Breiðafjörður
Breiðafjörður er ei stor grunn bukt eller fjord vest på Island, om lag 50 km brei og 125 km lang. Han skil området Vestfirðir frå resten av landet. Breiðafjörður er omkrinsa av fjell, inkludert isbreen Snæfellsjökull på halvøya Snæfellsnes på sørsida.
Natur
endreBreiðafjörður har eit flott landskap som består av grunn sjø, små fjordar og bukter og den indre tidvassone som er strødd med over 3 000 øyar, holmar og skjer. Området utgjer om lag halvparten av tidvassområdet på Island og tidvatnet kan ha ein skilnad på opp til 6 meter. Grunnfjellet vart danna av riftvulkansime seint i tertiærtida. Området består hovudsakleg av haugar av basaltisk lava som er kraftig erodert av isbreane, som har danna eit variert landskap med fleire geotermiske varmekjelder, som ein kan sjå ved fjøre sjø.
Plante- og dyreliv
endreDen store tidvassona har eit stort biologisk mangfald, omfattande tareskogar og andre viktige habitat for fisk og virvellause dyr. Området har 230 artar med karplanter og rundt 50 hekkande fugleartar, inkludert toppskarv, polarmåse, havørn, ærfugl, teist og polarsvømmesnipe. Området er ein viktig stoppestad for ringgås og polarsnipe. Steinkobbe og havert held til på øyane og skjera her.
Fleire kvalartar finst òg i fjorden, som nise, kvitnos, spekkhoggar og vågekval.
Øyar
endreØyane i Breiðafjörður har vore busett så lenge det har vore folk på Island, men i dag er berre nokre få av øyane busett året rundt. Mange av øyane vert berre nytta om sommaren og naturresursar som edderdun er hovudnæringa til mange bønder her. Nokre av øyane er:
Økonomi og økologi
endreFiskeri, turisme og innhausting av tang og tare er dei største inntektskjeldene i området.
Breiðafjörður er gyteplass for mange av dei viktigaste fiskeartane ved Island.
Transport
endreI fint vêr er det mogeleg å sjå kystlinja av Vestfirðir frå Snæfellsnes. Frå hamna ved Stykkishólmur går det ferje over til Vestfirðir, men ein kan òg køyre med bil og ta vegen aust for Snæfellsnes langs Hvammsfjörður, den smalaste delen av Breiðafjörður.
Kultur og historie
endreMange av øyane i fjorden har vore busett opp gjennom tidene. Den viktigaste av desse er Flatey. I mellomalderen, særleg på 1100-talet, låg det eit augustinarkloster her som representerte eit kultursenter på Island. Den mest omfattande mellomalderdokumentet, Flateyjarbók, vart skriven her. Seinare vart øya ein viktig handelsstasjon.
Bakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Breiðafjörður frå Engelsk Wikipedia .