DS Capella i Hammerfest.jpg
DS «Capella» i Hammerfest omkring 1890.
Foto: Axel Theodor Lindahl
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Capella»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Martens, Olsen & Co. i Bergen
Byggekostnad: 338 146 kr.[1]
Verftsnummer: 16
Jomfrutur: 1885
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JVTN / LDBQ
Lagnad: Opphogd i 1951
Generelle mål
Tonnasje: 877 brt, 541 nrt
Daudvekt: 790 tdw.
Lengd: 58,5 m
Breidd: 8,8 m
Djupgang: 6,2 m
Installert effekt : 190 nHk, 800 iHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (M.O. & Co)
Fart: 11,5 knop
Mannskap: 29 (1907)
Generelle mål etter ny motor 1924
Installert effekt : 60 nHk
Framdrift: 3exp. (Lobnitz & Co, Ltd, Renfrew bygt 1919)
Fart: 8,5 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Hillevåg»
Eigar: Anders og Gabriel Andersen
Sett i teneste att: Juli 1943
Heimehamn: Stavanger
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Thv. Schjølberg Knudsen
Kjøpt: 1951
Heimehamn: Kristiansand
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Eigar: Skibs-A/S Sogndal (Johan Gerrard)
Kjøpt: 1951
Heimehamn: Kristiansand

DS «Capella» (kallesignal JVTN / LDBQ) var eit passasjer- og hurtigruteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i august 1885. Skipet var byggnummer 16 ved Martens, Olsen & Co. i Laksevåg i Bergen, og kjøpesummen var 338 146 kroner. Den 5. oktober 1898 vart DS «Capella» som det første skipet sett inn i hurtigrutetrafikk frå Bergen. I 1912 vart ho tatt ut av hurtigruta, og i 1915/1916 vart ho ombygd til lasteskip. I april 1940 (under andre verdskrigen) vart DS «Capella» bomba i senk av tyske fly, men vart berga og reparert. I 1943 vart ho seld til eit Stavanger-reiarlag og omdøypt DS «Hillevåg». Etter å ha hatt fleire eigarar, vart skipet i 1952 selt til Belgia for opphogging.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Capella er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Kusken.

HistorieEndra

 
DS «Capella» i Hammerfest omkring 1890
Foto: Axel Theodor Lindahl

DS «Capella» var bygd for turisttrafikk på Hamburg-ruta til BDS og kosta 338 146 kroner. Etter overleveringen gjekk ho i turisttrafikk langs norskekysten med utgangspunkt i Hamburg i Tyskland. Ho var eit av dei mest lukseriøse skipa langs kysten då ho var ny og nøgde turistar sende mange takke-telegram til selskapet.[2]I 1896 vart det sett på slingrekjølar.

I hurtigrutaEndra

Den 5. oktober 1898 vart DS «Capella» sett inn i hurtigrutetrafikk på nordgåande frå Bergen. Ho var det første hurtigruteskipet som starta frå Bergen. I august 1900 vart skipet tatt ut av hurtigruta og erstatta av nybygget DS «Astræa». Nye kjelar vart sett inn i 1901.

I perioden 1900 til 1910 gjekk DS «Capella» i kystruta mellom Oslo og Finnmark, samstundes som ho hadde enkelte rundturar som avløysarskip i hurtigruta. Etter forliset og tapet av hurtigruteskipet DS «Astræa» i 1910, vart ho igjen sett inn i ordinær hurtigrutetrafikk, men vart tatt ut då DS «Polarlys» vart levert i 1912.

Etter hurtigrutekarrierenEndra

Etter 1912 gjekk ho i kystrute, men vart vinteren 1915/1916 ombygd til eit reint lasteskip.

10. april kom «Capella» til Kristiansund og var på veg sørover i ruta mellom Kirkenes og Oslo. Norske styresmakter gav ordre om å losse skipet for alt gods for å hindre at det kom på tyske hender.[2] Lossinga var fullført 26. april og ho fortsette inn i TingvollfjordenNordmøre. Der vart ho oppdaga av tyske bombefly. 28. april 1940 vart DS «Capella» søkkt i Tingvollfjorden i Møre og Romsdal av tyske bombefly. Alle om bord vart redda.

Vraket låg på grunt vatn, og vart heva av Johns. Taranger Bjergingskompani og selt til brørne Anders og Gabriel Andersen frå Hillevåg ved Stavanger. I krigsåra var det mangel på lasteskip. Vraket vart derfor reparert, omdøypt til DS «Hillevåg», og sett inn i godstrafikk igjen i juli 1943. Ho vart fleire gonger utleigd til Det Stavangerske Dampskibsselskab (DSD) og sett inn på kystruta mellom Oslo og Bergen. I mars 1951 vart skipet selt til Schølberg-Knudsen i Kristiansand, og videreselt til Johan Gerrard i juli 1951, òg frå Kristiansand. I januar 1952 vart ho seld til belgiske opphoggarar. Det ankom Hoboken under slep 21. januar 1951.

SkipetEndra

DS «Capella» hadde ved levering ein tonnasje på 873,34 bruttoregistertonn, 541,45 Nettoregistertonn, og ei lasteevne på 790 dødvekttonn. Det totale volumet til lasteromma som passasjerskip var 737 , og som lasteskip 1 295 m³. Lasting og lossing føregjekk med skipskran forut og midtskips. Hovudmaskina var ein kolfyrt tosylindra compound-dampmaskin med arbeidstrykk 175 psi, bygd ved Martens Olsen & Co. Oppgitt yting var 800 ihk (indikerte hestekrefter) og 191 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 11,5 knop. I 1924 vart ein ny Lobnitz trippel ekspansjonsdampmaskin med oppgitt yting 397 ihk og 69 nhk installert, noko som gav ein marsjfart på 9,5 knop. I 1907 var skipet sertifisert for 140 passasjerar i kystfart og 84 i europeisk fart. Etter oppgraderinga i 1908 hadde DS «Capella» 28 køyeplassar på 1. plass (1. klasse), 30 køyar på 2. plass, og 40 køyar på 3. plass. 1. plass var plassert akter, 2. plass midtskips og 3. plass framme.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «D/S Sirius». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Norwegian Homefleet - WW II - Ships starting with C». Henta 5. mai 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: DS «Capella»