Bromellitt er eit mineral som består av berylliumoksid, BeO. Det er kjent frå skarnførekomsten Långban i Värmland i Sverige og frå nefelinsyenittpegmatitt ved Langesundsfjorden. Det er kalt opp etter den svenske legen og mineralogen Magnus von Bromell (1679–1731).

Bromellitt
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelBeO
(berylliumoksyd)
Strunz-klassifisering04.AB.20
Identifikasjon
FargeKvit, fargelaus
Krystallformprismatisk
KrystallsystemHeksagonal
Kløyv[1010] tydeleg
Mohs hardleiksskala9
Glansglasaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3.02
Optiske eigenskapar
Brytingsindeks1.719, 1.733
PleokroismeIngen
Smeltepunkt2570°C

Mineralet er sjeldan i naturleg tilstand, men er skapt syntetisk i over 40 år.

Mineralet vert mellom anna nytta som malm for beryllium og som reagensmiddel nytta i produksjonen av kunstige edelsteinar. I tillegg vert det nytta i kjernereaktorar som ein moderator for raske nøytron. Keramikk med bromelitt vert nytta i elektronikk og som smeltedigel for smelting av uran og thorium. Det vert òg nytta som edelstein, men som edelstein er bromelitt ekstremt sjeldan, og til dags dato er det berre funne ein krystall som er stor nok til å slipast.

Kjelder endre