Askenasar

(Omdirigert frå Askenasim)

Askenasar eller askenasiske jødar (hebraisk אשכנזי ’aškənazzī) er jødar som stammar frå Mellom- og Aust-Europa. Nemninga omfattar jødane som tradisjonelt budde i Tyskland, Austerrike, Polen, Litauen og andre delar av Aust-Europa. Tidlegare tala alle askenasiske jødar jiddisch.

Der Samstug ('Laurdagen'), ca. 1800 - ei handfarga gravering basert på eit måleri av Frederich Campe. Vi ser tyske askenasar utanfor synagogensjabbát. Mennene har mørke kapper, pipekragar og barettar (hattar med vid pull) — typiske sjabbátklede for tyske askenasím fram til tidleg på 1800-talet.

Sidan 1800-talet har mange emigrert til andre land som Frankrike, USA og Israel.

Askenas (hebraisk אשכנז ’aškənaz) er det eldre hebraiske ordet for Tyskland, og særleg området langs Rhinen der alemannarane budde (jamfør det franske namnet for Tyskland, Allemagne).

Askenasar i Skandinavia endre

Noreg endre

Frå kristendomen vart innført på 1000-talet fram til midten av 1800-talet var askenasar stort sett utelukka frå Noreg anna enn etter spesiell søknad om leidebrev. Etter grunnlovsendringa i 1851 fekk dei askenasiske jødane innreise-, bu- og arbeidsrett, og ei moderat innvandring i dei neste tiåra førte til etablering av mosaiske trussamfunn i Kristiania (Oslo) og Trondheim. Grunnstamma i desse trussamfunna er askenasím — hovudsakleg frå Sverige, Danmark, Tyskland, Polen og dei baltiske landa. Mindre busetnader av askenasím fanst òg i Bergen, Kristiansund, Drammen, Narvik, Tromsø og andre stader, men dei fleste av desse jødiske samfunna vart meir eller mindre utsletta under den andre verdskrigen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Askenasar