Opna hovudmenyen
Drift Away
Singel av Dobie Gray
frå albumet Drift Away
B-side «City Stars»
Utgjeve Februar 1973
Sjanger Rock, soul, softrock
Selskap Decca
Låtskrivar(ar) Mentor Williams
Produsent Mentor Williams
Dobie Gray-kronologi
«Rose Garden»
(1972)
Drift Away «Loving Arms»
(1973)


«Drift Away» er ein song skriven av Mentor Williams og opphavleg spelt inn av John Henry Kurtz i 1972 på albumet hans Reunion. I 1973 vart songen den største hitten til Dobie Gray, med ein femteplass på Billboard Hot 100. Det vart den siste pophitten for Decca Records i USA.

Ein nyare versjon av Uncle Kracker, i lag med Gray, vart ein hit i 2003.

Lister (Dobie Gray)Endra

Liste (1973) Plassering
Kanadiske RPM Top Singles 7
U.S. Billboard Hot 100 5
U.S. Billboard Hot Soul Singles 42

Andre versjonarEndra

«Drift Away» har sidan blitt spelt av mange andre band og artistar, som Allan Clarke, Roy Orbison, Ike and Tina Turner, Humble Pie, Mud, Rod Stewart, Steppenwolf, Waylon Jennings, Ray Charles, Neville Brothers, Michael Bolton, Jim Hollis, Christian Kane, The Nylons, Ringo Starr, Bruce Springsteen, Judson Spence og John Kay.[1] Det finst ei innspeling frå 1973 av The Rolling Stones som ikkje er gjeven ut. Med på denne versjonen var alle dei dåverande medlemmane i the Stones, utanom Keith Richards og med klaverspelaren Nicky Hopkins i tillegg.[treng kjelde] The Heptones spelte inn ein reggaeversjon som er med på mange samleplater. Street Corner Symphony song òg ein versjon av songen som sin svanesong i siste episode av sesong 2 av NBC-seiren The Sing-Off.[2] Bon Jovi spelte ofte songen på konsertane sine i 1987. Ein versjon vart spelt inn som ein del av ein konsertserie på radiostasjonen Westwood One. Dolly Parton og Anne Murray framførte songen i lag i 1976 på showet til Parton kalla Dolly!.

Garth Brooks spelte inn songen i 2013 for albumet Blue-Eyed Soul.

Narvel Felts-versjonenEndra

Drift Away
Singel av Narvel Felts
frå albumet Drift Away
B-side «Foggy Misty Morning»
Utgjeve 1973
Sjanger Country
Lengd 3:15
Selskap Cinnamon
Produsent Farah Productions[3]
Narvel Felts-kronologi
«Rockin' Little Angel»
(1973)
Drift Away «All in the Name of Love»
(1973)


Ein countryversjon vart spelt inn av Narvel Felts i 1973. Han spelte songen som ein countryballade, samanlikna med den meir bluesaktige versjonen til Gray. Felt endra teksten «I wanna get lost in your rock and roll» til «I wanna get lost in your country song». Songen nådde åttandeplassen på Billboard' Hot Country Singles-lista i august 1974, kring tre månader etter versjonen til Gray hadde herja listene.[4] Songen markerte første gongen Narvel hadde suksess i countrymarknaden, sidan han frå seint i 1950-åra hadde vore kjend som ein rockabilly-artist.

Lister (Narvel Felts)Endra

Liste (1973) Plassering
Canadian RPM Country Tracks 48
U.S. Billboard Hot Country Singles 8

Uncle Kracker med Dobie GrayEndra

Drift Away
Singel av Uncle Kracker med Dobie Gray
frå albumet No Stranger to Shame
Utgjeve 17. mars 2003
Sjanger Poprock, adult contemporary
Lengd 4:15
Selskap Lava
Produsent Michael Bradford, Uncle Kracker

Ein versjon vart gjeven ut av Uncle Kracker i 2003. Denne versjonen, der Dobie Gray syng det siste verset, nådde niandeplassen på Billboard Hot 100-lista. Han låg 28 veker på toppen av adult contemporary-lista i USA, noko som var ny rekord. Songen nådde òg 25. plassen på singellista i New Zealand.

Musikkvideoen vart regissert av Bronston Jones.

Lister (Uncle Kracker)Endra

Liste (2003–04) Plassering
New Zealand 25
US Billboard Hot 100 9
US Billboard Pop Songs 10
US Billboard Adult Pop Songs 2
US Billboard Adult Contemporary 1

KjelderEndra

  1. «Original versions of Drift Away written by Mentor Williams». SecondHandSongs. Henta 26. juni 2014. 
  2. Sharon, Deke; Dietz, Robert (2005). «Drift Away». Modern A Cappella Volume 1 SATB (div). Hal Leonard Corporation. ISBN 1-423-40048-8. 
  3. «Narvel Felts - Drift Away / Foggy Misty Morning - ABC - UK - ABC 4119». 45cat. 14. mai 1976. Henta 26. juni 2014. 
  4. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 143. ISBN 0-89820-177-2. 

BakgrunnsstoffEndra