Countdown to Ecstasy
Countdown to Ecstasy Studioalbum av Steely Dan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1973 | |
Studio | Caribou Ranch i Nederland i Colorado og The Village Recorder i Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:04 | |
Selskap | ABC | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
---|---|---|
Can't Buy a Thrill (1972) |
Countdown to Ecstasy | Pretzel Logic (1974)
|
Singlar frå Countdown to Ecstasy | ||
|
Countdown to Ecstasy er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet Steely Dan, gjeve ut i juli 1973 på ABC Records. Det vart spelt inn på Caribou Ranch i Nederland i Colorado, og i The Village Recorder i Los Angeles i California.[4] Etter at songaren David Palmer slutta, spelte gruppa inn albumet med Donald Fagen som solovokalist på andre songane.[5]
Sjølv om det fekk strålande kritikk, var det ingen hitsinglar på albumet, og det nådde berre 35. plassen på Billboard 200. Det selde etter kvart til gullplate i USA i 1978 for 500 000 selte eksemplar. Den gode kritikken har halde ved lag i alle år.
Musikkstil
endreSom debutalbumet deira, Can't Buy a Thrill frå 1972, består Countdown to Ecstasy av rock innblanda med jazz.[6] Det består av livlege, fire til fem minuttar lange rockesongar,[7] som, utanom dei bluesaktige «vampane» i «Bodhisattva» og «Show Biz Kids», er subtilt strukturert med jazzinspirerte mellomspel.[8] Countdown to Ecstasy var det einaste albumet skriven av Steely Dan for eit konsertband. «My Old School» har ærbødige blåsarar, aggresivt piano og gitarsoloar. «The Boston Rag» utvikla seg frå ein jazzaktig song til uraffinert spel av bandet, inkludert ein forvrengd gitarsolo av Jeff «Skunk» Baxter.[9] Trommespelet til Jim Hodder er meir pop- og jazzaktig enn rockeaktig.[10] Det vert nytta bop-aktige jazzsoloar blanda med pop på «Bodhisattva».[11] Tom Jull skreiv om stilen og produksjonen på albumet og kalla det «reint, nesten glatt, utan dissonans, utan rot», liknande 1940-tals bop og «overprodusert tidleg 60-tals poprock».[12]
Tekst og tema
endreCountdown to Ecstasy har òg tema som liknar på Can't Buy a Thrill.[7] Det utforskar tema som dopmisbruk, klassekamp og fråtsing på Vestkysten.[13] «My Old School» er inspirert av ein narkotikaarrest der Walter Becker og Donald Fagen var involvert på Bard College,[9] «King of the World» utforskar eit USA etter ein atomkrig og «Show Biz Kids» er ein satirisk tekst om livsstilen i Los Angeles på den tida.[14] Hull skildrar tekstane deira som «ein løpande samanlimt vits ... intelligent, vittig og snedig utspekulert», og nytta eit døme frå «Show Biz Kids»: «They got the booze they need / All that money can buy / They got the shapely bods / They got the Steely Dan T-shirt / And for the coup-de-gras / They're outrageous.»[12] «Your Gold Teeth» følgjer ein kvinneleg svindlar som brukar sin eigen attraktivitet og list.[15]
I følgje Rob Sheffield syner tekstane til Fagen og Becker på albumet Amerika som «eit stort Las Vegas, med gangsterar og guruar som kjempar om sjeler å stele.» Han ser på det som det første i ein trilogi av Steely Dan-album i lag med Pretzel Logic (1974) og Katy Lied (1975), der dei er «ein film noir-rundtur blant dekadente taparar, showbiz-folk og kokainmisbrukarar i L.A.»[16] Erik Adams i The A.V. Club skreiv at albumet er «ei mappe av lesekunnige avskum, den typen karakterstudiar som seier 'Ok, namnet Steely Dan er ein allusjon til ein dildo skildra i Naked Lunch.' Desse karakterane heng på gatehjørna i heile Steely Dan-diskografien, men dei kjem til sin rett på Countdown to Ecstasy».[17]
Andre songar utforskar meir andelege tema. Opningssongen «Bodhisattva» er ein parodi på ideen om at å gje frå seg alle eigedelane sine er ein føresetnad for andeleg opplysing. Tittelen referer til Bodhisattva, dei som trur at dei har oppnådd andeleg perfeksjon, men framleis er i den materielle verda for å hjelpe andre. «Razor Boy» er ein bitter, ironisk popsong med tekst som forsiktig kritiserer sjølvtilfredsheit og materialisme.[18] I følgje Ivan Kreilkamp i Spin, «snakkar Steely Dan til oss frå den 'kalde, vindfulle dagen' når det som er hipt og sexy fell bort og syner ein einsam person som ventar på ein ny dose. 'Will you still have a song to sing when the razor boy comes and takes your fancy things away?' spør Fagen ein generasjon bedøvd av nostalgi og sjølvengasjement».[18]
Tittel og omslag
endreAlbumet fekk tittel som ein spøk om forsøka på å rasjonalisere ein andeleg tilstand.[19] Det originale måleriet på omslaget vart laga av den dåverande kjærasten til Fagen, Dorothy White. ABC Records-direktøren Jay Lasker insisterte på at det måtte leggast til fleire figurar på omslaget då han meinte det var misvisande at det berre viste tre figurar når det var fem personar i bandet. Malen for plateomslaget vart seinare stolen under ein krangel om den endelege utsjånaden.[20] Baksida av omslaget syner ein orkidé omringa av bandet og utstyret deira.[12]
Utgjeving
endreCountdown to Ecstasy kom ut i juli 1973 på ABC Records i USA og på Probe Records i Storbritannia. Det selde dårlegare enn Can't Buy a Thrill.[21] Albumet hadde heller ingen hitsinglar,[22] og nådde berre 35. plassen på Billboard 200.[5] Likevel låg det 34 veker inne på lista,[23] og selde etter kvart til gullplate i USA i 1978 for 500 000 selte eksemplar.[24]
Mottaking
endreCountdown to Ecstasy fekk positive meldingar då det kom ut.[22] I august 1973 skreiv David Logan i Rolling Stone at trass i ordinær musikalitet og stundom absurde tekstar, er «kontrollen» Steely Dan har over rockeformatet sitt «forfriskande» og «lover godt for langvarig suksess for gruppa.»[7] Billboard likte «studioeffekten» ved å ha to gitaristar og meinte at «den storslåtte vokalblandinga» var fengande.[10] Stereo Review kalla det «eit verkeleg glimrande album med smarte og smakfulle arrangement, vinnande framføringar, songar av høg kvalitet og ei potent og overtydande blanding av rock, jazz og pop».[14] I Creem skreiv Robert Christgau om «studio-perfekte riff som knitrar og surrar når du høyrer hardt etter» og «alltid vondsinna» vokal som tryggar dei obskure tekstane deira.[33] Han kåra Countdown to Ecstasy til det niande beste albumet i 1973 på årslista si for Newsday.[34] Hull skreiv i ei melding i Overdose i april 1975 at albumet «kanskje det mest representative og i alle fall best realiserte» av den forvirrande blandinga til Steely Dan av glatt produksjon og intellektuelle tekstar. «Effekten er rar, merkeleg behageleg, nesten kvalmt», sa han og kalla bandet «ei farleg gruppe som ein må halde eit auge med».[12]
I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) skreiv Christgau at Steely Dan hadde oppnådd «ein villeiande og behageleg glatt studiolyd» og Christgau at Fagen ikkje passa like bra som vokalist som Palmer hadde gjort.[26] Paul Lester skreiv seinare at det var eit betre album enn debutplata og at «Becker og Fagen gav ein vond kritikk av det sjølvopptatte «meg»-tiåret, medan «blandinga deira av cool jazz og bebop, Brill Building-songar og rock stod utan sidestykke på den tida (berre britiske 10cc skapte slik intelligent pop tidleg i 70-åra).»[21] I sjølvbiografien sin frå 1999, A Cure for Gravity, skreiv den britiske musikaren Joe Jackson at Countdown to Ecstasy var ei musikalsk openberring for han, som danna ei bru mellom «rein pop» og jazzrock- og progressiv rock.[35] I The Rolling Stone Album Guide (2004), kalla Rob Sheffield Countdown to Ecstasy «et helt fantastisk, enormt innverknadsrikt album» med «kaldblodig L.A. studiorock lurt til med jazzpiano og tøff gitar.»[31] Pat Blashill skreiv seinare i Rolling Stone at «gleda i desse glimrande songane» og i spelinga til bandet synte Steely Dan som «menneskelege, ikkje berre nerdete,» «som gode parti av the Stones sitt Exile on Main St.»[9] AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine meinte at Countdown to Ecstasy musikalsk var «meir risikabelt» enn debutplata, og skreiv at songane er «rikdom av detaljar i musikken og tekstane som deira samtidige innan albumrock eller kunstrock berre kunne håpe på å matche.»[8] Chris Jones i BBC Music meinte ideane til Steely Dan var å vere «postmoderne» og «lærde», og hevda at dei «sette ein standard som få andre har klart å måle seg mot.»[13]
Countdown to Ecstasy har dukka opp fleire lister over tidenes beste album.[30] I 2000 vart det stemt til 307. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[36] Basert på slike rangeringar har samlenettsida Acclaimed Music plassert albumet på 662. plassen for tidenes beste album, 183. plassen for beste album frå 1970-åra og 23. plassen for 1973.[30]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Walter Becker og Donald Fagen.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Bodhisattva» | 5:18 |
2. | «Razor Boy» | 3:11 |
3. | «The Boston Rag» | 5:40 |
4. | «Your Gold Teeth» | 7:02 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Show Biz Kids» | 5:26 |
2. | «My Old School» | 5:48 |
3. | «Pearl of the Quarter» | 3:50 |
4. | «King of the World» | 5:04 |
Total lengd: | 41:04 |
Medverkande
endre
|
|
Salslister
endre- Album
År | Liste | Plassering (US Billboard 200) |
---|---|---|
1973 | Pop Albums | 35 |
- Singlar[38]
År | Singel | Selskap og nummer | Plassering (US Hot 100) |
---|---|---|---|
1973 | «My Old School» (B-side: «Pearl of the Quarter») | ABC 11396 | 63 |
1973 | «Show Biz Kids» (B-side: «Razor Boy») | ABC 11382 | 61 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Countdown to Ecstasy» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Chapman, Richard; Clapton, Eric (2000). Guitar: Music, History, Players. Dorling Kindersley. ISBN 0789459639.
- Dimery, Robert; Lydon, Michael (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Universe. ISBN 978-0789320742.
- Heatley, Michael; Lester, Paul; Roberts, Chris (27. august 1998). The Encyclopedia of Albums. Dempsey Parr. ISBN 1840840315.
- Rubin, Rachel Lee; Melnick, Jeffrey Paul (2007). Immigration And American Popular Culture: An Introduction. NYU Press. ISBN 978-0814775530.
- Sheffield, Rob; et al. (2. november 2004). Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. ISBN 0-7432-0169-8.
- Uslan, Michael; Clark, Dick; Solomon, Bruce (1981). Dick Clark's The First 25 Years of Rock & Roll. Dell Publishing. ISBN 044051763X.
- Valdez, Stephen K. (31. august 2006). A History of Rock Music (4th utg.). Kendall Hunt Publishing Company. ISBN 0757533795.
- ↑ Rolling Stone review by David Logan, 16. august 1973 Arkivert 27. desember 2012 ved Wayback Machine.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 28. januar 2017.
- ↑ Steely Dan: Reelin' in the Years by Brian Sweet
- ↑ «Steely Dan – Countdown to Ecstasy CD Album». CD Universe. Muze. Arkivert frå originalen 28. juni 2013. Henta 11. januar 2021.
- ↑ 5,0 5,1 Uslan, Clark & Solomon 1981, s. 392.
- ↑ Valdez 2006, s. 380.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Logan, David (16. august 1973). «Countdown To Ecstasy». Rolling Stone (New York): 54. Arkivert frå originalen 27. desember 2012. Henta 11. januar 2021.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 Erlewine, Stephen Thomas. «Countdown to Ecstasy – Steely Dan». AllMusic. Henta 11. januar 2021.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 Blashill, Pat (30. oktober 2003). «Steely Dan: Countdown To Ecstasy». Rolling Stone (New York) (934). Arkivert frå originalen 12. november 2007. Henta 11. januar 2021.
- ↑ 10,0 10,1 «Billboard's Top Album Picks». Billboard: 62. 14. juli 1973. Henta 11. januar 2021.
- ↑ Chapman & Clapton 2000, s. 202.
- ↑ 12,0 12,1 12,2 12,3 Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: L'Objet Rèpris». Overdose. Henta 11. januar 2021 – via tomhull.com.
- ↑ 13,0 13,1 Jones, Chris (4. januar 2008). «Review of Steely Dan – Countdown To Ecstasy». BBC Music. Henta 11. januar 2021.
- ↑ 14,0 14,1 «Special Merit». Stereo Review 31 (5): 94. November 1973.
- ↑ Dimery & Lydon 2010, s. 301.
- ↑ Sheffield et al. 2004, s. 789.
- ↑ Adams, Erik (8. mars 2012). «Gateways to Geekery – Steely Dan». The A.V. Club (Chicago). Henta 11. januar 2021.
- ↑ 18,0 18,1 Kreilkamp, Ivan (February 1992). «Steely Dan». Spin (New York) 7 (11): 70. Henta 11. januar 2021.
- ↑ Rubin & Melnick 2007, s. 160.
- ↑ Becker, Walter; Fagen, Donald (1998). Countdown to Ecstasy (CD reissue booklet). MCA Records. MCAD-11887.
- ↑ 21,0 21,1 Heatley, Lester & Roberts 1998, s. 50.
- ↑ 22,0 22,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Steely Dan». Allmusic. Henta 11. januar 2021.
- ↑ Heatley, Lester & Roberts 1998.
- ↑ Hay, Carla (15. januar 2000). «Flipping Through the Catalog». Billboard 112 (3): 71. Henta 8. april 2013.
- ↑ Kot, Greg (16. august 1992). «Thrills, Scams and Nightflys». Chicago Tribune. Henta 9. januar 2021.
- ↑ 26,0 26,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 11. januar 2021 – via robertchristgau.com.
- ↑ Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734.
- ↑ Strong, Martin Charles (2002). «Steely Dan». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). «Steely Dan». MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ 30,0 30,1 30,2 «Steely Dan - Countdown to Ecstasy». Acclaimed Music. Henta 11. januar 2021.
- ↑ 31,0 31,1 Sheffield et al. 2004, s. 778–89.
- ↑ Hull, Tom (n.d.). «Grade List: Steely Dan». Tom Hull – on the Web. Henta 9. januar 2021.
- ↑ Christgau, Robert (December 1973). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 11. januar 2021.
- ↑ Christgau, Robert (13. januar 1974). «Returning With a Painful Top 30 List». Newsday. Henta 11. januar 2021.
- ↑ A Cure For Gravity: A Musical Pilgrimage by Joe Jackson page 138
- ↑ Colin Larkin (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 127. ISBN 0-7535-0493-6.
- ↑ info from:http://www.broberg.pp.se/sd_ecstasy.htm
- ↑ Countdown to Ecstasy på Allmusic. Henta 11. januar 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Countdown to Ecstasy på Discogs (liste over utgjevingar)
- «Steely Dan: Reelin' in the Years» (kapittel om Countdown to Ecstasy) på Google Books
- «Top Ten Obscure Steely Dan Lyrics» Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine. av Stylus Magazine