DS «Corvus» (1921)

norsk dampskip frå 1921
Karriere  Noreg
Namn: DS «Corvus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Københavns flytedok og skipsverfti København i Danmark
Byggekostnad: 1 091 550,-[1]
Verftsnummer: 41
Jomfrutur: januar 1921
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LBMT - LDFH
Lagnad: Torpedert 1945
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1317 brt, 765 nrt
Daudvekt: 2180 tdw.
Lengd: 241,4 fot (73,6 m)
Breidd: 36,2 fot (11,0 m)
Djupgang: 16,2 fot (4,9 m)
Installert effekt : 525 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Kbh. Fld. & S, København)
Fart: 9 knop

DS «Corvus» (kallesignal LBMT - LDFH) var eit dampskip bygt i 1921 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Historie endre

Skipet vart bygt ved Københavns flytedok og skipsverft i København og kosta kring 1,1 millionar kroner[1] då det vart levert i januar 1921. [2] Systerskipet DS «Cygnus» vart levert omtrent samstundes. 18. januar vart det utført prøvetur. Både «Corvus» og «Cygnus» vart sett inn i rute mellom Vestlandet og Austersjøen. 23. januar hadde skipet avgang på den første turen sin til Libau (Liepāja) og Windau (Ventspils) i Latvia. Stundom gjekk turane òg til London og andre hamnebyar i Storbritannia, og Antwerpen. 16. september 1921 råka «Corvus» noko som flaut under vatnet kring tre nautiske mil frå Steinart fyr på veg frå Riga.[3]

På reise frå Austersjøen til London med stykgods og trelast, fekk «Corvus» i februar 1922 vanskar i isen i Austersjøen og fekk både roret skadd og ei vengje på propellen slått av. Skipet kom seg inn til København.[4] Tidleg i januar 1923 gjekk skipet i dokk for å få forsterka skroget, slik at det skulle kunne gå i isen i Austersjøen.[5] Frå sommaren 1925 byrja «Corvus» og fleire andre BDS-båtar og gå i fart til Kvitsjøen, der dei lasta trelast i Onega og Arkhangelsk for Storbritannia. Det var først meininga at skipa skulle gjere 3-4 turar i sesongen,[6] men fleire endte opp med å gå i denne ruta til Russland til utpå våren 1926. Etter ein tur til Middelhavet i mai 1926 og Austersjøen i juni, fortsette Kvitsjøruta for «Corvus» sommaren 1926.

Julaftan 1928 forlet «Corvus» London på veg til Bergen. 1. juledag var det storm i Nordsjøen og luftpumpa i maskinen gjekk sunt. Skipet vart liggande og drive og droppa begge ankera, sidan det var fare for å drive på bankane utafor Outer Gabbard. Ankera heldt medan skaden vart utbetra, og skipet kunne gå vidare. Tredje juledag rauk derimot pumpa på ny, men ein fekk òg denne gongen fiksa ho. På grunn av den øydelagde pumpa lak det vatn ombord og noko av lasta vart skadd. Skipet gjekk i dokk då det kom til Bergen for å få skaden utbetra.[7] 1928 gjekk båten stort sett i rute mellom Bergen og hamnebyar i Storbritannia, hovudsakleg London, men òg stundom turar til Preston, Middlesborough, Manchester og Glasgow. Innimellom var det òg enkelte turar til Nederland.

3. mai 1935 rende «Corvus» i Middlethons kai i Stavanger med temmeleg stor fart. Nokre av naglane på skipet vart sprengt laus og eit par av spanta vart bøygde.[8] 30. desember 1937 gjekk skipet på Korsholmen nær Måløy. «Corvus» hadde gått frå Molde på kvelden og fått los ombord. Kl. 21 passerte dei Hoksnes lykt, og like etter kunne ein høyre utkikken rope noko, men før ein rakk å undersøke kva det var stod skipet på Korsholmen. Forpiggen tok inn vatn. Ved å setje full fart akterover kom skipet seg av grunna og kom seg til Kristiansund, der det vart undersøkt av dykkarar. Dei fann diverse skadar og ti fot av kjølen var mellom anna trykt inn. Det var ein loslæring som fungerte som los under ulukka. Skipet var lett lasta og hadde kring 140 tonn last, hovudsakleg sukker. Dette førte truleg til at skipet dreiv lenger aust enn ein trudde ein var.[9] Skaden vart taksert til 11 900 kroner, og heile skipet vart, med skaden, taksert til 310 000 kroner.[10] Etter reparasjonen gjekk skipet i ekstraruter til Hamburg og 13. februar berga «Corvus» mannskapet på MS «Idé» av Bergen. Dei hadde drive kring i Nordsjøen i 17 timar i ein orkanliknande storm frå nordvest då dei vart berga. Det var ein stor bråttsjø som hadde slått over båten og ført til store lekkasjar som gjorde at fartøyet til slutt sokk. Fem man vart berga.[11] I mars 1938 vart det ekstraruter til Nederland og 13. mars 1938 gjekk «Corvus» på grunn ved Fedje. I tett tåke i 22-tida gjekk skipet på grunn like ved Hellisøy fyr. Skipet gjekk på ved flo sjø og vart ståande fast. Bergingsbåten «Jason» vart sendt for å få skipet av grunna.[12] Det var sterk straum i området og i tåka hamna skipet lengre fram og vest enn dei trudde dei var. To dagar seinare ankom skipet Bergen for havarireparasjon og kjølhaling. I slutten av april gjekk skipet inn i London-ruta att.

12. november 1939 heldt «Corvus» på å drive på land i Rørvik. Det var nordvest storm og skipet gjekk i ballast, så det låg lett i sjøen. I Rørvik låg alt DS «Kem», eit anna BDS-skip, og i den sterke vinden dreiv «Corvus» inn tre gonger mot «Kem», som fekk betydeleg skade. Til slutt fekk ein fortøydd «Corvus» langs sida av «Kem». «Corvus» hadde ikkje vore meir enn 8-10 meter frå land då dei klarte å få kontroll på situasjonen.[13]

Andre verdskrigen endre

9. januar 1940 kryssa «Corvus» Nordsjøen i den første av mange konvoiar ho deltok i. Konvoi HN 7 gjekk ut frå Holmengrå og nådde fram til Methil 12. januar. 38 skip i alt deltok i konvoien, i tillegg til sju eskortefartøy. «Corvus» deltok i tre Nordsjøkonvoiar til i februar og mars, og var på veg over Nordsjøen i den femte konvoien hennar, på veg til Methil, då tyskarane invaderte Noreg den 9. april 1940. Denne konvoien, HN 25, forlet Bergen den 7. april og låg ankra opp i Frosjøen då tyskarane invaderte den 9. april 37 skip segla ut i konvoien og nådde Methil den 12. april.[14] Skipet deltok i to konvoiar i britiske farvatn i april og juni, mellom anna med sement til Liverpool, der ho vart liggjande i to månader. 4. august deltok i den første konvoien sin over Atlanterhavet, konvoi OB 193 frå Liverpool. 5. august var konvoien like nordom Irland, då dei vart angripen av den tyske ubåten «U-56» på kvelden. To torpedoar vart avfyrt mot konvoien og det britiske DS «Boma» vart råka av den eine. Skipet sokk dagen etter. Tre mann omkom.[15] 7. august vart konvoien spreidd og «Corvus» segla resten av turen over Atlanteren som sjølvstendig skip. Det nådde Sydney på Nova Scotia den 19. august. 1. september kryssa «Corvus» Atlanteren igjen, i konvoien HX 70 frå Halifax i Canada til Newport i Storbritannia, med tømmer.[14] Etter ein tur innom Port Talbot kom det til Milford Haven. Her lasta «Corvus» kol og saman med konvoi OB 224 segla dei ut frå Liverpool 5. oktober med 26 handelsfartøy og sju eskorteskip. 12. oktober vart konvoien spreidd og «Corvus» segla sjølvstendig til St. Stephen i Canada og kom fram 28. oktober. Eit fartøy i konvoien, franske DS «Touriane», vart ein etternølar («stragglar») og søkkt av ubåten «U-59».

«Corvus» var meint å vende attende til Storbritannia frå Halifax den 25. november med konvoi HX 91, men hamna i staden i den neste konvoien, HX 92, den 29. november med tømmer for Kings Lynn. Det var 24 skip i konvoien, men dei tok opp fleire etternølarar frå HX 91. Kl. 15.12 11. desember vart det britiske passasjerskipet DS «Rotura» råka av ein torpedo frå ubåten «U-96», nordvest av St. Kilda i Ytre Hebridane. Konvoien var då blitt spreidd av ein kuling nokre dagar før. 23 av 131 personar ombord omkom. På kvelden, 20.52, råka same ubåten DS «Towa». Torpedoen traff berre så vidt, men ubåten skaut båten i senk. 18 av mannskapet på 37 omkom. Berre timar seinare, kl. 01.56 den 12. desember, torpederte «U-96» den svenske MS «Stureholm». Sjølv om det vart sett livbåtar på sjøen var det ingen av dei 32 ombord som overlevde. Minst fem av dei var nordmenn. Belgiske DS «Macedonier» var det siste skipet i denne konvoien som «U-96» fekk has på. Kl. 04.31 vart det råka av ein torpedo og sokk. Fire mann omkom. «U-96» er den kjende, tyske ubåten som Lothar-Günther Buchheim var ombord og skreiv romanen Das Boot, som sidan vart filmatisert.[16] «Corvus» var innom fleire stader i Irland og Skottland, før skipet kom fram til Kings Lynn den 26. desember. Her verkar det som ho låg i over ein månad.[14]

Etter nokre turar opp og ned Storbritannia vart ho i mars 1941 med konvoi OG 55. Denne forlet Oban i Skottland den 8. mars på veg til Gibraltar, men «Corvus» hadde Accra i Ghana som mål, der ho kom fram 31. mars. Etter å ha farta langs Gullkysten i Afrika det meste av april, nådde ho fram til Freetown i Sierra Leone med stykkgods den 28. april. 10. mai vart ho ein del av konvoi SL 74 på veg attende til Oban med palmekjerner. Denne bestod av 46 skip og 14 eskortefartøy, som alle kom heilskinna fram.[14]

27. juni 1941 for «Corvus» ut frå Liverpool med OB 340. Konvoien samla seg ved Loch Ewe med mål om å krysse Atlanteren til Sydney i Canada. I lag med 32 andre skip og 18 eskortefartøy gjekk konvoien bra. 13. juli vart konvoien spreidd og «Corvus» drog til Windsor i Nova Scotia, der ho nådde fram den 18. juli. Det var meininga at «Corvus» skulle attende til England med konvoi HX 142, men ho var for sakte og vart sendt til konvoi SC 39 i staden med ei last av tømmer. SC 39 hadde avgang frå Sydney den 1. august og nådde fram til Milford Haven 30. august, etter å ha vore innom både Belfast, Bristol og Swansea.[14]

Konvoi ON 12 for vestover frå Liverpool 1. september 1941 med «Corvus» og ho nådde Halifax den 22. september. Månaden etter gjekk ho i den langsame konvoien SC 51 på veg til Preston med stykkgods. Ho var framme der 9. november. Medan «Corvus» var i Preston mista ho ein av mannskapet. Matrosen Svein Alsaker vart funnen drukna den 23. november etter å ha vore sakna i ti dagar.[14]

Heile 1942 og heilt fram til juni 1943 var «Corvus» i fart på den britiske vestkysten, ofte mellom Liverpool og Barry i Wales.[14] 4. juni 1943 vart ho igjen ein del av ein oversjøisk konvoi. Konvoien OS 49/KMS 16 starta 4. juni og var på veg til Middelhavet, men som sist gang segla «Corvus» sørover og nådde Philippeville den 25. juni. Resten av året og inn i januar 1944 segla «Corvus» mellom byar i Nord-Afrika, Sicilia og Italia.[14] Først 6. mars kom skipet attende til Liverpool etter å ha møtt konvoien XK 14 ved Gibraltar. Skipet gjekk så til Manchester der ho vart liggande i fire månader for reparasjonar.[17]

7. juli 1944 segla «Corvus» att og gjekk i fart i britiske farvatn resten av året. 23. februar 1945 segla «Corvus» frå Garston på veg mot Plymouth med ei last på 1 800 tonn kol. Skipet forlet Mumbles Head 26. februar for å bli med i ein konvoi, BTC 81, nær Scarwater fyrskip. Kl. 10:15 den 27. februar vart ho torpedert av ubåten «U-1018», kring sju nautiske mil frå Lizard Point i Cornwall. Styrbord side vart riven open og ho fekk ei kraftig slagside og sokk på berre få minutt. Av eit mannskap på 22 med tre skyttarar, mista seks av mannskapet og to skyttarar livet eller drukna. Nokre hadde klart å få laus ein flåte, medan andre hoppa overbord. Dei fleste overlevande vart plukka opp av britiske DS «Baronscourt», og ein av eit svensk skip, og dei vart sette i land i Falmouth.

Sjøforklaringa vart halde i London den 12. mars 1945 med kapteinen, førstestyrmannen, andremaskinsten og to matrosar. Ein av dei fortalte at han vart skadd av søkkjeminer som vart droppa av eskortefartøyet kort tid etter, og indikerte at andre overlevande kunne ha drukna som følgje av bombene. Mindre enn to timar etter «Corvus» vart torpedert, vart «U-1018» søkkt av eskortefartøya, og to overlevande vart teken til fange.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 317 brt, 765 nrt og lasteevna var 2 180 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 733 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Københavns flytedok og skipsverft. Oppgjeven yting var 525 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 9 knop.[1]

I 1929 fekk skipet sett inn straumlinjeror. Ny radio og peileapparat vart sett inn i 1938.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Corvus». Sjøhistorie.no. Henta 30. april 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 38. Henta 30. april 2020. 
  3. «"Corvus" støtt på vrakgods». Bergens Tidende. 4. oktober 1921. s. 4. Henta 30. april 2020. 
  4. «"Corvus" skadet i isen». Bergens Tidende. 27. februar 1922. s. 5. Henta 30. april 2020. 
  5. «Dagsnyt». Bergens Tidende. 30. desember 1922. s. 5. Henta 30. april 2020. 
  6. «Den første Hvitehavsfarer paa gjennemreise». Bergens Tidende. 8. juni 1925. s. 4. Henta 30. april 2020. 
  7. «Fra sjøretten». Bergens Tidende. 4. januar 1928. s. 38. Henta 30. april 2020. 
  8. «"Corvus" berører kai i Stavanger». Bergens Tidende. 3. mai 1935. s. 9. Henta 30. april 2020. 
  9. «Losen lot loslærlingen øve sig». Bergens Tidende. 4. januar 1938. s. 1–2. Henta 30. april 2020. 
  10. «Loslæringense "øvelse"». Bergens Tidende. 14. januar 1938. s. 13. Henta 30. april 2020. 
  11. «"Corvus" berger 5 mann». Bergens Tidende. 14. februar 1938. s. 10. Henta 30. april 2020. 
  12. «Bergenskes "Corvus" grunstøtt ved Fedje». Bergens Tidende. 14. mars 1938. s. 3. Henta 30. april 2020. 
  13. «"Kem" berger "Corvus" fra å drive på land». Bergens Tidende. 17. november 1939. s. 12. Henta 30. april 2020. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 14,6 14,7 D/S Corvus, Warsailors.com 
  15. Ships hit from convoy OB-193, Uboat.net 
  16. U-96, Uboat.net 
  17. Sverre Skjævelands reiserute 1940 -1945, Warsailors.com