet støtt vore trua av nedlegging. Arendalsbanen vart opphavleg ikkje bygd som sidelinje, men som ein sjølvstendig bane som skulle knytte Arendal til opplandet rundt byen.
Oppgradering
endreBanen vart elektrifisert i 1995. I 2005 vart det opna ein ny haldeplass på Stoa som er det nye handleområdet der banen kryssar E18. I 2014 blei signalsystemet på banen oppgradert med fjernstyring og FATC. Arendalsbanen er planlagt utstyrt med signalsystemet ERTMS i 2028.[1]
Drift
endreBanen er ein av Trafikkpakke 1 Sør.[2] Resultatet av konkurransen var at NSB tapte og det britiskeigde selskapet Go-Ahead Norge overtok drifta frå 15. desember 2019.[3][4] Toga på banen som er eigd av Norske tog, blir trafikkert med elektrisk motorvognsett type 69H (3 vogner) bygd i 1983-84.
Linjekart
endreKilometrering refererer til Oslo
Teiknforklaring | |||
Treungenbanen frå Simonstad | |||
Sørlandsbanen frå Kristiansand | |||
281,41 km | Nelaug (1910/1935) | 141,1 moh. | |
Sørlandsbanen til Drammen | |||
283,16 km | Vimmekilen | ||
Fv273 | |||
285,54 km | Flaten (1910) | 140,4 moh. | |
286,66 km | Flatefoss | ||
287,22 km | Kilane | ||
288,85 km | Haugsjå (1910) | ||
290,71 km | Bøylefossbru (1911) | 105,0 moh. | |
290,75 km | Bøylefoss bru (over Nidelva) (73 m) | ||
290,83 km | Bøylefoss (71 m) | ||
293,28 km | Bøylestad (1910) | 75,0 moh. | |
294,72 km | Langeid | ||
295,85 km | Eivindstad gard | ||
Kv70 | |||
297,39 km | Eivindstad | ||
299,51 km | Froland (1908) | 48,0 moh | |
Fv157 | |||
300,07 km | Nidelva (108 m) | ||
301,06 km | Horvenes | ||
301,16 km | Hurvenes (42 m) | ||
301,79 km | Hurv (- 1989) | ||
302,50 km | Blakstad haldeplass (1989) | 15,0 moh. | |
302,86 km | Blakstad bru (- 1989) | ||
42 Blakstad bru | |||
408 | |||
408 | |||
303,51 km | Blakstad stasjon (1908 - 1989) | 46,0 moh. | |
305,40 km | Messel | ||
307,44 km | Rise (1907) | 44,8 moh. | |
Grimstadbanen, nedlagt | |||
408 | |||
Fv174 | |||
309,77 km | Rossedalen (1911) | ||
Fv175 | |||
312,52 km | Bråstad (1908) | 38,9 moh. | |
313,79 km | Stoa (2008) | ||
42 Sørsvannsveien | |||
42 Frolandsveien arm til E18 | |||
315,26 km | Solbergvatn | ||
42 Frolandsveien | |||
316,23 km | Torbjørnsbu (1911) | ||
316,42 km | Barbu (871 m) | ||
spor til Jernbaneverkstad | |||
410 Blødekjærtunnelen | |||
317,63 km | Arendal (1908) | 7,6 moh. | |
410 Barbudalen | |||
Buttspor for motorvogn | |||
Godsspor i Barbudalen | |||
410 Kystvegen | |||
Arendal godshus | |||
Jernbanekaia, (Barbubukt aust) | |||
Arendal Tollbodkai (Arendal hamn)
|
Kjelder
endre- ↑ «Trafikkpakke Sør» (PDF), www.banenor.no (på norsk), henta 17. august 2021
- ↑ «Trafikkpakke Sør», www.jernbanedirektoratet.no (på norsk), arkivert frå originalen 5. august 2021, henta 17. august 2021
- ↑ «Briter slo NSB om norske jernbanestrekninger», e24.no (på norsk bokmål), henta 17. august 2021
- ↑ Rosef, Thea (14. desember 2019), «Siste tur med Vy på Sørlandsbanen», NRK (på norsk bokmål), henta 17. august 2021
Bakgrunnsstoff
endre- Heimeside (Arendalsbanen.no)
- Jernbaneverket – Arendal – Åmlibanen 100 år (17. desember 2010)
- Arendal på jernbane.net
- – Ukas postkort uke 44: Arendalsbanen Arkivert 2012-07-04 ved Wayback Machine.