Cancrinitt
Cancrinitt er eit oftast kvitt eller gult feltspatoid-mineral som kjemisk er eit karbonathaldig silikat av natrium, kalsium og aluminium. Det krystalliserer heksagonalt.
Cancrinitt | |||
Cancrinitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Feldspathoid | ||
Kjemisk formel | Na6Ca2[(CO3)2|Al6Si6O24]·2H2O | ||
Strunz-klassifisering | 09.FB.05 | ||
Krystallsymmetri | Heksagonal pyramidal H-M-symbol: (6) Romgruppe: P 63 | ||
Einingscelle | a = 12.67(9) Å, c = 5.15(4) Å; Z=1 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Grågrøn, kvit, gul, blå, oransje, raudaktig | ||
Krystallform | Sjeldan som prismatiske krystallar; ofte massiv | ||
Krystallsystem | Heksagonal | ||
Tvilling | Sjeldan - lamellar | ||
Kløyv | perfekt på {1010}, dårleg på {0001} | ||
Brot | Ujamn/Ujamn | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 5-6 | ||
Glans | glasaktig, feittete, perleaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig, gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2.42 - 2.51 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (+/-) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.507 - 1.528 nε = 1.495 - 1.503 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.012 - 0.025 | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Det vart først funne i 1839 i Uralfjella og er kalla opp etter den tidlegare russiske finansministeren grev Georg von Cancrin (1774–1845).
Det er funne i Noreg ved Langesundsfjorden, i Fensfeltet ved Ulefoss og på Seiland i Finnmark.
Kjelder
endre- Cancrinitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/cancrinitt.