Barcelona av Freddie Mercury og Montserrat Caballé

Barcelona
Singel av Freddie Mercury & Montserrat Caballé
frå albumet Barcelona
B-side

«Exercises in Free Love» (3:58)

Språk engelsk, spansk
Utgjeve 26. oktober 1987
Innspelt 1987
Sjanger Classical crossover
Lengd 4:28 (singel)

5:39 (album)

Selskap Polydor
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury/Mike Moran
Produsent Freddie Mercury, Mike Moran og David Richards
Freddie Mercury-kronologi 
«The Great Pretender»
(1987)
Barcelona «The Golden Boy»
(1988)


«Barcelona» er ein singel av Queen-vokalisten Freddie Mercury og opera-sopranen Montserrat Caballé. Songen vart gjeven ut på samarbeidsalbumet deira, Barcelona, og finst òg på Queen-albumet Greatest Hits III.

Songen syner kjærleiken Mercury hadde for opera med dei lyste notane hans og operavokalen til Caballé, akkompagnert av fullt orkester. «Bracelona» kom først ut som singel i 1987. Han var ein av dei største hittane i solokarrieren til Mercury, og nådde åttandeplassen på UK Singles Chart. Etter at Mercury døydde i 1991 vart songen nytta som kjenningsmelodi under sommar-OL 1992 og klatra då enno høgare, til andreplassen i Storbritannia, Nederland og New Zealand.

Historie endre

Mercury hadde lenge vore fan av opera, og særleg av songaren Montserrat Caballé.[1] I 1986 nemnte han på spansk fjernsyn at han hadde lyst å treffe ho personleg. Dei hadde eit venleg møte i Barcelona i februar 1987. Seinare, då byen vart vald som vertsby for sommar-OL 1992, vart Caballé, som var frå byen, spurt om å produsere ein song for leikane. Ho spurte så Mercury om han ville vere med på prosjektet. Mercury vart entusiastisk og istaden for å spele inn ein singel, føreslo ho å spele inn eit heilt album, noko Mercury gjekk med på.[2] Songen «Barcelona» måtte vere opningssongen og måtte vere ferdig i 1988, og sendast inn som ein kandidat til OL-temaet i 1992.[3] Innspelinga var komplisert på grunn av dei mange planane til Caballé. For å spare ho tid, spelte Mercury derfor inn songen, og song hennar parti i falsett. Han sendte lydbandet til Caballé for å førebu henne for den felles innspelinga deira i studio.[4]

Songen endre

Songen vart skriven av Mercury og Mike Moran, som òg er med i videoen til songen og spelar piano og alle klaverinstrument.[1] Songen opnar med ein orkesterintroduksjon, som tonar ut og vert etterfølgt av Mercury og Caballé som syng kvar si sololinje, som stundom glir over i ein duett. Når «Barcelona» vert sungen, i tillegg til eit par andre stader i songen, har Mercury lagt spor på spor med stemma si for å skape eit stort kor. Mercury fører songen, medan Caballé skapar ein mektig «bakgrunnssopran». Sidan Caballé dekkjer sopran-delen, syng Mercury i den naturlege barytonstemma si, i staden for tenor, som var vanleg på mange av innspelingane hans.[4]

Songen har blitt skildra som eit sjeldan lærebokdøme på kombinasjonen av pop og opera, der ein har lagt vekk på skilnadane deira.[5] Mercury artikulerer kvart ord, medan Caballé fokuserer på tonen, og linjene hennar er mykje vanskelegare å forstå. I tillegg syng ho både på engelsk og spansk.[6] Mercury var visstnok forbløffa over kor godt Caballé klarte å kontrollere stemma si. Til dømes måtte han sjølv ta eit steg bort frå mikrofonen for å styre stemmeintensiteten, medan ho ikkje rørte seg i det heile.[7]

Versjonar endre

I 2000 kom The Solo Collection med ein tidleg versjon av songen med ein annan tekst.

Medverkande endre

Lister endre

Land Plassering Periode Veker på lista Plassering Periode Veker på lista
Australia[8] 42 16–23 Aug 1992 2
France[8] 6 29 Aug – 5 Sep 1992 9
Tyskland[9] 47 25–31 Jan 1988 5
Irland[10] 8 ~5 Nov 1987 3 3 ~6 Aug 1992 8
Nederland[8] 37 28 Nov – 5 Dec 1987 9 2 29 Aug – 12 Sep 1992 16
New Zealand[8] 2 9–16 Aug 1992 7
Sverige[8] 15 20 Jan – 3 Feb 1988 3 12 19 Aug – 2 Sep 1992 4
Sveits[8] 8 30 Aug – 6 Sep 1992 13
UK[11][12] 8 14–21 Nov 1987 9 2 15–29 Aug 1992[13] 8
 
La Nit-festivalen i Barcelona, 8. oktober 1988, den siste konserten til Freddie Mercury.

Songen vart framført live for første gongen i mai 1987, ved Ibiza-festivalen, på nattklubben Ku (i dag Privilege Ibiza, den «største nattklubben i verda»).[14] Den neste framsyninga var 8. oktober 1988, under friluftsfestivalen La Nit i Barcelona, som vart halden då det olympiske flagget kom til byen frå Seoul. Mercury og Caballé stod saman på scenen med tre songar, «Barcelona», «How Can I Go On» og «The Golden Boy».[15][16] Dette var siste gongen Mercury stod på scenen, då han var byrja å merka AIDS-sjukdommen han hadde.[17] Mercury døydde i 1991, og innspelinga av songen vart spelt under opningsseremonien til sommar-OL 1992.[18][19]

Før starten på finalen i Meisterligaen i 1999 mellom Manchester United og Bayern München, som vart spelt på Camp Nou stadion i Barcelona, framførte Caballé «Barcelona» live, akkompagnert av Mercury som dukka opp på skjermane kring stadion.[20]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Queen Songs – The Book: Freddie Mercury. Queensongs.info. Henta 1. august 2016.
  2. Freestone, s. 105
  3. Freestone, s. 107
  4. 4,0 4,1 Freestone, s. 108
  5. John Shepherd (27. februar 2003). Continuum encyclopedia of popular music of the world: VolumeII: Performance and production. Continuum International Publishing Group. s. 455. ISBN 978-0-8264-6322-7. Henta 1. mars 2011. 
  6. John Potter (2. november 2006). Vocal Authority: Singing Style and Ideology. Cambridge University Press. s. 188–189. ISBN 978-0-521-02743-4. Henta 1. mars 2011. 
  7. Freestone, s. 109
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 Charts Australia/France/Nederland/New Zealand Arkivert 2018-04-04 ved Wayback Machine./Sweden/Switzerland. Henta 28. februar 2011
  9. Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche. musicline.de. Henta 30. juni 2016.
  10. The Irish Charts
  11. Queen International Singles Chart Positions. Pcpki.com. Henta 30. juni 2016.
  12. Neil Warwick; Jon Kutner; Tony Brown (1. august 2004). The complete book of the British charts: singles & albums. Omnibus Press. s. 680. ISBN 978-1-84449-058-5. Henta 28. februar 2011. 
  13. Freddie Mercury And Montserrat Caballe – Barcelona {1992}. Chart Stats (1992-09-26). Henta 1. august 2016.
  14. Freestone, s. 126
  15. Freestone, s. 127
  16. Freddie Mercury Biography. hotshotdigital.com. Henta 1. august 2016.
  17. Freddie Mercury: biography Arkivert 2011-10-04 ved Wayback Machine.. Freddie.ru. Henta 1. august 2016.
  18. «Barcelona 92: inicio de la ceremonia». YouTube. Henta 1. august 2016. 
  19. «La ceremonia de inauguración». El Mundo Deportivo(newspaper library). 20. juli 1992. Henta 1. august 2016. 
  20. Queen's Greatest Hits 3, BBC, 22. mars 2005

Bakgrunnsstoff endre