Bryllaupet mellom fyrst Albert II og Charlene Wittstock
Bryllaupet mellom fyrst Albert II og Charlene Wittstock fann stad 1. og 2. juli 2011 i Fyrstepalasset i Monaco.
Fyrst Albert II av Monaco er den noverande regjerande fyrsten i Monaco, som etterfylgde far sin Rainier III av Monaco i april 2005. Fyrsten møtte Charlene Wittstock under ei symjetevling i Monaco i 2000. Wittstock er fødd i Rhodesia (no Zimbabwe), men flytta til Sør-Afrika med familien sin då ho var 12 år. Ho har representert Sør-Afrika i symjing, og deltok i Sommar-OL 2000 i Sydney. Ho la opp som konkurransesymjar i 2007. Fyrst Albert II av Monaco har også vore idrettsutøvar. Han konkurrerte i bobsleigh i fem OL.
Paret vart fyrst sett saman i 2006. 23. juni 2010 annonserte dei trulovinga.
Den private seremonien fann stad fredag 1. juli 2011 i Throne Room i Fyrstepalasset. Seremonien vart leia av Philippe Narmino, direktør for Judicial Service og president i Council of State. Charlene Wittstock var kledd i ei silkeblå jakke med fotside bukser frå Chanel. I samband med den private seremonien fekk Wittstock den formelle tittelen sin. Til stades ved seremonien var systrene til fyrsten, prinsesse Caroline av Hannover og prinsesse Stephanie av Monaco, samt trulovarane Christopher Levine og Donatella Knecht de Massy, som fungerte som vitne for brudgommen og brura.
Den religiøse seremonien fann stad dagen etter på gardsplassen ved fyrstepalasset. I motsetning til andre nyare kongelege bryllaup, var den religiøse seremonien ikkje halden i ein katedral. Seremonien vart leia av erkebiskop Bernard Barsi. Ein del av seremonien var på afrikaans, eit språk med nederlandsk opphav, som vert prata i heimlandet til brura, Sør-Afrika.
Etter den private seremonien 1. juli vart Charlene Wittstock kjend som fyrstinne Charlène av Monaco.
Gjester
endreDen monegaskiske fyrstefamilien
endre
|
|
|
Familien til Charlene Wittstock
endre- Michael Wittstock
- Lynette Wittstock
- Gareth Wittstock
- Sean Wittstock
Kongelege
endreIkkje-regjerande kongelege
endre
|
|
Styresmaktar og diplomati
endreIdrettsutøvarar
endreMoteindustrien
endreKjendisar
endre
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wedding of Albert II, Prince of Monaco, and Charlene Wittstock» frå Wikipedia på engelsk, den 3. desember 2011.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |