Betzy Akersloot-Berg
Betzy Akersloot-Berg (fødd 16. desember 1850 i Aurskog, daud 18. desember 1922 i Nederland),[1] opphavleg Betzy Rezora Berg, var ein norsk målar som budde i Nederland store delar av livet.
Betzy Akersloot-Berg | |
Betzy Akersloot-Berg måla av Sina Mesdag-van Houten | |
Fødenamn | Betzy Rezora Berg |
Nasjonalitet | Norsk-nederlandsk |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda, Noreg |
Fødd | 16. desember 1850 Aurskog |
Død |
18. desember 1922 (72 år) |
Yrke | kunstmålar |
Språk | nederlandsk |
Betzy Akersloot-Berg på Commons |
Familie og oppvekst
endreBetzy Rezora Berg var dotter av Caspar Berg (1828–1914) og Bærtha Nordbye (1829–1912), og fødd i Aurskog i Akershus. Caspar Berg var bondeson, og Bærtha Nordby var dotter av ein av dei største jord- og skogeigarane i bygda. Akersloot-Berg vaks opp i Aurskog og vart konfirmert der, men då far hennar tok til med handel flytta dei til Christiania.[1][2]
Sjukepleier og misjonær
endreAkersloot-Berg utdanna seg først til sjukepleier, sannsynlegvis på Diakonissehuset i Christiania. Deretter drog ho til Finnmark, der ho arbeidde som sjukepleiar og misjonær blant samane i fleire år. Ho var i alle fall på «Fiskarheim» i Gjesvær på Magerøya.[2]
Kunstnar
endreDå ho vende tilbake til Christiania byrja ho å ta undervising ved Den kgl. Tegneskole og fekk opplæring av arkitekt Wilhelm von Hanno. Ho kopierte under Peder Cappelen Thurmann, fekk ein kort periode opplæring hos Frits Thaulow fram til ho fekk plass som elev hos Otto Sinding. I stor grad målte ho i tillegg på eiga hand, direkte etter naturen.
Då Sinding flytta til München følgde ho etter og heldt fram å måla hos han. Under ei studiereise til Wien fekk ho sjå bilete av marinemålaren Hendrik Willem Mesdag, ein nederlandsk målar og tilfeldigvis møtte ho også han og familien hans i 1885. Møtet førte til at ho flytta til Nederland og måla hos han.
I 1893 giftet ho seg med visekonsul Gooswenius Gerardus Akersloot. Tre år seinare kjøpte ekteparet Tromp's Huys på øya Vlieland, der dei vart buande resten av livet. Huset er i dag museum og stiller ut måleri av Akersloot-Berg.[1]
I mange år reiste Akersloot-Berg og ektefellen hennar til Noreg ein gong i året der ho målte langs heile kysten. Ho skildra havet i all slags vêr.[1]
Galleri og museum
endreI tillegg til på Museum Tromp's Huys, som er oppretta i bustaden til Betzy Akersloot-Berg og ektemannen på Vlieland, finst kunsten hennar i fleire samlingar; ved Nasjonalgalleriet i Oslo, Stavanger Kunstmuseum, Nordnorsk Kunstmuseum i Tromsø, Nasjonalmuséet i Stockholm, Helge Væringsaasens samling på Glomdalsmuseet i Elverum, og i Frans Hals Museum i Haarlem.[1][3][4][5]
Bøker
endreBetzy Akersloot-Berg er omtalt i Anne Wichstrøm si bok Kvinneliv, kunstnerliv : kvinnelige malere i Norge før 1900. I 1997 skreiv Brit Bell hovudoppgåva Betzy Rezora Akersloot-Berg (1850-1922) : kvinne og kunstner om henne.
Biletgalleri
endre-
Akersloot-Berg sitt atelier på Vlieland, 1914
-
Kystlandskap frå 1879
-
Fra Lofoten, før 1923
-
Noordzeestrand før 1923
-
Rocky Coast før 1922
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Betzy Akersloot-Berg i Norsk kunstnerleksikon
- ↑ 2,0 2,1 Betzy Akersloot-Berg Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. frå den norske ambassaden i Haag
- ↑ Joomla!. «Museum Tromp's Huys». www.trompshuys.nl. Henta 1. mars 2017.
- ↑ «Elverum kommunes kunstsamling - Glomdalsmuseet». glomdalsmuseet.no (på norsk). Henta 1. mars 2017.
- ↑ «Katalognr. 11: Berg, Betzy Rezora. F. Urskog, 16. desember 1850. Marinemalerinne. "Seilbåter til havs"». Elverum kunstgalleri: Helge Væringsaasens samlinger. Elverum kunstgalleri. 1957.
- Denne artikkelen bygger på «Betzy Akersloot-Berg» frå Wikipedia på bokmål, den 30. november 2019.