Bekblende
Bekblende (frå tysk Pechblende), uranbekerts eller uraninitt er eit svart og tungt mineral og svært radioaktivt materiale som for det meste inneheld uranoksid, hovudsakleg UO2, men kan òg innehalde UO3 og oksyd av bly, thorium og sjeldne jordmetall. Stoffet blir nytta som malm for å vinna ut uran, og radium, som er eit nedbrytingsprodukt av uran.
Uraninitt | |||
Bekblende frå Niederschlema-Alberoda-avsetjinga i Tyskland | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksydmineral | ||
Kjemisk formel | Urandioksid eller uran(IV)-oksid (UO2) | ||
Strunz-klassifisering | 04.DL.05 | ||
Krystallsymmetri | Isometrisk, heksoktahedral H-M-symbol: (4/m32/m) Romgruppe: F m3m | ||
Einingscelle | a = 5.4682 Å; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Stålsvart til fløyelssvart, brunsvart, bleik grå til bleik grøn; i transmittert lys, bleik grøn, bleik gul til mørkebrun | ||
Krystallform | Massiv, botryoidal, korna. Åttesidige krystallar er uvanleg. | ||
Krystallsystem | Isometrisk | ||
Kløyv | Utydeleg | ||
Brot | Muslig til Ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 5–6 | ||
Glans | Undermetallisk, feittete, matt | ||
Strekfarge | brunsvart, grå, olivengrøn | ||
Transparens | Ugjennomsiktig; gjennomsiktig i tynne fragment | ||
Spesifikk vekt | 10.63–10.95; minkar ved oksidering | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Isotrop | ||
Andre eigenskapar | Radioaktiv: meir enn 70 Bq/g | ||
Kjelder | [1][2][3][4] | ||
Viktige variantar | |||
Bekblende | Massiv |
Mineralet har vore kjend sidan minst 1400-talet frå sølvgruver i Malmfjella på grensa mellom Tyskland og Tsjekkia. Typelokaliteten er byen Jáchymov på den tsjekkiske sida av fjella, der F.E. Brückmann skildra mineralet i 1727. Ein finn stoffet i produsentland som Sør-Afrika, USA og Canada. Det finst òg i Tyskland, England og Australia.
Krystallisert bekblende finst i minerala cleveitt og brøggeritt, som mellom anna finst i Noreg.
Kjelder
endre- Nynorskordboka og Bokmålsordboka
- Caplex [1] [2]
- Bekblende. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.
- Engelsk Wikipedia
- ↑ Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, Jr., Manual of Mineralogy, Wiley, 1985, 20th ed. s. 307–308 ISBN 0-471-80580-7
- ↑ Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C. (red.). «Uraninite». Handbook of Mineralogy (PDF). III (Halides, Hydroksyds, Oxides). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0-9622097-2-4. Henta December 5, 2011.
- ↑ Uraninite. Mindat.org
- ↑ Uraninite. Webmineral.com