Aud Egede Nissen

norsk skodespelar (1893–1974)

Aud Richter (fødd Aud Egede-Nissen; 30. mai 189315. november 1974) var ein norsk film- og teaterskodespelar, filmprodusent og -regissør og teaterinstruktør. Fram til 1931 arbeidde ho hovudsakleg som produsent og skodespelar i tyske stumfilmar. Etter heimkomsten til Noreg etablerte ho seg som teaterskodespelar i 1930-åra, og etter andre verdskrigen var ho ein produktiv instruktør på Nationaltheatret og andre norske scener.

Aud Egede Nissen

Fødd30. mai 1893
FødestadBergen
Død15. november 1974 (81 år)
DødsstadOslo
Aktive år1914–1974, 1974
Verka somfilmregissør, filmprodusent, teaterskodespelar, filmskodespelar, skodespelar
MorGoggi Egede-Nissen
FarAdam Egede-Nissen
EktefelleGeorg Alexander, Paul Richter
BornGeorg Richter
Aud Egede-Nissen, frå debuten hennar i Alt Heidelberg i 1911.

Bakgrunn og familie

endre

Aud Egede-Nissen var dotter av postmeisteren og politikaren Adam Egede-Nissen og Goggi Egede-Nissen. Aud var eldst av elleve søsken, og seks av syskena hennar blei også skodespelarar: Gerd Grieg, Ada Kramm, Gøril Havrevold, Lill Egede-Nissen, Stig Egede-Nissen og Oscar Egede-Nissen.

I 1915 gifta Aud Egede-Nissen seg med den tyske filmskodespelaren Georg Alexander. Saman fekk dei sonen Georg. I 1924 skilde Aud seg frå Alexander og gifta seg med den austerrikske filmskodespelaren Paul Richter. Georg tok etternamnet til stefaren, og blei kjend som skodespelaren Georg Richter. Aud skilde seg frå Paul Richter i 1931. I 1940 gifta ho seg for tredje gong, med byrettsdommar Dag Havrevold, som var bror til Olafr Havrevold og Finn Havrevold. Saman fekk dei sonen Dag Havrevold (jr.), som blei fødd 1938.

Karriere i tysk film

endre

Som 18-åring hadde Aud Egede-Nissen debutert som teaterskodespelar i Noreg, men alt i 1913 flytta ho til Danmark og byrja å arbeida for Dania Biofilm Kompagni i København. I 1914 inviterte teater- og filmmannen Bjørn Bjørnson henne med til Berlin, der det var moglegheiter i den raskt veksande filmbransjen. Dette var byrjinga på ein oppsiktsvekkjande karriere i tysk film. I perioden fram til 1931 spelte Aud i over 80 filmar, og ho regisserte sjølv 18 til. I 1916 var ho med på ei tysk innspeling av Operafantomet.[1] Trass i ekteskapa med Alexander og Richter heldt ho på etternamnet Egede-Nissen i Tyskland, og det er dette ho er kjend under i tysk film. I Noreg arbeidde ho etter heimkomsten på byrjinga av 1930-talet under etternamnet Richter.

I 1917 start Aud Egede-Nissen saman med Georg Alexander selskapet Egede Nissen-film Comp., der ho var kunstnarisk og økonomisk leiar. Alexander regisserte dei fleste filmane, medan Egede-Nissen og søstrene hennar Ada og Gerd spelte dei kvinnelege hovudrollene. Dei aller fleste av filmane til selskapet skal vera tapte, men omtaler av produksjonane tyder på at det hovudsakleg dreide seg om enkle melodrama i føljetongstil eller detektivfilmar. I perioden 1917–1919 produserte Egede Nissen-film Comp minst 29 filmar.

Vanskelegare tider og sentralisering i tysk filmbransje etter enden på fyrste verdskrigen bidrog til at Egede Nissen-film Comp blei nedlagd ved inngangen til 1920-åra. Aud Egede-Nissen konsentrerte seg no om sin eigen skodespelarkarriere og fekk raskt eit gjennombrot. I 1920 spelte ho i to filmar regisserte av Ernst Lubitsch. Lista over filmane hennar i perioden 1920–1931 kan lesast som ei oppramsing av mange av dei mest berømte regissørnamna frå denne gullalderen i tysk film. I tillegg til Lubitsch spelte Egede-Nissen i filmar av mellom anna Friedrich Wilhelm Murnau og Fritz Lang. Ho hadde viktige roller i storfilmar som Dr. Mabuse, der Spieler av Lang og Fantom av Murnau.

Paul Richter hadde også hatt ei rolle i Dr. Mabuse. I 1924, året Aud gifta seg med han, tok Richter steget opp til superstjernestatus med hovudrolla i Die Nibelungen av Lang.

Saman med Paul Richter spelte Aud også i den kuriøse kriminalkomedien Bergenstoget plyndret i natt, ein norsk-tysk produksjon spelt inn i 1928 og basert på kriminalromanen til Nils Lie og Nordahl Grieg.

Teaterskodespelar og –instruktør i Noreg

endre

Aud Richter flytta tilbake til Noreg i 1931 Trass i den breie filmerfaringa hennar skal det norske filmmiljøet ikkje ha vore særleg interessert, og ho kan ikkje seiast å ha prega norsk film avgjerande. Richter medverka likevel som produksjonsleiar på filmane En glad gut (1932) og Syndere i sommrsol (1934). Under andre verdskrigen hadde ho biroller i filmane Hansen og Hansen (1941) og Trysil-Knut (1942).

Men det var som teaterskodespelar og –instruktør at Richter gjorde seg særleg merka etter heimkomsten til Noreg. I februar 1934 hadde ho den fyrste rolla si ved Nationaltheatret, som Hermione i Et vintereventyr av Shakespeare. Ho spelte endå tre oppsetjingar der same året. I 1935 spelte ho Gertrud i Hamlet.

I 1939 hadde Richter debuten sin som teaterinstruktør med Arne Skouen sitt stykke Ansikt til ansikt på Søilen Teater. Ho var ein mykje brukt instruktør etter andre verdskrigen, med oppsetjingar på mellom anna Den Nationale Scene i Bergen, Det nye teateret, Nationaltheatret og Rogaland Teater i Stavanger. Aud Richter instruerte ni ulike oppsetjingar på Nationaltheatret i perioden 1955–62. Blant stykka var En ideell ektemann og Hvem er Ernest? av Oscar Wilde. Oppsetjinga hennar av Det lykkelige valg av Nils Kjær blei ein suksess både på Nationaltheatret og Den Nationale Scene i 1959.

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • «Aud Richter» i Norsk biografisk leksikon s. 360-361, Kunnskapsforlaget 1999.
  • Egede-Nissen, Aud: Ellertsen og Egede-Nissens samlede verker, eget forlag, 2004 (forfatteren er niese av Aud Richter).
  • Øvrebø, Olav Anders: «Glemte stjerner. Norske skuespillere i tysk film 1914-45», Syn og Segn nr. 3, 1998. Også publisert på egne websider.