DS «Midnatsol» (1910)
![]() DS «Midnatsol» i Brønnøysund ca. 1943. Foto: Franz Affolderbach (Dag Skogheims privatarkiv / Arkiv i Nordland) | |
Karriere | ![]() |
---|---|
Namn: | DS «Midnatsol» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Verft: | Bergen Mekaniske Verksted i Bergen |
Byggekostnad: | 504 032 kr[1] |
Verftsnummer: | 158 |
Jomfrutur: | Juni 1910 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | MGBT/LELR |
Lagnad: | Opphogd 1954 |
Generelle mål | |
Tonnasje: | 978 brt, 505 nrt |
Daudvekt: | 510 tdw. |
Lengd: | 61,8 m |
Breidd: | 9,5 m |
Djupgang: | 6,0 m |
Installert effekt : | 1 508 ihk, 233 nhk |
Framdrift: | Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin |
Fart: | 13 knop |
Passasjerar: | 132 køyeplassar passasjerar |
DS «Midnatsol» (kallesignal MGBT / LELR) var eit hurtigruteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i juni 1910. Skipet var byggnummer 158 ved Bergens Mekaniske Værksted, og kontraktsummen var 504 032 kroner. I juni 1910 vart DS «Midnatsol» sett i hurtigrutetrafikk. Ho gjekk i fast rotasjon fram til 1950, berre avbroten av verkstadopphald. Skipet vart hogd opp i Belgia i 1954.
Historie
endreI 1907 vart den fjerde vekentlege hurtigruteseglinga oppretta, og Det Bergenske Dampskibsselskab og Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) fekk kontrakten. Bergen fekk o to avgangar i veka til Vadsø, og nye skip var naudsynt. I 1908 kontraherte Det Bergenske Dampskibsselskab eit nytt hurtigruteskip for å erstatte det aldrande DS «Capella», og kontrakten gjekk til Bergens mekaniske værksted (BMV) i Solheimsviken.
Det var det første skipet til BDS der ein modell av skipet vart testa i ein tank før skipet vart bygt.[1]
I hurtigruten
endreDS «Midnatsol» vart sett inn i fast rotasjon i hurtigruten i juni 1910, og avløyste DS «Capella» frå 1885. DS «Capella» hadde gått som erstatningsskip etter at DS «Astræa» forliste i januar same år. 19. januar 1915 grunnstøtte ho ved Kiberg mellom Vadsø og Vardø. Ved lågvatn stod skipet tørt til midtskips, og forsøk på å trekkje ho av skjæret med to kanonbåtar var mislukka. Ho vart seinare trekt av grunnen av to bergingsbåtar, og fekk store skadar i botnen av skroget i prosessen. I 1930 vart innreiinga bygt om og modernisert. I 1936 vart det innført daglege avgangar i hurtigruten, og DS «Midnatsol» var eit av dei 14 skipa som gjekk i fast rotasjon.
Under åtaket på Noreg i 1940 var DS «Midnatsol» undervegs til Trondheim. Do ho kom til hamna vart ho midt i den tyske invasjonsflåten. Skipet vart liggjande lenge i Trondheim hamn, for alle hurtigruteavgangar vart innstilt i kjølvatnet av invasjonen og krigshandlingane. Først i juli 1940 starta seglingane igjen, men med redusert frekvens. Den 30. august 1941 på sørgåande i Lopphavet mellom Øksfjord og Skjervøy, passerte ho ein tysk konvoi. Konvoien kom under åtak, og to skip vart torpedert og sokk. DS «Midnatsol» tok ombord omkring 200 av dei overlevande. Den farlege situasjonen i Finnmark førte til at hurtigruten snudde i Tromsø, medan strekninga Tromsø – Kirkenes vart trafikkert av mindre skip og kuttarar – den såkalla «Erstatningsruten».
DS «Midnatsol» kom velberga gjennom krigsåra, og heldt fram i den reduserte hurtigruten i dei første etterkrigsåra. I det siste vinterhalvåret av krigen, vart skipet segla til inst i Osterfjorden. Skipet gjekk attende til normal verksemd i juni 1945.
I 1946 vart fire nye større hurtigruteskip kontraherte i Italia, og det var avgjort at det eine, nye skipet skulle få namnet «Midnatsol». I juni 1949 vart DS «Midnatsol» omdøypt til DS «Sylvia» og teken ut av trafikk. Seinare same året vart DS «Sylvia» igjen sett inn i hurtigruten, men i oktober 1950 kom ho til Bergen for siste gang som hurtigrute. 30. oktober vart ho selt til opphoggingsfirmaet S.A. Elbos i Antwerpen i Belgia, men vart ikkje hogd opp før i 1954.
Skipet
endreDS «Midnatsol» hadde ein tonnasje på 978 bruttoregistertonn, 505 nettoregistertonn, og lasteevna var på 510 dødvekttonn. Skipet hadde lasterom framom og akterfor kjelerommet, og lasting og lossing føregjekk med skipskranar framme og midtskips. Hovudmaskinen var ein kolfyrt trippel ekspansjon dampmaskin bygd ved Bergens mekaniske verksted. Oppgjeve yting var 1 508 ihk (indikerte hestekrefter) og 233 nhk (nominelle hestekrefter), og på prøveturen oppnådde skipet 13,44 knop. Ved levering hadde ho 132 køyeplassar fordelt på 53 på 1. plass (1. klasse), 34 på 2. plass, og 45 på 3. plass. Plasseringa av passasjerklassene var tradisjonell, med 1. plass akter, 2. plass midtskips, og 3. plass framme. 1. plass spisesalong hadde store vindauge, og låg midtskips på stormdekket. På dekket over (promenadedekk) låg 1. plass røykesalong, og over denne låg den opne kommandobrua med bestikklugar og kapteinlugar like bak.
Lasterommet var på 530 m³. I 1940 var kjølerommet på 510 m³.
I 1929 vart det sett i stramlinjeror. I 1933 vart det sett inn kjøleanlegg og brua vart flytta. Skipet fekk peileapparat i 1938 og i 1939 vart det sett inn ekkolodd.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «DS «Midnatsol» (1910)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. desember 2019.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Dag Bakka jr. – Hurtigruten, sjøveien mot nord (side 62). Seagull Publishing 2003 – ISBN 82-91258-17-1
- Mike Bent – Coastal Express: The Ferry to the Top of the World (engelsk). Conway Maritime Press Limited, 1987. ISBN 0-85177-446-6
- ↑ 1,0 1,1 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 28. desember 2019.