Det kanadiske flagget

Det kanadiske flagget, i Canada òg kjend som Maple Leaf og l'Unifolié, er eit nasjonalflagg som består av eit kvitt senterfelt med eit stilisert 11-hakka lønnebladraud botn. Det har vore i bruk sidan 15. februar 1965.[1]

Flaggratio: 1:2 (frå 1965).

Lønneblad har lenge vore brukt som symbolkanadisk natur, i det minste sidan 1700-talet. Raudt og kvitt blei stadfesta av kong George V som kanadiske nasjonalfargar i 1921, samstundes som våpenskjoldet i landet vart sett fast.

Tidlegare flagg endre

 
Red Ensign som var i bruk fram til 1965.

Frå rundt 1868 og framover brukte Canada ein variasjon av red ensign som de facto nasjonalflagg. Tilhøyret til Storbritannia var her symbolisert ved Det britiske flagget, Union Jack, i kantonen, medan det kanadiske vart uttrykt gjennom det samansette våpenskjoldet i den frie enden til flagget. Våpenskjoldet inneheldt merkene for provinsane Ontario, Quebec, Nova Scotia og New Brunswick. Flagget var først og fremst til bruk på sjøen, som handelsflagg, og bryuken av det på land var i den første tida ikkje offisielt godteke. Det britiske admiralitetet godkjende den kanadiske red ensign-en for bruk til sjøs i 1892. Våpenskjoldet i flagget endra seg i takt med at nye provinsar slutta seg til den kanadiske konføderasjonen eller når våpenmerka deira endra seg. I 1924 vart flagget endra slik at våpenmerket med samlinga av provinsmerke vart bytta ut med våpenet for sjølve Canada. Samstundes vart flagget godkjent for bruk på bygningane til den kanadiske regjeringa utanlands. Offisiell godkjenning av flagget som nasjonalflagg på land kom først 5. september 1945. Flagget vart nytta som nasjonalflagg fram til 1965. I tida då den kanadiske red ensign-en vart brukt, endra våpenskjoldet seg fleire gonger. Lønnebladet endra til dømes farge frå grønt til raudt i 1957.

Kongelege flagg endre

 
Dronning Elisabeth II sitt flagg for Canada.
 
Flagget til generalguvernøren av Canada.

Det personlege kanadiske flagget til dronninga vart innført i 1961 og består av fem felt, dei same som finst i det kanadiske riksvåpenet. Dei tre første felta er identiske med det britiske kongelege flagget, og har våpenmerke i felt for England (leopardar), Skottland (løve og liljebord) og Irland (harpa), medan det fjerde feltet er bytt ut med det tidlegare franske kongevåpenet med tre fleur-de-lis (liljer), guleblå botn. Dei fire felta står for dei europeiske folka som vert rekna som grunnleggjarar av Canada: engelskmenn, skottar, irar og franskmenn. Den nedste tredjedelen av flagget har tre lønneblad, symbol for Canada, raude på kvitt felt. I midten står det ein blå blomsterkransa skive med monogramet til dronning Elizabeth II av Storbritannia.

Representanten til krona i Canada, generalguvernøren, har eit eige flagg som er blått med ei gul løve ståande på ein vulst i dei raude og kvite fargane til Canada. Løva held eit raudt lønneblad. Den gule løva viser sambandet til Storbritannia og finst òg i mange andre flagg for generalguvernørar i tidlegare britiske koloniar som enno deler statsoverhovud med Storbritannia.

Kjelder endre

  1. Birth of the Canadian flag Government of Canada (6. januar 2015)

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur
  • Whitney Smith: Flags through the ages and across the world, McGraw-Hill Book Co,Maidenhead 1975, side 220
  • Rick Archbold: I Stand for Canada: The Story of the Maple Leaf Flag, 2002