Opna hovudmenyen

Deborah Ann «Debbie» Harry (fødd 1. juli 1945) er ein USA-amerikansk songar og skodespelar, mest kjend som vokalist i New Wave-gruppa Blondie. Fleire av songane ho spelte inn med denne gruppa nådde førsteplassen på hitlisten i USA og Storbritannia mellom 1979 og 1981. Ho har også hatt suksess som soloartist. Karrieren hennar som skodespelar femner over tretti filmroller.

Debbie Harry
Blondie1977.jpg
Fødd1. juli 1945
FødestadMiami
FødenamnAngela Tremble
OpphavUSA
Aktiv1968–
Sjangerrock, new wave
Instrumentvokal
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapChrysalis, Private Stock Records
Verka somsongar, singer-songwriter, komponist, musikar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, filmmusikkomponist, filmprodusent, stemmeskodespelar, dubbar, modell

Blondie-songen «Rapture» frå 1980, der Harry rappar, er rekna som den første rappsongen som nådde listetopplassering i USA.[1]

BakgrunnEndra

 
Harry med Blondie i oktober 1977

Debbie Harry blei fødd som Angela Trimble i Miami i Florida i 1945. Tre månader gammal blei ho adoptert av Richard Smith Harry og Catherine (f. Peters),[2] som var innehavarar av ein gåvebutikk i Hawthorne i New Jersey, og gjeven namnet Deborah Ann Harry.[3] Harry fekk vita at ho var adoptert då ho var fire. Seinare, sist i 1980-år, fann ho fødselsmora si, ein konsertpianist[4] som valde å ikkje ha kontak med henne.[5]

Harry gjekk ut frå Hawthorne High School i New Jersey i 1963.[6] Ho fekk ein Associate of Arts-grad frå Centenary College i Hackettstown i New Jersey i 1965.[7] Seinare i 1960-åra flytta ho til New York by, der ho var sekretær for BBC Radio i eit år.[8] Seinare var ho serveringsdame ved Max's Kansas City,[9] go-go-dansar ved eit diskotek i Union City i New Jersey[10] og Playboy Bunny.[11]

VirkeEndra

Mot slutten av 1960-åra byrja Harry den musikalske karrieren sin som bakgrunnsvokalist for folkrock-gruppa The Wind in the Willows.[12] Gruppa gav ut eit album med same namn i 1968 på Capitol Records.[13]

I 1974 blei Harry med i gruppa Stilettoes, saman med Elda Gentile og Amanda Jones. Kort tid etter blei gitaristen Chris Stein med i gruppa, og han og Harry blei kjærastar.[14][15][16]

BlondieEndra

Etter at paret forlét Stilettoes skipa Harry og Stein gruppa Angel and the Snake saman med Tish Bellomo og Snooky Bellomo. Etter kort tid endra gruppa namn til Blondie, etter tilropa Harry ofte fekk på gata etter at ho bleika håret sitt blondt.[17] Gruppa fekk nytt personell: Clem Burke på trommer, Gary Valentine på bass og etterkvart Jimmy Destri på tangentar. Ho blei snart eit fast innslag ved Max's Kansas City og CBGB i New York.[9]

Debutalbumet til gruppa, Blondie, kom ut i desember 1976 og igjen i oktober 1977 på eit anna platesleskap. Platemeldinga i Rolling Stone merka seg den ekspressive røysta til Debbie Harry.[18]

I juni 1979 blei gruppa avbilda på framsida til Rolling Stone. Med den særmerkte fotogene utsjånaden sin og det blonde håret blei Harry raskt eit punk-ikon.[19][20] Mange folk fekk inntrykket av at «Blondie» var namnet på songaren, og gruppa svarte med ein jakkemerke-kampanje som sa «Blondie is a group» i 1979.[21]

Det andre albumet til Blondie, Plastic Letters, fekk ein del suksess utanfor USA, men det trejde albumet deira, Parallel Lines (1978), blei ein verdsomspennande suksess. Det inneheldt mellom anna singelen «Heart of Glass», som nådde førsteplassen i USA og Storbritannia. Det neste albumet deira, Eat to the Beat (1979), fortsette suksessen og selde til platina. Autoamerican kom ut i 1980, og gruppa hadde hittar med «Call Me», «Atomic», «The Tide Is High» og «Rapture».

På denne tida blei Harry og Stein venner med graffitikunstnaren Fab Five Freddy, som introdusedrte dei for det nye hip-hop-miljøet i Bronx. Freddy er nemnd i «Rapture» og opptrer i musikkvideoen til songen. Gjennom han bli dei også kjende med artisten Grandmaster Flash.[22]

Harry blei udøydeleggjort av Andy Warhol i 1980, som skapte ei rekkje kunstverk etter ein enkelt fotosesjon ved The Factory. Vennskapen og samarbeidet med Warhol fortsette då Harry var den første gjesten på MTV-showet hans, Andy Warhol’s Fifteen Minutes.[23]

Etter ein pause på eit år kom Blondie saman att og gav ut sitt sjette studioalbum, The Hunter (1982). Albumet hadde ikkje så stor suksess som dei tidlegare, og ein verdsturné blei korta ned på grunn av relativt låge billettsal. Rundt denne tida blei Stein svært sjuk av den sjeldne autoimmune sjukdommen pemphigus. Alt dette førte til at gruppa blei oppløyst.

SolokarriereEndra

 
Debbie Harry i 2006

Debbie Harry hadde gjeve ut sitt første soloalbum i 1981. KooKoo var produsert av Nile Rodgers og Bernard Edwards frå Chic. Albumet nådde 25. plass på albumlista og 6. plassen i Storbritannia.[24]

Etter oppløysinga av Blondie i 1982 gav Harry ut mindre solostoff ettersom ho også tok seg av den sjuke partneren sin Chris Stein. Ho gav ut singelen «Rush Rush» i 1983 (produsert av Giorgio Moroder og henta frå filmen Scarface), men han hadde ikkje kommersiell suksess. Ein ny singel, «Feel The Spin» (frå filmen Krush Groove), kom ut i 1985, men var heller ikkje ein kommersiell suksess.

I 1986 gav Harry ut sitt andre soloalbum, Rockbird, som nådde 97. plass på albumlista i USA og 31. plass i Storbritannia,[24] der ho selde til gull. Singelen «French Kissin' in the USA» gav Harry den einaste solohitten på topp ti i Storbritannia, og blei ein liten hitt i USA (57. plass). Ho spelte inn songen «Liar, Liar» til filmmusikkalbumet Married to the Mob frå 1988. Songen var Mike Chapman i det første samarbeidet deira sidan Blondie-albumet The Hunter frå 1982.

Harry gav ut albumet Def, Dumb and Blonde i 1989, og gjekk på denne tida over frå «Debbie» til «Deborah» som artistnamn. Den første singelen «I Want That Man» var ein hitt i Europa og Australia og på US Modern Rock Charts. Suksessen til singelen førte albumet til 12. plassen på den britiske albumlista,[24] og albumet selde til sølv i Storbritannia. I USA, der det var lite blest om albumet, nådde det berre 123. plass på salslista.

Frå 1989 til 1991 turnerte Harry over heile verda saman med Chris Stein, Karl Hyde frå Underworld og den framtidige Blondie-bassisten Leigh Foxx. I juli 1991 spelte ho på Wembley stadion som support for INXS. I 1991 gav Chrysalis ut eit nytt samlealbum i Europa kalla The Complete Picture: The Very Best of Deborah Harry and Blondie, med hittar frå både Blondie- og soloartisttida hennar. Albumet nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia,[24] og selde til gull.

Blondie og HarryEndra

 
Harry med Blondie i 2017

I 1997 kom Blondie saman igjen for første gong på 15 år. Dei fire opphavlege medlemmene (Harry, Stein, Clem Burke og Jimmy Destri) byrja laga det som skulle bli det sjuande studioalbumet deira, No Exit (1999). Hovudsingelen frå albumet, «Maria», debuterte på førsteplassen i Storbritannia, og nådde også førsteplass i 14 ulike land. No Exit debuterte på tredjeplassen på albumlista i Storbritannia og 17. plass i USA.

Gruppa turnerte nesten kvart år i løpet av dei neste åra, og spelte inn albuma The Curse of Blondie (2003), Panic of Girls (2011), Ghosts of Download (2014) og Pollinator (2017), som debuterte på fjerdeplassen på den britiske albumlista.

Etter gjenforeininga til Blondie gjekk det fleire år før Harry gav ut meir solomateriale, men i 2006 byrja ho arbeida med det femte soloalbumet sitt, Necessary Evil, som kom ut i 2007. Ho heldt arbeidet sitt med Blondie og soloarbeidet sitt fråskild, der ho som soloartist opptredde utan nokon Blondie-medlemmer.[25]

KjelderEndra

  1. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of Number One Hits. Billboard Books. s. 549. ISBN 9780823076772. 
  2. Kane, Pat (16. juli 2007). «Feeling right at home». The Scotsman. Henta 9. januar 2019. 
  3. Deborah Harry Biography (1945-) Film Reference
  4. Durrant, Sabine (29. oktober 2002). «There's something about Harry». The Guardian. Henta January 9, 2019. 
  5. Sullivan, Caroline (23. mai 2011). «Debbie Harry: 'I'm sort of a cult figure'». The Guardian. Henta 15. august 2017. 
  6. Rohan, Virginia (18. juni 2007). «North Jersey-bred and talented too». The Record (Bergen County). Henta 25. juni 2007. Debbie Harry: Class of 1963, Hawthorne High School [daud lenkje]
  7. «Centenary College Honors Deborah Harry as a Distinguished Alumna». Arkivert frå originalen 4. mars 2012. Henta 20. oktober 2012. 
  8. Evans, Tim (July 22, 2007). «Harry's game». The Guardian (London). Henta 27. oktober 2011. 
  9. 9,0 9,1 «History of Punk The Ramones, Sex Pistols, Blondie & New York Dolls / Max's Kansas City». former Max's waitress Debbie Harry. 
  10. «Currently Crushing On: Debbie Harry | Fry Up Friday». Fry Up Friday. Arkivert frå originalen 26. juni 2013. Henta 19. mai 2013. 
  11. Simon, Scott (5. juni 2010). «How Times Have Changed, Ex-Playboy Bunnies Say». NPR. Actress Lauren Hutton was a Bunny, as was singer Deborah Harry... 
  12. Discogs - The Wind in the Willows - (discography)
  13. The Rolling Stone Encyclopedia Of Rock & Roll c1983, s. 48.
  14. Stevie Chick, Psychic Confusion: The Sonic Youth Story (Omnibus Press, 2007). ISBN 978-0-85712-054-0
  15. «Debbie Harry and Chris Stein». Red Bull Music Academy. 9. desember 2011. Henta 4. desember 2013. 
  16. «Blondie Biography». Rockhall.com. Henta 4. desember 2013. 
  17. Beckett, Warren (23. mai 2011). «Blondie: Panic of Girls». BitchBuzz. Arkivert frå originalen 13. mars 2012. Henta 3. juni 2011. 'Blondie' from what men would shout at her in the street 
  18. Tucker, Ken (7. april 1977). «Blondie album review». Rolling Stone. Henta 25. juli 2006. utter aplomb and involvement throughout: even when she's portraying a character consummately obnoxious and spaced-out, there is a wink of awareness that is comforting and amusing yet never condescending. [...] possessor of a bombshell zombie's voice that can sound dreamily seductive and woodenly Mansonite within the same song 
  19. «On the Road Again: Blondie». USA Today. 2. september 2011. Henta 4. september 2011. 
  20. «30 Hottest Photographs of Debbie Harry on Stage From the Mid-1970s» (på engelsk). Henta 9. februar 2019. 
  21. «More Males Per Oxide». Record Mirror (mirrored at Blondie fansite). 28. april 1979. Henta 26. september 2006. 
  22. Piskor, Ed (2013). Hip Hop Family Tree. Fantagraphics. ISBN 1606996908. 
  23. Gotthardt, Alexxa (21. november 2017). «On His MTV Show, Andy Warhol Broke All the Rules». Artsy (på engelsk). Henta 13. april 2018. 
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 245. ISBN 1-904994-10-5. 
  25. «Three questions with Debbie Harry...». Las Vegas Weekly (mirrored at official Deborah Harry web site). 7. juni 2007. Arkivert frå originalen August 5, 2012. Henta 4. juli 2007. I've put together a new trio with no Blondie members in it. I really want to make a clear definition between Debbie's solo projects and Blondie, and I hope that the audience can appreciate that and also appreciate this other material.