Teist

art i alkefamilien
(Omdirigert frå Cepphus grylle)
Teist
Teist
Teist
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av teist
Utbreiinga av teist
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Cepphus
Art: Teist C. grylle
Vitskapleg namn
Cepphus grylle

Teist eller teiste (Cepphus grylle) er ein sjøfugl i alkefamilien.

Utsjånad endre

Om sommaren er teisten heilt svart i fjørdrakta unnateke ein stor kvit vengeflekk og dei raude føtene. Nebben er mørk og smal. Når fuglen flyg ser ein kvite vengekantar. Om vinteren skiftar fargen på hovudet og undersida til kvitt. Kjønna er like. Totallengda er 34-37 cm og vengespennet 52-58 cm.

Utbreiing endre

Teist hekkar langs steinete kystområde i Nord-Atlanterhavet. Sørgrensene for utbreiingsområdet er Maine i Nord-Amerika og Irland i Europa, og mot vest går utbreiingsområdet til Alaska langs nordsida av Nord-Amerika. Fuglane overvintrar gjerne i hekkeområdet, men kan også trekke noko sørover til vinteren. Om vatnet frys flyttar dei ut til ope vatn.

Taksonomi endre

Mellom tre og sju underartar er skildra, av desse er fem vidt godkjende.

Førekomst i Noreg endre

Fuglen hekkar langs heile norskekysten, men manglar i dei indre delane av nokre fjordar. Arten er i fare for å bli utryddingstrua i Noreg, og er difor oppført på norsk raudliste i kategorien nær trua, NT.[2] Langs delar av Sørlandskysten og i Hordaland finst fuglen ganske spreidd. Viktigaste hekkeområdet for arten er ytre kystområda frå Møre og Romsdal til Vest-Finnmark. Beste hekkeområda for teisten er grunne kystområde med øyar, holmar og skjer, kombinert med taregrunnar. Fuglen jaktar først og fremst på gruntvassfisk og dyr i tareområda. Desse sonene er smale innover i fjordane, og næringsgrunnlaget der er lite.

Åtferd og føde endre

Fuglen dukkar frå overflata og sym under vatnet på matleit. Han et hovudsakleg småfisk og krepsdyr, dessutan ein del leddormar og blautdyr. Utvalet av fisk er særs variert, det inkluderer tobis, sild, torsk, slimfisk i tangkvabbefamilien, artar i uerfamilien, tangsprell (Pholididae), hornkvabbar (Stichacidae) og ulker. Krepsdyr inkluderer pungreker. Fiskefangsten er typisk 9 til 12 centimeter lang, oftast tatt nær botn og på havdjupne under 35 meter. Dei kan òg fange fisk høgare oppe. Gjennomsnittleg tar eit dukk over eit minutt. Ungar blir mata med fisk som foreldra fraktar med seg på tvers i nebbet.[3]

Hekking endre

Teisten kjem til hekkeplassen frå april. Reiret er oftast godt skjult. Reiret er ei grop i underlaget, men egga kan òg leggast rett på fjellet.

Galleri endre

Kjelder endre

Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark teist Cepphus grylle (Linnaeus, 1758) Henta 6. februar 2022
  2. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av teist Cepphus grylle for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 6. februar 2022
  3. Butler, R. G., D. E. Buckley, D. N. Nettleship, P. F. D. Boesman, og E. F. J. Garcia (2020). Black Guillemot (Cepphus grylle), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blkgui.01

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Teist
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Cepphus grylle