Babe I'm Gonna Leave You

«Babe I'm Gonna Leave You» er ei folkevise skriven av Anne Bredon (då kjend som Anne Johannson) seint i 1950-åra. Han vart spelt inn av Joan Baez (tilskriven som «tradisjonell») og gjeven ut på albumet hennar Joan Baez in Concert, Part 1 i 1962, samt av det engelske rockebandet Led Zeppelin, som gav han ut på debutalbumet Led Zeppelin i 1969. Andre tolkingar av Bredon-songen er versjonar av The Plebs (1964 Decca Records UK/MGM Records USA), The Association i 1965 (som òg gav ut eit konsertopptak i 1970) og Mark Wynter i 1965. Quicksilver Messenger Service spelte ein variasjon av songen i 1967. Det walisiske bandet Man spelte seinare QMS-songen på album Maximum Darkness i 1976.

Joan Baez-versjonen endre

Medan ho var student ved UC-Berkeley kring 1960, spelte Anne Bredon på eit folkemusikkshow på radioprogrammet The Midnight SpecialKPFA, der ho song «Babe, I'm Gonna Leave You».[1] Den andre visesongaren som var gjest på The Midnight Special, Janet Smith, tok opp songen og utvikla han vidare og spelte han på konsertar ved Oberlin College. Ein av desse konsertane vart sett av Joan Baez.[1] Baez bad Smith om å sende ho ei innspeling av songane hennar, med mellom anna «Babe, I'm Gonna Leave You», som Baez så starta å spele sjølv. Det vart opningssporet på Joan Baez in Concert, Part 1.[1] Opphavleg vart ikkje songen tilskriven nokon, men etter at Smith kontakta Bredon, som stadfesta at ho hadde skrive songen, vart seinare innspelingr av songen av Baez tilskriven Bredon.[2]

Led Zeppelin-versjonen endre

Babe I'm Gonna Leave You
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin
Utgjeve 12. januar 1969
Innspelt Oktober 1968
Sjanger Bluesrock, hardrock
Lengd 6:41
Selskap Atlantic
Tekstforfattar Robert Plant
Låtskrivar(ar) Page, Plant og Bredon
Produsent Jimmy Page

Bandet vart inspirert til å spele inn songen etter å ha høyrt utgåva til Baez. Både gitarist Jimmy Page og songaren Robert Plant var tilhengjarar av Baez. På det originale albumet til Baez stod det ikkje kven som hadde skrive songen, så Led Zeppelin oppførte songen som «Trad. arr. Page». I 1980-åra vart Bredon klar over Led Zeppelin si utgåve av songen. Sidan 1900 har Led Zeppelin-utgåva vorte tilskriven Anne Bredon/Jimmy Page & Robert Plant, og Bredon har fått utbetalt store utbetalingar for honorara.[2][3]

Dette var songen Page spelte til Plant første gong dei møttest. Møte fann stad heime hos Page i Pangbourne seint i juli 1968.[3] Det vert stundom sagt at songen utvikla seg då Plant spelte for Page gitararrangementet som etter kvart vart nytta på albumet. I eit intervju han gav Guitar World i 1998 motsa Page denne historia, og sa at han hadde kome fram til arrangementet lenge før han møtte Plant, og Plant på denne tida ikkje ein gong spelte gitar.[4]

Det er rykte om at Page spelte inn ei anna utgåve av songen, med Steve Winwood, i 1968, som aldri er gjeven ut.[5]

1:43 ut i songen kan ein svakt høyre i bakgrunnen Plant synge «I can hear it calling me», like før han syng same linja med fullt volum. Dette er lekkasje frå vokalen til Plant på lydsporet for trommene, som vart spelt inn live med fullt band.

Bandet spelte songen på konsertane sine i 1969, og henta han først fram att då Page and Plant heldt konsertar i 1998, då i ein ni minuttar lang versjon.

Ein konsertversjon vart filma på Danmarks Radio i Gladsaxe i Danmark, den 17. mars 1969, og finst på Led Zeppelin DVD (2003).

Plateprodusent Rick Rubin har sagt om songen: «Det er ein song med eit klassisk karakter som òg verkeleg rockar. Han tar deg verkeleg med på tur.»[6] Songen vart nytta i ein episode av One Tree Hill kalla «The Show Must Go On» i 2006.[7]

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Tilskriven Page/Plant/Bredon

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Janet Smith, "The 'Babe I'm Gonna Leave You' Story," in The Gate at the End of the World: A Collection of Songs by Anne Bredon (Bella Roma Music, 1991), s. vii-x.
  2. 2,0 2,1 "Babe I'm Gonna Leave You" at The Originals Project
  3. 3,0 3,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9
  4. Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, January 1998.
  5. Steve Winwood Fans' Site: Collaborations & Sessions: Unreleased Material
  6. The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 21. mars 2011.
  7. One Tree Hill's "The Show Must Go On"

Bakgrunnsstoff endre