Dvergfalk

fugleart
Dvergfalk
Dvergfalk, vaksen hann
Dvergfalk, vaksen hann
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av dvergfalk
Utbreiinga av dvergfalk
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Underfamilie: Falconinae
Slekt: Falco
Art: Dvergfalk F. columbarius
Vitskapleg namn
Falco columbarius

Dvergfalk er ein fugleart i falkefamilien. Han er minste falken i Europa.

Utsjånad endre

Dvergfalken vert inndelt i ei rad underartar. Den underarten som finst i Noreg, er ein kompakt fugl med ganske breie venger og lang stjert. Han kan forvekslast med sporvehauk, men har spissare venger. Ein vaksen hann vert 25-30 cm lang og har eit vengespenn på 50-65 cm. Hoa er litt større. Hannen har ei konstrastrik fjørdrakt medan hoa og ungfuglen har gråbrun overside og lysare, kraftig langstrekt underside, og tverrband på stjerten. Vokshuda ved nebben er gul på dei vaksne og blågrå på ungfuglane.

Læte endre

Fuglane kan vere nokså støyande ved reiret og røpe staden ved ulike lydytringar. Dei flygedyktige ungane møter foreldra med kraftige skrik når dei kjem med bytte.

Utbreiing endre

Arten har ei nordleg utbreiing som er nesten sirkumpolar. Han hekkar frå Island og dei britiske øyane i vest austover gjennom Skandinavia og Baltikum og gjennom Asia til Nord-Amerika. På Grønland og tilstøytande delar av Canada manglar han. Storparten av dvergfalkane i verda er trekkfuglar.

Førekomst i Noreg endre

Den norske hekkebestanden kan vere på kring 2000-6000 par. Dvergfalken er utbreidd over det meste av Noreg, frå kyst til snaufjell. I dei store samanhengande barskogane og i jordbruksbygdene i låglandet på Austlandet og Sørlandet hekkar arten stort sett ikkje. På Vestlandet hekkar arten fåtalig.[2] Beste hekkeområda finn fuglen i fraudige område i bjørkebeltet nær vatn og vassdrag. Snauhogst har gjeve arten betre kår i låglandet. Fuglane vil helst ha opne stader som heiar, myrar, setervollar, strandenger og elvelaup.

Hekking endre

 
Dvergfalkegg

Paret kjem til hekkeplassen i april-mai. I månadsskiftet mai-juni legg hoa 4-5 gulkvite egg med raudbrune prikkar i eit gamalt reir etter kråke eller ringdue, eller på ei berghylle. Denne tida sit hoa gjerne synleg på ein utkikspost. Rugetida varer ein månad, og denne tida er fuglane lite synlege. Hoa står for det meste av ruginga. Etter klekkinga vert det meir aktivitet. Hannen annonserer at han kjem med byttedyr, og trugande fuglar som flyg over vert møtte med åtak frå dvergfalkane. Etter fire veker er ungane på vengene.

Føde endre

Dvergfalken jaktar framfor alt småfugl, men stundom gnagarar og insekt. Han kan ta byttet både i lufta og på marka. Ofte sit falken på ein utkikksplass og speidar etter bytte.

Trekktilhøve endre

Norske dvergfalkar er trekkfuglar som reiser sørover i september-oktober. Overvintringsområdet ligg frå Tyskland i nord til landa kring Middelhavet i sør. Nokre få vert att i det sørlege Noreg. Nokre av dvergfalkane som held seg i Noreg om vinteren kan vere av den islandske underarten.

Kjelder endre

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av dvergfalk Falco columbarius for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.