Tinn Austbygd
Austbygde, òg skrive Austbygdi, er eit sokn og ein tettstad i Tinn kommune i Telemark fylke.
Austbygde | |||
tettstad | |||
Austbygde frå sørsida av Tinnsjå
Foto: Tommy Gildseth | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Tinn | ||
Areal | 0,49 km² | ||
Folketal | 392 (2023) | ||
Folketettleik | 800 / km² | ||
Postnummer | 3650 TINN AUSTBYGD | ||
Austbygdi 59°59′44″N 8°49′42″E / 59.995542°N 8.828253°E | |||
Wikimedia Commons: Austbygde | |||
Tettstaden endre
Austbygde tettstad har 392 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg vel tre mils køyring nordaust frå Rjukan, ved nordaustre enden av innsjøen Tinnsjå, der Tessungdalen med Austbygdåe kjem frå nord og møter sjøen.
Folketalsutvikling i Austbygde tettstad | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1946 | 181 | |||
1950 | 245 | |||
1960 | 228 | |||
1970 | 252 | |||
1980 | 280 | |||
1990 | 289 | |||
2000 | 310 | |||
2009 | 354 | |||
2012 | 356 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
Austbygde sokn endre
Austbygde sokn vart skipa i 1888, ved frådeling av den austre delen av Atrå sokn. Same år vart Austbygde kyrkje, 4 kilometer nord for tettstaden, vigsla. Folketalet i soknet har alt frå skipinga lege nokså stabilt rundt 1 000 innbyggjarar.
Språk endre
Nynorsk vart innført som målform i skulen i 1908, liksom i dei fleste andre bygdeskulane i Tinn kommune. I 2010 vart skulane i Austbygde sokn lagt ned, samstundes som bokmål vart teke i bruk som målform i alle skular i kommunen. I kyrkja brukast fortsatt nynorsk.
Sjå òg endre
Kjelder endre
Bakgrunnsstoff endre
- Eldre fotografi frå Austbygde på nettstaden til NasjonalbiblioteketDenne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.