Beaufortskalaen

(Omdirigert frå Beaufort-skalaen)

Beaufortskalaen er ein empirisk klassifikasjon av vindsnøggleiken. Skalaen vart laga i 1806 av den britiske marineoffiseren sir Francis Beaufort.[1]

Admiral Beaufort baserte skalaen på seglføringa ved bivindsegling (segling med vinden i dei førande kvadrantane) på fullrigga orlogsfartøy tidleg på 1800-talet. Skalaen fekk 13 nivå der 0-4 omfattar farten som fartøyet kan ventast å nå med alle segl sette, 5-9 om den seglsettinga som trengst for å halda på manøvreringsevna i ein stridssituasjon og 10-12 om korleis fartøyet skal handterast for å overleva. Seinare meteorologar (the International Meteorological Committee, 1946) har lagt til trinn 13-17 som òg omfattar dei vindstyrkane som kan oppstå i tropiske orkanar, tornadoar (skypumper) og liknande.

Historie endre

1800-talet fanst fleire vindskalaer rundt om i verda, og det er nokså tilfeldig at nettopp den Beaufort stod bak har overlevd og blitt ein universell standard. Slumpen blei hjelpt av to oppfinningar og ein vêrkatastrofe.

Beauforts skala blei sett som standard av den britiske marinen i 1838. I 1837 fann Samuel Morse opp telegrafen, og i 1846 kom T. R. Robinson med skål-anemometeret for vindmåling. I slaget ved Sevastopol i 1854 slo så ein overraskande vinterstorm store delar av dei franske og engelske flåtane til pinneved. På bakgrunn av dette såg ein at ein trengde varslingar for plutselege omslag i vêret. Framsynte personar i admiralitetet kopla då saman dei nye eksakte vindmålingane og høvet siffera til Beaufort gav dei til å kunna telegrafera prognosar til flåteeiningane.

1900-talet kom skalaen til å bli tolka på ulike måtar i samband med at ein prøvde å omsetja stega hans til ein felles standard med vindfart og meteorologiske nemningar. Dette var eit innvikla arbeid, dels med tanke på ulike eininggsystem og dels ettersom seglsetjinga på orlogsfartøy ikkje lenger var allmenn kunnskap. Gradvis voks ein felles standard fram, og ved midten av 1900-talet hadde dei nye vindstyrkenemningane slått ut Beauforts-sifra i dei fleste samanhenger, bortsett frå i skipsloggbøkene.

Skalaen endre

Vindstyrke i beaufort Vindfart Middel vindfart (knop / km/h / mph) Symbol Nemning (Eldre sjønemning i kursiv) Signifikant bølgjehøgd[a] Verknad til sjøs Verknad på land
knop km/t mph m/s m ft
0 0 0 0 0-0,2 0 / 0 / 0   Stille
Stille
0 0 Sjøen er spegelblank (havblikk). Røyk stig rett opp.
1 1-3 1-6 1-3 0,3-1,5 2 / 4 / 2   Flau vind
Laber kuling
0,1 0,33 Krusningar dannar seg på havflata. Ein kan sjå vindretninga av røykdrifta.
2 4-6 7-11 4-7 1,6-3,3 5 / 9 / 6   Svak vind
Laber bramseils kuling
0,2 0,66 Små korte, men tydelege bølger med glatte kammar som ikkje bryt. Følbar, rører blad på trea, løfter ein vimpel.
3 7-10 12-19 8-12 3,4-5,4 9 / 17 / 11   Lett bris
Bramseils kuling
0,6 2 Småbølgene tek til å toppa seg. Det blir danna skum som ser ut som glas. Ein og annan skumskavl kan førekoma. Lauv og småkvistar rører seg, vinden strekker lette flagg og vimplar.
4 11-16 20-29 13-18 5,5-7,9 13 / 24 / 15   Laber bris
Mersseils kuling
1 3,3 Bølgene blir lengre. Ein del skumskavlar. Løfter støv og lause papir, rører på kvistar og smågreiner, strekker større flagg og vimpler.
5 17-21 30-39 19-24 8,0-10,7 19 / 35 / 22   Frisk bris
Enkeltreva mersseils kuling
2 6,6 Middelsstore bølger som har ei meir utprega langstrekt form og med mange skumskavlar. Sjøsprøyt frå toppene kan førekoma. Småtre med lauv tek til å svaia, på vatn tek bølgene til å toppa seg.
6 22-27 40-50 25-31 10,8-13,8 24 / 44 / 27   Liten kuling
Toreva kuling
3 9,9 Store bølger tek til å danna seg. Skumskavlane er større overalt. Gjerne noko sjøsprøyt. Store greiner og mindre stammar rører seg, det kvin i telefontrådane, det er vanskeleg å bruka paraply, ein merkar motstand når ein går.
7 28-33 51-62 32-38 13,9-17,1 30 / 56 / 35   Stiv kuling
Trereva kuling
4 13,1 Sjøen hopar seg opp, og kvitt skum frå bølger. Toppar som bryt tek til å blåsa i strimer i vindretninga. Heile tre rører seg, vanskeleg å gå mot vinden.
8 34-40 63-75 39-46 17,2-20,7 37 / 68 / 42   Sterk kuling
Klossreva kuling
5,5 18 Middels høge bølger av større lengde. Bølgekammane er ved å brytast opp til sjørokk som driv i tydeleg markerte strimer med vinden. Brekk kvistar av trea, tungt å gå mot vinden.
9 41-47 76-87 47-54 20,8-24,4 44 / 81 / 50   Liten storm
Storsegls kuling
7 23 Høge bølgjer. Tette skumstrimer driv i vindretninga. Sjøen tek til å «rulla». Sjørokket kan minska synsvidda. Heile store tre svaiar og hiv, takstein kan blåsa ned.[b]
10 48-55 88-102 55-63 24,5-28,4 52 / 96 / 60   Full storm
Storm
9 29,5 Svært høge bølger med lange overhengande kammar. Skummet som blir danna i store flak driv med vinden i tette kvite strimer så sjøen får ein kvitaktig utsjånad. Rullinga blir tung og støytande. Synsvidda nedsett. Sjeldan inne i landet, tre blir rykte opp med rot, stor skade på hus.[b]
11 56-63 103-117 64-72 28,5-32,6 60 / 111 / 69   Sterk storm
Sterk storm
11,5 37,7 Uvanleg høge bølgjer. Små og middelsstore skip kan for ei tid forsvinna i bølgjedalane. Sjøen er fullstendig dekt av lange, kvite skumflak som ligg i vindretninga. Overalt bles bølgekammane til frådeliknande skum. Sjørokket set ned synsvidda. Svært sjeldan, medfører store øydeleggingar.[b]
12 >63 >117 >72 32,7–36,9 N/A   Orkan
Orkan
14+ 46+ Lufta er fylt av skum og sjørokk som sett ned synsvidda betydeleg. Sjøen er fullstendig kvit av drivande skum. Skjer svært sjeldan, uvanleg store øydeleggingar.[b]
13 133,0-149,04 37,0–41,4
14 149,04-165,96 41,5–46,1
15 166,32-183,24 46,2–50,9

Styrkenemningane og fartsintervalla viser til middelverdien av vinden. Ved instrumentmålingar nyttar ein gjennomsnittet for 10 minutt, og vinden er derfor som regel sterkare i kasta.

Merknadar endre

  1. Bølgjehøgdene i tabellen viser til høgda bølgjene kan få ved ein viss vindstyrke i løpet av ein periode på om lag 12 timar. Med jamn vind av ein viss styrke i opp til 48 timar kan bølgjehøgda verte 70-100 % høgare, men ikkje høgare enn 19 m frå 30 m/s og oppover.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Verknad på land» gjeld som regel for område som vanlegvis ikkje vert råka av kraftig vind. I område der slike vindstyrkar oppstår med jamne mellomrom er bygningar og infrastruktur som oftast dimensjonert til å tole slike vindar. Øydeleggingar kan likevel oppstå, særleg i sterk storm og orkan, men ikkje nødvendigvis av stor karakter.

Kjelder endre

  1. Seter, Kristin; Sivle, Anders Doksæter (2. februar 2024). «Beauforts vindskala». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff endre