DS «Treue»

tysk, seinare norsk dampskip
(Omdirigert frå DS «Sulitjelma» (1925))
Karriere  Tyskland
Namn: DS «Treue»
Eigar: August E. Peters
Verft: J.Th. Wilmink & Co. i Groningen i Nederland
Verftsnummer: 110
Jomfrutur: juni 1925
Heimehamn: Hamburg
Kjennemerke: LEZM - LHPT
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 549 brt, 294 nrt
Daudvekt: 825 tdw.
Lengd: 159,3 fot (48,6 m)
Breidd: 27,2 fot (8,3 m)
Djupgang: 11,4 fot (3,5 m)
Installert effekt : NHK 80, IHK 450
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (N.V. Machinefabrik Fulton, Hoogezand)
Fart: 8 knop
Karriere  Noreg
Namn: DS «Sulitjelma»
Eigar: Det Nordlandske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juli 1929
Heimehamn: Bodø
Karriere  Noreg
Namn: DS «Sulitjelma»»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juli 1935 for 110 000 kroner.[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «Sigurd Hund»
Eigar: A/S Nordlandslinjen
Kjøpt: Oktober 1935
Heimehamn: Harstad
Lagnad: Forlis 1940

DS «Treue» (kallesignal LEZM - LHPT) var eit dampskip bygt i 1925 som lasteskip for August E. Peters i Hamburg.

I 1929 vart skipet kjøpt av Det Nordlandske Dampskibsselskab og omdøypt DS «Sulitjelma». Etter ein kort tur innom Det Bergenske Dampskibsselskab frå juli til oktober 1935, vart det selt til A/S Nordlandslinjen og gjeve namnet DS «Sigurd Hund». Skipet grunnstøytte og sokk i 1940.

Historie endre

Skipet vart bygt ved J.Th. Wilmink & Co. i Groningen i Nederland og vart levert i juni 1925.[2] Skipet hadde gode kjølerom og var bygt for frakte fisk. Mellom anna gjekk det i fart mellom Hamburg og Vest-Noreg.

Under ein storm i januar 1928 sprang «Treue» lekk og hadde mista fleire naglar. Skipet klarte ikkje å pumpe ut all vatnet som kom inn og fekk slagside. Det gjekk då til Haugesund som naudhamn og vart så teke inn i dokk i Haugesund for å få reparert skaden.[3][4]

I juni 1929 vart skipet kjøpt av Det Nordlandske Dampskibsselskab og omdøypt DS «Sulitjelma». Skipet vart sett inn i kystfart mellom Tromsø og Hamburg, med anløp mellom anna i Bergen.[5] Seinare vart ruta Bodø-Hamburg.

I august 1932 var det ei sak i sjøretten i Bergen om den siste reisa til «Sulitjelma» frå Tromsø til Bergen med klippfisk. Fiske var blitt våt under reisa, trass i at lossinga hadde gått føre seg i tørt vêr og lasta var forsvarleg oppbevart. Ein kom ikkje fram til kva årsaka til at fisken vart våt.[6]

I februar 1934 fekk «Sulitjelma» ein skade på dampkjelen og måtte reparerast i Bergen. Skaden vart taksert til 2 900 kroner.[7]

I august 1935 møttest representantar for ei rekkje reiarlag på Heim Hotell i Mo i Rana. Nordlandske, Helgelandske, Nordlandslinjen, Ofotens, Vesteraalens, Nordenfjeldske og Bergenske kom då fram til ei semje om felles fraktsatsar og transportvilkår. Bakgrunnen for dette var at Det Nordlandske Dampskibsselskab i 1927 hadde sett inn «Skjærstad» i ruta mellom Saltdal, Bodø og Trondheim, og til og med utfordra Bergenske og Nordenfjeldske med å setje «Sulitjelma» i rute mellom Nord-Noreg og Hamburg. Bergenske og Nordenfjeldske svara då med å setje inn gamle DS «Haakon Adelsten» i ruta mellom Trondheim og Bodø for halve prisen til Nordlandske. Dei gjekk då til søksmål med krav om økonomisk erstatning, men tapte i både Trondheim byrett og høgsterett. Dei vart så samde om at Nordlanske skulle leggje ned ruta til Hamburg, medan Bergenske og Nordenfjeldske skulle leggje ned ruta mellom Trondheim og Bodø.[8] Som eit ledd i denne avtalen kjøpte Bergenske og Nordenfjeldske «Sulitjelma» frå Nordlandske for 110 000 kroner.[1] Offiserane ombord skule få halde på jobbane sine som ein del av avtalen, men etter å ha overhalt skipet i Bergen, sende Bergenske det i opplag og mannskapet vart derfor avmønstra i høve sjømannslova.[9]

I oktober 1935 selte Bergenske «Sulitjelma» til A/S Nordlandslinjen i Harstad, som gav det namnet «Sigurd Hund». Skipet vart sett i rute mellom Oslo og Nord-Noreg.

5. februar 1937 gjekk «Sigurd Hund» på grunn i Risøysundet. Skipet fekk stor lekkasje og det måtte raskt settast på land for å at det ikkje skulle søkkje. Bergingsdamparen DS «Parat» kom til frå Rørvik og assisterte havaristen.[10] Skipet vart drege av grunnen og frakta til Trondheim for befaring og utbetring av skaden.[11] 6. september 1937 fekk «Sigurd Hund» ein wire i propellen då skipet skulle halast ut frå Sandviken i Bergen. Det vart slept til Evje-Andersen-slippen ved Skoltegrunnskaien for å få ordna skaden.[12]

Etter Noreg vart angripen i april 1940 vart skipet sett inn i rute Oslo-Bergen-Trondheim. 19. juli 1940 grunnstøytteskipet ved Rauna i Ognabukta på reise til frå Herøya til Bergen med kunstgjødsel. Skipet sokk under bergingsforsøket.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 549 brt, 294 nrt og lasteevna var 825 dødvekttonn. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av N.V. Machinefabrik Fulton i Hoogezand. Oppgjeven yting var 450 iHk (indikerte hestekrefter) og 80 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 8 knop.[13]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Bergenske og Nordenfjeldske kjøper «Sulitjelma»». Bergen: Bergens Tidende. 12. juli 1935. s. 1. Henta 4. august 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 25. Henta 4. august 2020. 
  3. «Tysk issildefartøi sprang lekk i Nordsjøen». Haugesund: Haugesunds Avis. 30. januar 1928. s. 4. Henta 4. august 2020. 
  4. ««Treue»s sjøskade». Haugesund: Haugesunds Avis. 31. januar 1928. s. 4. Henta 4. august 2020. 
  5. «Det Nordlandske Dampskibsselskap kjøpet et nyt skib». Bodø: Nordlandsposten. 27. juni 1929. s. 2. Henta 4. august 2020. 
  6. «Femten hundre bunter klippfisk skadet av vann». Bergen: Bergens Tidende. 17. august 1932. s. 3. Henta 4. august 2020. 
  7. ««Sulitjelma»s havari». Bergen: Bergens Tidende. 19. februar 1934. s. 2. Henta 4. august 2020. 
  8. «Ruteselskapene avblåser fraktkrigen». Bergen: Bergens Tidende. 1. juli 1935. s. 8. Henta 4. august 2020. 
  9. «En liten efterdønning efter fraktkrigsaken». Bergen: Bergens Tidende. 27. september 1935. s. 11. Henta 4. august 2020. 
  10. ««Sigurd Hund» grunnstøtt i Risøysundet». Bergen: Bergens Tidende. 6. februar 1937. s. 2. Henta 4. august 2020. 
  11. ««Sigurd Hund» skal til Trondheim». Bergen: Bergens Tidende. 8. februar 1937. s. 5. Henta 4. august 2020. 
  12. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 7. september 1937. s. 9. Henta 4. august 2020. 
  13. «D/S Sulitjelma». Sjøhistorie.no. Henta 4. august 2020.