Chen
Blandaflokk av snøgås og eskimogås Foto: Steve Emmons, USFWS
Blandaflokk av snøgås og eskimogås
Foto: Steve Emmons, USFWS
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Slekt: Chen
Boie, 1822

Fugleslekta Chen er ei lita gruppe av gjæser som er sameinte i ei slekt innanfor andefamilien. Dei hekkar i subarktiske område av Nord-Amerika og rundt Beringsundet, migrerer sørover om vinteren.

Mange autoritetar plasserer desse artane inn i slekta Anser, grå gjæser. Faktisk finst det ikkje anatomiske skilnader mellom slektene. Men ytre morfologi, biogeografi, og molekylære data[treng kjelde] tyder på at Chen-gjæsene faktisk gjer ut for ei evolusjonær utvikling ulik frå Anser, skilt ut frå dei ganske nyleg, og i hovudsak erstatta dei i Nord-Amerika. Den amerikanske ornitologsamskipnaden, AOU, aksepterer denne slekta som sjølvstendig; dei fleste andre autoritetar ser i dag på dette som ei undergruppe av Anser.

Nett som Anser, men i motsetnad til Branta-gjæser, har føter og bein raudlege fargetonar. Nebbet er òg raudleg på desse fuglane, som dei fleste i Anser. Vaksne hannar av eskimogjæser er unnataket, med sin blåsvarte, korna 'ceres'. Vengspissane er svarte, som hos alle verklege gjæser, medan hovudet er alltid er kvitt utan noko mønstre hos vaksne fuglar av denne slekta. Resten av fjørdrakta er anten kvit over det heile, eller farga i ulike mørke blågrå fargetonar.

Snøgås, og i ei viss grad eskimogås, har to morfar, ei kvit og ei blågrå form.[1] Gjæser av den kvite morfen av begge artane kan skiljast frå tamgjæser med sine meir slanke, elegante halsar. Tamgjæser har tjukkare halsar, og desse har òg ein generelt tyngre tettbygd kropp og manglar ofte dei svarte vengspissane.

ArtslistaEndra

Chen i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

  • Keisargås, Chen canagica, Emperor Goose, NT, Sevastianov, 1802
  • Snøgås, Chen caerulescens, Snow Goose, LC, Linné, 1758
  • Eskimogås, Chen rossii, Ross's Goose, LC, Cassin, 1861

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Carboneras, C., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2016). Snow Goose (Anser caerulescens). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52817 on 31 May 2016).
  2. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 31. mai 2016 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Chen