Benny Gallagher

(Omdirigert frå Bennie Gallagher)

Bernard Joseph «Benny» Gallagher (fødd 10. juni 1945) er ein skotsk singer-songwriter og multi-instrumentalist. Han er mest kjent som den eine halvdelen av duoen Gallagher and Lyle.

Benny Gallagher

Fødd10. juni 1945 (79 år)
FødestadLargs
FødenamnBernard Joseph Gallagher
OpphavStorbritannia
Instrumenttrekkspel, bassgitar, mandolin, munnspel, gitar, piano, vokal
Stemmetypetenor
Verka somsongar, mandolinspelar, pianist, låtskrivar, gitarist, komponist, musikar
BornJulian Gallagher

Liv og virke

endre

Gallagher hadde irske foreldre. Han var elev ved St Michael's Academy i Kilwinning, og arbeidde deretter som elektrikar ved skipsverfta i Glasgow.[1] I løpet av denne tida spelte han òg bassgitar i den lokale halvprofesjonelle beatgruppa The Bluefrets, som hadde Graham Lyle på gitar.[2]

Den fyrste publiserte songen til Gallagher var «Mr Heartbreak's Here Instead», som han skreiv saman med Andrew Galt. Denne blei spelt inn som ein singel for EMI-Columbia i 1964 av Dean Ford and The Gaylords,[3] ei gruppe som seinare blei omdanna til Marmelade.

Galt laga så to singlar for Pye Records, «Comes The Dawn» og «With My Baby», under namnet James Galt; begge var medskrivne og hadde bakgrunnvokal av Gallagher og Graham Lyle.[4][5]

I 1966 flytta Gallagher og Lyle, som no hadde danna ein partnarskap som låtskrivarar, til London for å oppnå ein utgjevingsavtale. Begge heldt fram med å ha jobbar, Gallagher som elektrikar og Lyle som kontorarbeidar, medan dei venta på det store gjennombrotet. Etter ein miskukka kontrakt med Polydor, som førte til ein mislukka singel, gjekk låtskrivarparet til Apple Corps og skreiv fleire songar for Mary Hopkin.[6]

Gallagher og Lyle kom fyrst på topplista som utøvarar i slutten av 1970 som medlemmar av McGuinness Flint, eit blues-rockband skipa av den tidlegare Manfred Mann-gitaristen Tom McGuinness. Dette bandet laga to godt mottekne album og fekk to Topp 5-singlar i Storbritannia med «When I'm Dead and Gone» og «Malt and Barley Blues», før Gallagher og Lyle gjekk ut av gruppa for å verka som ein duo. Gallagher blei nemnd som Bernard Gallagher på notatkopiar av tidlege songar som desse, men forkorta seinare fornamnet sitt for å unngå samanblanding med golfspelaren Bernard Gallacher.

Mellom 1972 og 1975 gav Gallagher og Lyle ut fire album for A&M: Gallagher and Lyle, Willie and the Lap Dog, Seeds og The Last Cowboy, alle som vart produserte av Glyn Johns, og fekk gode meldingar.[6] Gallagher og Lyle var òg ei kort tid med i Ronnie Lane sitt band Slim Chance, spelte inn albumet Anymore For Anymore med han og støtta han på fleire TV-framføringar, inkludert på Top of the Pops for å promotera hittsingelen «How Come».

Det var ikkje før i 1976 at duoen fekk stor suksess etter å ha samarbeidd med den amerikanske produsenten David Kershenbaum på det femte albumet sitt Breakaway. Dette gav dei to britiske top 10 singlar, «I Wanna Stay With You» og «Heart on My Sleeve», som begge gjekk inn på topplista i USA. Den siste songen blei også spelt inn med suksess av Bryan Ferry.[7] Albumet inneheld «Stay Young», som Don Williams tok til fyrsteplassen 1 på den amerikanske C&W-lista, medan Art Garfunkel fekk ein fyrsteplass på den amerikanske Adult Contemporary-lista med tittelsongen «Breakaway».[6]

Det neste albumet til duoen, Love on the Airwaves, som òg var produsert av Kershenbaum, selte til sølv i Storbritannia, men gav dei berre ein mindre hittsingel, «Every Little Teardrop», som nådde 32. plassen.[8] Dei siste to albuma deira, Showdown og Lonesome No More - sistnemnde gjeve ut på Mercury Records - gjekk ikkje inn på lista. Dei song bakgrunnsvokal på ein mindre hitt av Elkie Brooks, ein coververjson av «The Runaway» i 1979, ogdette var siste gongen dei var med på topplistene.[9] Gallagher og Lyle skilde lag i 1980, og etterlét seg eit niande album, Living on the Breadline, som ikkje blei gjeve ut. Ein song som var spelt inn til for dette, «A Heart in New York», blei spelt inn av Art Garfunkel til albumet Scissors Cut, og blei ein stor amerikansk Adult Contemporary-hitt for han i 1981.[10]

Gallagher heldt ein låg profil i mesteparten av 1980-talet, men dukka opp igjen i 1992 som bassist med The Manfreds, som var sett saman av Manfred Mann-medlemmar og tilknytte artistar på 1960-talet. Han var medlem heilt til 1999, og turnerte rundt i verda med bandet og var med på eit livealbum som kom ut i 1998. I løpet av tida si i gruppa var han medgrunnleggjar og leiar i royalties- kampanjeorganet PAMRA, som blei oppretta for å sikra ein rettvis del av royaltyar for musikarar frå innspelingar og framføringar.[11]

Etter ein periode som bassist med Dr Hook i 1999 og 2000,[12][13] la Gallagher ut på ein solokarriere som songforfattar, med turnering i folkeklubbar og på festivalar. Han heldt òg workshopar over heile dei britiske øyane for nye låtskrivarar, og blei utnemnd til Companion of LIPA (Liverpool Institute for Performing Arts) av Paul McCartney i 2001 som anerkjenning for arbeidet sitt som låtskrivartrenar ved colleget.[11]

I 2010 gjekk Gallagher saman med Lyle att for å halda to konsertar i den tidlegare heimbyen sin Largs til støtte for Haylie House, ein omsutheim i byen.[14] Dei gjekk så saman att i ein duo og opptredde ved to arrangement i 2011: The Big Gig på Barrowland nattklubb i Glasgow, saman med Marti Pellow, Jim Diamond og Midge Ure, og MOARE Festival i Faversham i Kent.[15][16]

I 2012 la duoen ut på ein utseld turné i Skottland,[17] med banneret «The Homecoming Tour». Settet deira på 22 songar inkluderte alle dei britiske listeplasseringane deira og begge dei amerikanske listetopperane, i tillegg til «A Heart in New York» og «Willie», der Gallagher spelte munnspel.[18]

I mars 2016 spelte Gallagher og Lyle saman på Belfast Nashville Songwriters' Festival.[19] I november 2016 spelte duoen fire konsertar på rad på The Green Hotel i Kinross.[20]

Sommaren 2017 spelte duoen som del av sesongen «Byre at The Botanics» i St Andrews,[21] på Belladrum Festival i Inverness[22] og i Albany Theatre i Greenock.[23]

I mars 2018 vende duoen tilbake til Belfast for å spela på Belfast Nashville Songwriters' Festival.[24]

Gallagher har gjeve ut to soloalbum på sitt eige merke OnSong: On Stage og At The Edge of the Wave. Sistnemnde inneheld «Tusitala», ein hyllest til Robert Louis Stevenson; songen var òg med på Greentrax-CD-en The Great Tapestry of Scotland.[25]

Musikal

endre

Caledonia USA, ein musikal basert på songene til Gallagher og Lyle, blei sett opp i Largs i april 2016.[26][27] Han blei opphavleg kalla «When I'm Dead and Gone», men blei omdøypt etter ein ny song skriven spesielt for showet av duoen.[28]

Privatliv

endre

Gallagher og kona hans Diane har fire born: Tvillingparet Dillon og Paul og tvillingparet Julian og Claire. Både Dillon og Julian jobbar i musikkindustrien, den fyrste som produsent og den siste som låtskrivar, mellom anna for 5iv og Kylie Minogue. Benny og Diane Gallagher blei besteforeldre i 2013.[29]

Diskografi

endre
  • On Stage (2006, OnSong)
  • At The Edge of the Wave (2007, OnSong)

Kjelder

endre
  1. «Celebrating the gift of life, Clydeside way (From Herald Scotland)». Henta 16 October 2016. 
  2. «Gallagher & Lyle – Free listening, videos, concerts, stats and photos». Henta 16 October 2016. 
  3. «Dean Ford and the Gaylords – Mr Heartbreak's Here Instead/I Won't – Columbia – UK – DB 7402». Henta 30 June 2014. 
  4. «James Galt - Comes The Dawn/In My Own Way - Pye - UK - 7N 15936». Henta 16 October 2016. 
  5. «James Galt - With My Baby/A Most Unusual Feeling - Pye - UK - 7N 17021». Henta 16 October 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Biography». AllMusic. Henta 28 April 2009. 
  7. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 220. ISBN 1-904994-10-5. 
  8. «GALLAGHER & LYLE | full Official Chart History | Official Charts Company». Henta 10. mars 2021. 
  9. «Elkie Brooks - Runaway». YouTube. Arkivert frå originalen 16. mars 2016. Henta 16 October 2016. 
  10. «Art Garfunkel». Billboard. Henta 10. mars 2021. 
  11. 11,0 11,1 «Artists2Events-BENNY GALLAGHER». Henta 30 June 2014. 
  12. «The blackroom - Dr Hook - 9 March 1999». 
  13. «Tour archive for Dennis Locorriere (Concert). 30th January 2000-8th June 2000 [TOUR]». 
  14. «Extra tickets for Gallagher and Lyle show». Henta 30 June 2014. 
  15. «The Big Gig». Bauer Media. Arkivert frå originalen 17 December 2014. Henta 30 June 2014. 
  16. «Saturday night: Gallagher & Lyle, Hamish Stuart». Faversham People. Arkivert frå originalen 24 December 2013. Henta 30 June 2014. 
  17. «Gallagher & Lyle: The Homecoming Tour at The Lemon Tree in Aberdeen, Aberdeen City». Arkivert frå originalen 24 December 2013. Henta 30 June 2014. 
  18. «Untitle photograph og Gallagher performing». Encrypted-tbn2.gstatic.com. Henta 30 June 2014. [daud lenkje]
  19. «Gallagher & Lyle in Concert». Henta 16 October 2016. 
  20. «Gallagher & Lyle Play Backstage 2016». Henta 12. juli 2017. 
  21. «Gallagher and Lyle - Byre in the Botanics :: St Andrews, Scotland». Arkivert frå originalen 7 August 2017. Henta 22 August 2017. 
  22. «BBC Scotland - BBC Scotland - Belladrum 2017: Eleven Scottish acts to fall in love with at this year's Tartan Heart festival». Henta 23 April 2019. 
  23. «Gallagher and Lyle in rare concert this Friday». Henta 23 April 2019. 
  24. «Belfast Nashville Songwriters Festival». Henta 23 April 2019. 
  25. «The Music And Song of the Great Tapestry of Scotland». Henta 30 June 2014. 
  26. Teddy Jamieson. «Gallagher and Lyle bring their songs home in a new musical». Henta 16 October 2016. 
  27. Kevin Dyson. «Gallagher and Lyle choose Largs for world premiere of their new theatre show». Henta 16 October 2016. 
  28. «Lights, camera, action for Largs Musical». West FM. Henta 16 October 2016. 
  29. «Oh baby! Benny's surprise news on stage». Arkivert frå originalen 15 October 2013. Henta 23 November 2013.