Philip de László
Philip Alexius de László (30. april 1869–22. november 1937) var ein ungarsk malar som særleg er kjend for portretta sine av kongelege og adelege kundar. Han var ein av dei leiande portrettmålarane i byrjinga av 1900-talet.
Philip de László | |
Pseudonym | László, Fülöp, De László, Philip Alexius, Laszlo De Lombos, Philipp Alexius |
Statsborgarskap | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Ungarn |
Fødd | 30. april 1869 Budapest, Pest i Ungarn |
Død |
22. november 1937 (68 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar |
Sjanger | portrett |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Far | Adolf Laub |
Mor | Johanna Balogh |
Ektefelle | Lucy Guinness |
Born | John de László, Stephen Philip de László, Patrick de László |
Philip de László på Commons |
Karriere
endrePhilip de László var fødd i Budapest som Laup Fülöp Elek, son av ein jødisk skreddar, Adolf Laup. Familien endra etternamnet sitt til László i 1891.
Då han var ung var han tilsett som lærling hos ein fotograf, medan han samtidig studerte kunst. László fekk ein plass på det Nasjonale Kunstakademiet der han studerte under Bertalan Székely og Károly Lotz. Sidan studerte han i München og Paris.
Portrettet hans av pave Leo XIII gav han ein gullmedalje ved Verdsudstillinga i Paris i 1900.
I 1903 flytta László til Wien og i 1907 til London, der han budde resten av livet.
Kundane hans gav han ei rekkje talrike medaljar og ærestilvisingar. I 1909 blei han æresmedlem av Royal Victorian Order, som han fekk av kong Edvard VII av Storbritannia.
I 1912 blei han adla av keisar Frans Josef I av Austerrike-Ungarn, under namnet László de Lombos. Familien forkorta sidan namnet til de László.
I 1914 blei László britisk statsborgar, men under fyrste verdskrigen sat han internert i 12 månader frå 1917 til 1918.
László fekk eit hjarteåtak i 1936 og igjen året etter, då han døydde. Då han døydde hadde han måla over 2700 portrett. I 1939 kom boka Portrait of a Painter. The authorised Life of Philip de László ut. Bogen var skriven i samarbeid med László.
Galleri
endre-
Alfred East, 1907
-
Louise Mountbatten, dronning av Sverige
-
Fyrstinne Marie Louise av Bulgaria.
-
Ivy Cavendish-Bentinck, hertuginne av Portland
-
Armmann de Gramont, hertug de Guiche
-
Olga Konstantinovna av Russland, dronning av Hellas
-
Prins Louis av Battenberg, 1910
-
Countess Dénes Széchényi, 1912
-
The Princess Louise, Duchess of Argyll widowed, 1915
-
The Son of the Artist, #1917
-
Portrait of Corisande, Marquise de Noailles, omlag 1902
-
Portrait of The Rt. Hon. Sir Austen Chamberlain, 1920
-
Elaine, Duchesse de Gramont
-
George Bell, biskop av Chichester
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Philip de László» frå Wikipedia på dansk, den 30. november 2021.